lørdag 19. august 2017

Fokus på anna enn strikking

Eg har hatt sterkare fokus på Strikke- enn på -besta på bloggen dette året, men skal bloggeboka for 2017 verte interessant å blade i må eg ta eit lite tilbakeblikk på det som skjer i familien også.
Vi er så heldige å ha dei fleste borneborna i nærleiken av oss så vi kan vere i lag med dei ganske ofte, vi kan stikke innom på besøk hos dei,



og dei kjem hit på laurdagane når vi har bestapizza.

Dei som bur i Oslo, derimot, ser vi sjeldnare, men vi tek oss nokre turar austover i løpet av året, og dei kjem hit når dei har sjansen til det.

I vinterferien, i februar, "lånte" vi med oss eit par sunnmørsvenninner av Marylin og køyrde austover. 

Sienna og Helle hadde forventningar om ulike aktivitetar medan vi var i Oslo, så då farta vi litt rundt både til sentrum og til Kolbotn.



Vi var på "shopping" og vi prøvde skeise-isen i Spikersuppa,


vi handla hattar på bruktbutikk


og dei var i trampolinepark.



I tillegg samla vi slekt og venner til "balljegove",



og jentene fekk god tid til å kose seg i lag.


Vi fekk montert nokre Ikea-møblar og vi fekk vere saman med Michael og Mio.




I mars kom vesle, vakre Kristina til verda og Oskar vart storebror, stor stas for alle saman:) 





Fyrstedelen av påska hadde vi besøk av Oslo-gjengen, då prøvde vi å vere saman som storfamilie så ofte som mulig,
og sistedelen tilbrakte vi i Oslo hos dei for å feire dobbel førtiårsdag.


Oliver vart med oss denne gongen, han er turn-gut og trampolineparken lokka...




I mai var Antony russ, 



han og russekompisane hans klarde å dynke meg skikkeleg då russen kom på besøk til ungdomsskulen, ein kan lure på kva gale eg har gjort dei....


17.mai feira vi på tradisjonelt vis her heime, eg har skaffa meg hovudplagg til bunaden og syntest det var stas å få innvie det. Gubben, derimot, trua med å gå tjue meter bak meg i toget, etter hans meining er kjerring med skaut flaut.




I slutten av mai vart det bergenstur for å hente "ny" vevstol, ein Glimåkra-kopi som eg ikkje har fått prøvt ut enno.


I midten av juni var det fyrst klassetur til Valldal med den kjekke 10.klassa som eg har vore kontaktlærar for i tre år, vi hadde nokre fine dagar med både aktivitet og kos.









Så gjekk turen direkte derfrå til Bergen for å få med presentasjonen av masteroppgåva til minstejenta, Åsta.


Ho hadde ein strålande presentasjon som ho fekk god tilbakemelding på, så no er også ho ferdig utdanna og klar for arbeidslivet.



Midt i juli gifta tanteguten Karsten seg med si Marte og vi fekk vere med og feire dagen deira.


Denne sommaren har vi ikkje vore i austerveg, men vi har heldigvis hatt besøk av Marte og familien.
Samanlikna med i fjor sommar var vi til og med heldige med veret så vi fekk oss både ein tur på Hatløya


og holmetur med grilling, bading og kajakk-padling medan dei var her.






No i august har vi feira dåpen til Kristina, ho vart døypt i Syvde kyrkje og Åsta var gudmor.





Då kom også Iver ein tur heimom, han er ikkje så veldig fornøgd med sunnmørsklimaet, 



han påstår at vi har same veret uansett kva tid han kjem: vind og regn, og det fekk han denne gongen også, sjølv om sola kikka fram innimellom.





onsdag 7. juni 2017

Landingsvegring

Det er bra merkeleg kor vanskeleg det skal vere å gjennomføre den annonserte ufolandinga!
Strikkar gjer eg kvar dag, men det er så mange prosjekt som kjem i vegen for kofta eg har halde på med sidan august at det ser ut som eg aldri skal klare å "lande" den.

Eg måtte no berre få ferdig islendaren Riddari til mannen min før eg kunne leite fram att kofta, det var spanande å sjå kor tung denne gensaren vart, eg brukte uspunnen tråd, pløtulopi, som verka veldig svak medan eg strikka, men som skal ha bra slitestyrke i bruk.



I str. XL veg gensaren 330 g, og eigaren er godt fornøgd med både utsjånad og komfort.



Det er att mykje pløtulopi i strikkesakene mine enno, så for å redusere lageret litt meir la eg opp til ei kofte til meg sjølv. Denne gongen gjekk eg ned i pinnetjukkleik til 4, det var dumt av meg for sjølv om eg fylgde oppskrifta til punkt og prikke, og strikka i str L, så vart kofta akkurat passe stor til eldstejenta som eigentleg brukar str. S/M.



Kofta heitet Rydraud, eg synest mønsteret er vakkert, så eg kjem nok til å strikke ei ny til meg sjølv ein gong.



Det har på underleg vis komt meir islandsk tråd i hus, lettlopi denne gongen, og eg fekk bestilling på ein gensar som skal gjevast i gåve. Eg fekk velje mønster sjølv, og då fall valet på eit design av engelske Kate Davies. Ho har laga ei bok om trøyer med rundfelling; Yokes. Den kan kjøpast på Ravelry. Sidan det er Åsta som skal gi bort gåva synest eg det passa å strikke gensaren Ásta Sóllilja, men eg brukte andre fargar enn i originalen.


Eg fekk bestilling på ei gåve til, eit tøflepar som skulle tovast, og så skulle rosasløyfa, som er symbolet for kampen mot brystkreft, plasserast i solen. Eg valde å strikke tøflene einsfarga og brodere sløyfa med maskesting etterpå.






Fordi det finns så utruleg mange fine mønster på islendarar, og fordi eg er med i ei inspirerande gruppe på fb som heiter "Sticka islandstrøjor", måtte eg berre prøve ut ein gensar til, den heiter Birki, mønsteret låg gratis på nettet, og den vart stor nok til meg:)



Eg har ein annan islendar på pinnane no, så det spørst kva tid ufolandinga skjer.... litt har eg strikka der også, eg er ferdig med bolen og har så vidt begynt på fyrste ermet.... "alle monner drar," heiter det visst.


mandag 1. mai 2017

Kva skjer?

Er ufoen landa? Nei, og dermed vart det også slutt på bloggeinnlegga. Men det har no skjedd litt av kvart på handarbeidsfronten likevel.

Mitt fyrste veveprosjekt er ferdig, det vart 403 cm  før eg delte det opp i mindre lengder.



Sidan eg hadde gjort nokre feil her og der, og sidan eg ikkje fekk tak i rette sorten tråd på siste meteren, vart det fire ganske korte løparar. To er falda og tekne i bruk, dei andre vart lagt til sides inntil vidare fordi eg måtte få tak i broderinål med spiss, å falde med butt nål sleit på fingertuppane!


No har eg kava med renninga på neste prosjekt, eg har nok vore unøyaktig når eg rende lintråden, for eg opplever stadig at renningstrådane slitnar når eg skal begynne å veve. Men eg skal ikkje gi meg, sjølv om eg blir både irritert og skuffa. Læringskurva er stigande, eg får meir og meir innblikk i vevekunsten, og eg vil lære - og få til! Og fint blir det om eg endeleg kjem skikkeleg i gong.


Når det gjeld strikking er det ikkje latskap som har hindra meg i å lande den "fargegalne" ufoen, det har berre dukka opp meir presserande prosjekt heile tida, så ufoen blir stadig skubba nedover på lista.


Fyrst trengde Mio påfyll av tjukkelestar




så hadde eg att litt tråd, Dale freestyle,  etter eg hadde strikka flettegensar til Oliver, den kunne eg bruke på ein liten gensar til Oskar.



Så fann eg ut at det yngste barnebarnet måtte få eit kongeleg svøp, slik som Mio fekk i fjor.
Vesle Kristina kom til verda 1. mars


 og babyteppet vart ferdig ca. to veker etter.


No har eg strikka det for tredje gong, og sjølv om det er mykje arbeid så er det faktisk overkomeleg. Eg brukte Rauma babyull.



Åsta, minstemor, fylte år i mars, ho bur i Damsgårdsundet, så då passar det godt å gi henne ei Damsgårdskofte, den vart ferdig til påske. Denne er strikka i Sterk, frå Du store alpakka. Knappane er femtiøringar frå 1990.





Sidan eg var innom utsalet til Rauma ullvare for å kjøpe lin til vevinga mi, vart freistinga så stor at eg like godt kjøpte tråd til ein klassisk Per Spookgensar, i litt "spreke" fargar. Den måtte eg berre prøve meg på før eg kunne ta fatt på andre ting. Tråden heiter 3 tr. Strikkegarn, Rauma.




Så har eg, for ganske lenge sidan, kjøpt uspunnen tråd frå Island, pløtulópi (Istex) ,den kan ikkje berre ligge der og rotne vekk, eg må no prøve ut den også! No er eg klar til å begynne på rundfellinga på ein Riddari til mannen min, strikka med denne rare, lette tråden, hittil har eg brukt litt over 200 g, og heile gensaren str. XL kjem til å vege rundt 300 g ferdig.


Men SÅ skal eg gjere ferdig ufoen, trur eg... Eg er no komen eit stykke lenger i veg i alle fall.


onsdag 8. februar 2017

Strikkeprat

Sjølv om det går med litt tid til veving for tida så blir det strkka ein del også. Eit strikk kan ein ta med seg når ein forlet huset, det går ikkje med veven.

Det fyrste eg fullførte dette året er ei hue som vart liggande berre så vidt påbegynt då eg var i huemodus for vel eit år sidan. Desse mønstra huene med sju fargar tok nesten knekken på høgretommelen min, så då tolv huer var ferdige måtte eg berre ha ei pause, men no vart altså den siste endeleg ferdig.


Vi har ein toåring, Oskar, som er så utruleg fascinert av traktorar og store køyrety av alle slag, og sidan eg hadde funne så mange gratisoppskrifter på ulike bilar her i blogglandia, og sidan eg hadde restar i alpakkaull etter eit tidlegare strikkeprosjekt, bestemte eg meg for å strikke ein gensar som eg kunne brodere køyretya på. Gensaren var snarstrikka, einsfarga og med raglanfelling, men broderinga tok tid, eg rakk akkurat å få ferdig siste bilen til toårsdagen hans.




Dagen feira vi med gåver, god mat og ei spesiallaga kake der ein marsipantraktor trona på toppen, til stor glede for jibbersdagsbarnet.



Så fekk eg beskjed om at Oliver, 11 år, har vakse ut av alle strikkagensarane sine og han har bruk for ein tjukk, god gensar når han står slalom, for då slepp han å ha på ulltrøye under. Eg valde å strikke av Dale freestyle, ein tjukk tråd som skulle eigne seg godt til aranstrikk. I går var den gensaren ferdig og eg var så spent på om han passa at eg måtte på besøk og sjekke.



Guten vart fornøgd, akkurat passe meinte han.


Mateo må ta til takke med den gamle gensaren til onkel Iver som eg strikka for 15 år sidan, men han trivest i gensaren, så då er vel det greitt. I alle fall kjekt for strikkaren (meg) at gensaren blir brukt, for det var mykje arbeid med den, hugsar eg.


Inn i mellom gensarstrikkinga måtte eg lage eit par nye fargeglade lestar til Oskar, han var så lei seg for at det forrige paret med fargesprakande lestar har vorte for lite.



No er det lestar til Mio som står på programmet,


før eg tek fatt på ein kofte-ufo som det vart full strikkestopp på i haust fordi teksta som skal vere bak på ryggen ikkje stemte heilt med det eg vil ha der. No har eg teikna min eigen versjon så då er det berre å fortsette på kofta mi.