tirsdag 18. november 2014

- Og i juli vart det ferietur

Det er ikkje særleg kjekt å vere så på etterskot med blogginga, men ein gong må ferieturen omtalast, så no er eg i gong.

Denne sommaren var vi så heldige at vi hadde besøk frå skuleslutt og til midt ut i juli, det var berre så vidt vi fekk tid til å reise sjølve. Mannen min er glad i båten sin, så i år var det sjølivet som skulle fristast igjen. Som alltid gjekk turen sørover. Sogn og Fjordane har ei utruleg vakker kyststripe, med mykje flott natur, men også fine småsamfunn som ein kan få lyst til å sjå nærare på.




Sidan vi hadde eit mål om å nå Tall Ships i Bergen vart det likevel strake vegen sørover, med ei overnatting i Florø.

Vel framkomne til Bergen brukte vi gjestebrygga på Hjellestad og tok buss til sentrum for å få med oss nokre inntrykk frå avsluttingsseremonien under Tall Ships Races. Der var eit yrande folkeliv og mange flotte skuter, nokre store og nokre små.





For mannen min er det berre ein stad som gjeld: Barndomsparadiset hans, Nautøyo, der syskenbarnet hans har både hytte og brygge, og der vi blir tekne imot med opne armar kvar gong vi kjem på besøk.





Vi var uvanleg heldige med veret, temperaturen i sjøen var over 20 grader, så eit herleg morgonbad vart fast del av programmet og endå vart det ofte ein kveldsdukkert også:)





Sjølv om mannen min er av det bedagelege slaget, så skjer det noko med han når han kjem til Nautøyo, kanskje han har behov for å setje spor etter seg. I alle høve var han ivrig med mange aktivitetar som steinbering, trefelling snekring og fiksing av brygge.



Vi tilbrakte mange trivelege timar i kaihuset, med grilling, prat og kos.

Og endå vart det tid til utfarter av ulik lengde. Vi padla rundt både Nautøyo og naboøya.
Vi var ein tur gjennom både  Røyksund- og Kuleseidkanalen, vi hadde ei overnatting i Haugesund, og vi var ein tur ut til Føyna, eller Feøya utanfor Haugesund.











Ein dag hadde vi ein fantastisk tur på besøk til ferieøya til ei anna av slektningane til mannen min. Ho eig ei heil øy, med våningshus og fleire uthus, mosemyrar, skog og bergnabbar, ein idyll av ein badeplass og sitt private "kloster" for meditasjon og salmesong:)











Denne dama er ein energibunt av dei sjeldne, ingen vil tru at ho er midt i syttiåra! Ho serverte nydeleg mat og fortalde om øya på ein levande måte. Vi hadde ein super dag
med mykje latter og glede, men også rom for sakn sidan mannen ho delte denne perla av ein plass med døydde for ti år sidan.

På heimvegeen tøffa vi gjennom Solund, nord for Sognesjøen, ein spesiell plass, med ei kronglete lei, særeigne berg- og steinformasjonar, og småkoselege buplassar




 Det var august før vi kom heim. Godt ver er nok ein viktig faktor for at turen vart vellukka og at vi begge to syntest vi hadde hatt ein fin ferietur. Sjølv om båten er både liten og gammal er det ikkje umuleg et vi legg ut på langtur med han neste sommar:)

søndag 2. november 2014

Og så var det juni



Fyrste helga i juni var vi inviterte i bryllaup, tanteguten og fadderbarnet John gifta seg med si kjære Wenche . Vigsla gjekk føre seg i kyrkjetuftene etter den fyrste kyrkja i Herøy, medan festen var lagt til grendahuset i heimbygda hans. 




Så snart skuleferien var eit faktum skulle vi få ha Oslo-borneborna på besøk ei vekes tid. 
Vi reiste med tog til Åndalsnes, då var det godt at dei kunne kose seg i "leikevogna", og når dei vart leie av det, hadde mamma sendt med litt lego som dei kunne bygge


Bestefar møtte oss med bilen sin på Åndalsnes for siste etappen på reisa til Sunnmøre. 
I løpet av veka kosa vi oss saman med syskenborn og andre slektningar som bur i nærleiken, 
vi var på badetur og på båttur.



 Ein tur gjekk til Hatløya, der var det mykje spanande å finne på:



Det var sjølvsagt også stas å leite fram dei velbrukte duploklossane og leike heime på stovegolvet.


Tilbakeblikk

Kvar gong eg bladar i dei tidlegare årgongane av bloggebøkene mine ser eg verdien av å halde bloggen levande. Eg vil ha ei bok for dette året også, og då må eg få med nokre av hendingane også. Til dømes konfirmasjonsdagen til fine Jenny.


Ho vart konfirmert i Filadelfiamenigheita i Oslo i mai under ei fin festgudsteneste der konfirmantane sjølve var svært delaktige. 
Her er eit bilete av søstrene sisters etter gudstenesta:)

Festen hadde vi i kantina på jobben til daddy.


Her er konfirmanten saman med morfar.


Og her saman med "stemor" Marte:)

Vi ville ha eit foto av alle syskenborna samla, men


denne karen var ikkje interessert i oppstilte bilete.

Då vi sette oss i bilen for å køyre heim fekk eg knipsa eitt bilete til av minstemann:)


søndag 26. oktober 2014

Minnestunder


I sommar døydde tanta vår, ei sprek, flott dame som budde heime til det siste, som ordna seg sjølv med det meste, som hadde ein vond fot, som hadde mykje meir smerter enn vi forstod. I slutten av juni var det eit hjarteinfarkt som tok livet hennar. Ho vart 89 år gammal.

Denne hausten har systera hennar stått i spissen for å rydde i eigendelane og tøme huset etter tanta vår. Det er ikkje mykje eg har hjelpt til, men eit par gongar har eg vore bortom, i alle fall. 

Den eine gongen fann eg eit broderi, ein påbegynt juleduk. Mønstret var teikna på eit innpakningspapir frå 1960-talet.

Eg tenkte at den kunne eg få den flinke systera mi til å gjere ferdig, men ho sa nei.
Då var det ikkje anna råd enn at eg måtte prøve sjølv. Tanken er at yngsteguten min skal få duken, det hastar ikkje, han er 25 år og har forsiktig fortalt meg at dukar, nei, det brukar han ikkje.

Eg er ingen "brodør", men eg klarer no å halde i ei nål, og ein er aldri for gammal til å lære. Mine sting er ikkje av same kvalitet som resten av duken, men det får stå si prøve. 

Duken kom inn i min heim ein gong i september, då såg han slik ut:


Eg starta med "lysestakane", spent på om eg hadde nok tråd, og etter nokre veker kunne eg slå fast at det heldt akkurat:


Neste steg var å gjere heilt ferdig ei side, sjølvsagt den som det var brodert mest på frå før, og no ser duken slik ut:


Her er nærbilete:


Det som er så fint med dette arbeidet er at kvar gong eg set meg i sofaen og broderer eit par trådar så har eg ei lita privat minnestund over tante Åshild. Denne duken vil alltid få meg til å minnast henne, derfor håper eg at gutungen min også vil sette pris på han - ein gong - når han blir stor.