onsdag 26. juni 2013

Ferietid

No er det ferie og fritid, og forsømte områder, som t.d. bloggen kan få litt merksemd igjen. Når tida er knapp skal det ikkje store endringane til før ein misser tolmodet og gir opp. Det siste problemet når det gjeld blogging var ikkje sjølve bloggen, men det å laste bilete frå kamera og inn på pc-en som skapte problem. Før kunne eg opprette ei mappe, sette namn på henne og laste alle bileta på minnekortet inn på dataen på ein gong. No, etter ei eller Anna ufrivillig oppdatering, har eg ingen aning om korleis eg skal få lagt inn bileta, ikkje veit eg korleis eg skal få sortert dei, og ikkje får eg lagt inn meir enn eitt bilete om gongen. No blir dei verande på minnekortet til det er fullt, kva som skal skje med dei etterpå veit eg ikkje.

No har eg skaffa meg nettbrett og kan ta bileta direkte og legge dei inn på bloggen, trur eg, det er i alle fall det eg skal prøve på no. I går kjøpte eg endeleg sommarblomster til utekrukkene mine, og då let eg eg meg freiste til å kjøpe eit oppstamma oliventre også:)

Eg ser berre det første bilete når eg går inn på redigering, får difor ikkje sletta dei bileta som eg har lagt ut tre av, men så er i alle fall oliventreet mitt godt dokumentert:)

2 kommentarer:

  1. Kjekt å sjå deg tilbake her. Mange slags problem ein kan ha. Eg strevde litt da eg fekk ny blogg i vinter, men no går det bedre. Ha ein flott ferie i sydlegare strok, og hels resten av familien frå meg.

    SvarSlett
  2. Fint at du et tilbake. Flott oliventre. :-)

    SvarSlett