I likheit med mange andre bloggarar får eg laga bok av bloggeåret. Det var nesten flaut å sende av garde bestilling på siste utgåve av bloggeboka, men det vart no gjort, og i dag sit eg med resultatet i hendene: Seksti sider, trettitre bloggeinnlegg vart det i 2012. Lite å skryte av, særleg når eg ser at i løpet av det første bloggeåret produserte eg 241 sider.
Likevel, no har eg fire årgongar av Strikkebesta i bloggverda, hadde eg ikkje fått det omgjort i bøker så hadde mange bilete og mange småhistorier vorte gløymde.
Kvaliteten på det eg har skrive kunne ha vore betre, kvaliteten på bileta har i alle fall ikkje betra seg i takt med fotoutstyret. Men det hender at eg slumpar til og får eit blinkskot, og bileta er gode nok til å vere ein katalysator for å huske dei fine, kjekke, gode minna:)