Travle tider gjer at eg igjen er seint ute med
ABC-innlegget mitt, der vi no er komne til bokstaven Æ, men eg vil gjennomføre heilt i mål, sjølv om eg ikkje får nokon tet-plass:)

Æresomgrepet kan variere frå kultur til kultur, frå land til land, frå person til person, men dei fleste kan vel einast om at "ein mann er ein mann og eit ord er eit ord".
Sidan eg visste at eg ikkje fekk sjansen til å vere med på det faste laurdag-formiddags-badet denne veka, utfordra eg kompisen til svigersonen min til å symje saman med meg seinare på dagen.
Denne karen, Davide frå Geneve, som tek påskeferien hos eldstejenta mi og familien hennar, har like store vanskar med å stå imot ei utfordring som eg sjølv.
Han jobbar som "baywatch" utandørs om sommaren og innandørs vinterstid, så han måtte vere akkurat den rette å få med seg, tenkte eg.
Og ikkje uventa svara han ja på utfordringa:)
Men han var ikkje akkurat så veldig høg i hatten då eg plukka han opp i sekstida i ettermiddag. Eg prøvde å overbevise han om at no er det nesten for sommar å rekne, med 16 grader høgare temperatur i lufta enn då eg debuterte som heilårsbadar 2.januar, så han vart i alle fall med i bilen. Vi køyrde til Flø, ei naturperle i kommunen vår, for å prøve den flotte stranda på Roppesanden.
Overskya, opphaldsver, 8 grader i lufta, 4 grader i sjøen,og karen heldt ord, han kom seg i vatnet

og tok nokre symjetak i bølgjene

før han skunda seg på land igjen.

Med andre ord: Han har
æra i behold.

Og vi har gjort avtale om ein ny dukkert komande onsdag:)

Her er fotografen vår: Oliver, snart 5 år, flotte bilete han har knipsa, ikkje sant?