tirsdag 18. november 2014

- Og i juli vart det ferietur

Det er ikkje særleg kjekt å vere så på etterskot med blogginga, men ein gong må ferieturen omtalast, så no er eg i gong.

Denne sommaren var vi så heldige at vi hadde besøk frå skuleslutt og til midt ut i juli, det var berre så vidt vi fekk tid til å reise sjølve. Mannen min er glad i båten sin, så i år var det sjølivet som skulle fristast igjen. Som alltid gjekk turen sørover. Sogn og Fjordane har ei utruleg vakker kyststripe, med mykje flott natur, men også fine småsamfunn som ein kan få lyst til å sjå nærare på.




Sidan vi hadde eit mål om å nå Tall Ships i Bergen vart det likevel strake vegen sørover, med ei overnatting i Florø.

Vel framkomne til Bergen brukte vi gjestebrygga på Hjellestad og tok buss til sentrum for å få med oss nokre inntrykk frå avsluttingsseremonien under Tall Ships Races. Der var eit yrande folkeliv og mange flotte skuter, nokre store og nokre små.





For mannen min er det berre ein stad som gjeld: Barndomsparadiset hans, Nautøyo, der syskenbarnet hans har både hytte og brygge, og der vi blir tekne imot med opne armar kvar gong vi kjem på besøk.





Vi var uvanleg heldige med veret, temperaturen i sjøen var over 20 grader, så eit herleg morgonbad vart fast del av programmet og endå vart det ofte ein kveldsdukkert også:)





Sjølv om mannen min er av det bedagelege slaget, så skjer det noko med han når han kjem til Nautøyo, kanskje han har behov for å setje spor etter seg. I alle høve var han ivrig med mange aktivitetar som steinbering, trefelling snekring og fiksing av brygge.



Vi tilbrakte mange trivelege timar i kaihuset, med grilling, prat og kos.

Og endå vart det tid til utfarter av ulik lengde. Vi padla rundt både Nautøyo og naboøya.
Vi var ein tur gjennom både  Røyksund- og Kuleseidkanalen, vi hadde ei overnatting i Haugesund, og vi var ein tur ut til Føyna, eller Feøya utanfor Haugesund.











Ein dag hadde vi ein fantastisk tur på besøk til ferieøya til ei anna av slektningane til mannen min. Ho eig ei heil øy, med våningshus og fleire uthus, mosemyrar, skog og bergnabbar, ein idyll av ein badeplass og sitt private "kloster" for meditasjon og salmesong:)











Denne dama er ein energibunt av dei sjeldne, ingen vil tru at ho er midt i syttiåra! Ho serverte nydeleg mat og fortalde om øya på ein levande måte. Vi hadde ein super dag
med mykje latter og glede, men også rom for sakn sidan mannen ho delte denne perla av ein plass med døydde for ti år sidan.

På heimvegeen tøffa vi gjennom Solund, nord for Sognesjøen, ein spesiell plass, med ei kronglete lei, særeigne berg- og steinformasjonar, og småkoselege buplassar




 Det var august før vi kom heim. Godt ver er nok ein viktig faktor for at turen vart vellukka og at vi begge to syntest vi hadde hatt ein fin ferietur. Sjølv om båten er både liten og gammal er det ikkje umuleg et vi legg ut på langtur med han neste sommar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar