Sankarinstinktet sit i ryggrada på meg, eg blir så glad og fornøgd når eg har fått i hus - og foredla eitt eller anna som kan etast.
No er det rabarbratid, men som den elendige gartnaren eg er klarer eg til og med å ta knekken på den planta, så eg må på bygda for å få fatt i moden rabarbra.

Og sidan mitt kjekke og snille syskjenbarn, Kirsti, kom med eit fullt plastnett med rabarbra her om dagen, var det opp til meg sjølv å gjere dei herleg sure stilkane om til sylte.
Etter at eg hadde flådd alle stilkane med kniv las eg på ei oppskrift at eg skulle bruke potetskrellar, ok, det skal eg huske på til neste gong...
Resultat: Ti fulle glas med god rabarbrasylte som vi kan fordele utover i det komande året, og sankaren i meg er fornøgd.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar