Raumagarn har eit stort fargespekter – så stort at det er vanskeleg å velje når eg skal plukke frå garnhyllene. Eg endar oftast opp med å blande to og to fargar . og på den måten utvidar eg faktisk fargespekteret enda meir:)
Når eg har strikka vottar for toving er det veldig spennande å sjå kva som kjem ut av vaskemaskina samanlikna med det som vart putta inn.
Denne gongen har eg teke før-og etterbilete av trådmeleringa. Av og til blir eg veldig fornøgd, andre tider skuffa. Men det er nok denne spenninga som får meg til å strikke stadig nye par – i stadig ulike fargeblandingar:)
Denne gongen seier eg meg rimeleg fornøgd, samtidig som eg må innrømme at det eine grå paret strikka i einsfarga vamsegarn er ok det også.
Fornøyd har du all grunn til å være. Mange fine vottepar. Og det grå er veldig fint.
SvarSlettHa ei god uke i adventstida.
Kjempefine tovavotter!! Så flott med snøringa!
SvarSlettApropos lue, google Jacques Costeau -lue, der finner du fellinga:) Jeg har endret oppskrifta en del, men fellinga er den samme.
Ha ei flott uke, sannelig travle tider;)
Klem fra meg;)
Disse vottene var veldig fine. dette kommer til å bli godt mottatt av de som blir glade eiere i vinterkulda.....
SvarSlettKjempefine vottar.
SvarSlettLikte godt dei grå eg.
Skal øve meg på å bli fargerikare på nyåret, veit du.
(Måtte bare skrive morsmålet mitt her hos deg, eg er utvandra Telemarking)
Her var det mye god varme :)
SvarSlett