mandag 15. desember 2014

Langtur


I slutten av november la eg ut på langtur saman med to barneborn, ein svigerson, mora hans, og mannen hennar. Målet var Tanzania. Vi flaug til Dar es Salaam, derifrå køyrde vi taxi i timesvis til vi endeleg kom fram til vårt fyrste mål på reisa: Tembo Kijane i Pangani.


Vegstandarden var ikkje mykje å skryte av, vi humpa oss fram på holete grusvegar, ein gong på rett side av vegen, men for det meste på feil side, for der var holene minst.

Halvvegs framme tok vi ein stopp for å betale road toll fordi vi skulle køyre gjennom Sadaani nasjonalpark, og då fekk vi strekkje på beina, og gå på toalettet, og vi fekk nyte litt av den vakre naturen. desse blomane vaks rett ved ei elv, kvar gong vi såg slike blomar visste vi at det var vatn i nærleiken.
Vi fekk også smake mango rett frå treet, og vi lærde oss korleis en skal ete mango når ein ikkje har nokon fruktkniv for hand: det var berre å bite hol i eine enden og suge ut væske og fruktkjøt, etter kvart kunne vi lirke ut "plata" midt inne i frukta og skrape av fruktkjøtet med tennene. Det smakte søtt og godt:)

Dei lysegrøne rundingane oppe i treet er mangofrukter.

Sidan vi køyrde gjennom Sadaani midt på dagen var det ikkje så mange dyr å sjå, dei søkte klokeleg ly under dei store, skuggefulle trea, men ein giraff som tok livet med ro ved sidan av eit akasietre fekk eg i alle fall knipsa.

Det var ei letta mamma Marte som tok i mot oss då vi endeleg var framme på eco lodgen Tembo Kijane. Ho syntest det var ein dyrebar last som kom, (borna, kjærasten, mora og svigerforeldra) ho har høyrt om mange ulukker på tanzanianske vegar, og var temmeleg nervøs medan ho venta på oss. Godt at venninna hennar, Elise, var der og heldt henne med lag.

Vi vart tekne godt i mot av vertskapet, Sara og Eyal, og det gjekk ikkje lange stunda før vi var innlosjerte i våre respektive "rom". Marylin og eg fekk ein banda, bygt på pålar, med tak og veggar av kokospalmeblad, dvs, tre av veggane gjekk berre halvvegs til taket, vi skulle bu i eit ope hus rett ut i ville bushen!

Sengene var store og solide, med myggnetting heilt rundt, dei var plasserte i kvart sitt hjørne av romet, men sidan Marylin syntest det var litt skummelt når kvelden kom, tok vi og ommøblerte litt og sette sengene tett saman slik at vi hadde god kontakt om natta.


Det var spesielt å skulle sove der, med ein strålande stjernehimmel over hovudet og rasling og lydar av alle slag tett inn på oss. Nattleg besøk hadde vi også, eg vakna av krafsing og krasling i romet, men med berre mobilen som lyskjelde, og den lyste kun opp myggnettingen, så fekk eg ikkje sjå kven gjesten var. Eg skremde han ut att i natta med eit forsiktig kremt.
Vi kjende oss ganske trygge, for heile natta gjennom gjekk det masaiar og vakta området, dei var utstyrte med kraftige lommelykter og sprettertar. Eg vakna kvar gong lyset frå lyktene sveipa over taket i bandaen. Sprettertane brukar dei til å skyte på "bushbabies" som sit i trea og skrik om natta slik at turistane ikkje får sove.


Restauranten på lodgen var plassert idyllisk til nede ved stranda, og der fekk vi servert mat av høg klasse. Kokken, Sara, frå Tyskland har visst fått opplæring av broren som er Michelin-kokk, og det ho serverte var både lekkert å sjå på og nydeleg på smak.




Det var tre rettars middag kvar kveld: Her spinatsuppe, biff og pasjonsfruktpudding.




Marylin og Michael sette størst pris på det nybakte brødet:)


Paret som driv lodgen har ei sjarmerande datter på fem år. Ho heiter Timna og sjølv om ho veks opp utan andre born i næraste omkrets er ho svært sosial. Ho snakkar fem språk, og trass i at engelsk ikkje er morsmålet til korkje mora eller faren, kommuniserer Timna på engelsk utan vanskar. Ho  hadde gledd seg i fleire dagar til det skulle kome born til lodgen og ho fann tonen med Marylin frå fyrste stund, men det var tydeleg at ho også kosa seg med å leike med Michael. Vi bada og tøysa i sjøvatnet, som var varmare enn kroppstemperaturen, og seinare fann dei fram leikene sine og kosa seg med dei.
Her tek ho og Marylin farvel med Elise når ho skal reise heim til Noreg.


Timna tek godt vare på leikene sine, og ho ser ut til å like å halde på med dei om og om igjen. Her er eit heimelaga ludo, brikkene er ulike skjel som ho har plukka på stranda, terningen er det einaste på spelet som er kjøpt.


Etter kvart skal eg skrive om safariturane vi var på og dyra vi såg, men inntrykka er så mange at eg klarer ikkje å skrive om alt i ein gong.

fredag 21. november 2014

August

Det fine sommarveret fortsette gjennom heile august og baud på fleire sjansar til å hoppe i havet, her


saman med bergensstudenten før ho reiste tilbake til studiekvardagen.



Og meir bading saman med heilårssymjklubben, med gjester:)


Turar i kajakkane vart det også.



September og oktober

I slutten av august måtte vi tøme huset til tante Åshild, då kom vevstolen som eg skulle hente for to år sidan endeleg i hus. Han låg i sine einskilde partiklar til oktober, då sette vi han saman, men det tok si tid å få tak i renning, så han er framleis ikkje teken i bruk. Og så må eg vedgå at eg har aldri prøvd å veve før, så eg reknar med at eg treng ein del hjelp og instruksjon før eg kjem skikkeleg i gong.


Hjelp treng eg nok også for å fullføre juleduken eg fann blant sakene til tanta mi, men eg er no i alle fall i gong med den:)


Strikka har eg også gjort i sommar og i haust, gensaren til mannen var gensar til eldstesonen


Til meg sjølv har eg strikka ein gensar i Sandnes tweed, mjuk og lett tråd, men gensaren vart i vidaste laget. Eg brukte "flettemønsteret" til Kerttusokken på gensaren.



Frå Bergen kom det bestilling på tjukke, varme, lange lestar, det er så kaldt på lesesalen. Ho vart visst godt fornøgd med resultatet.


Elles så har gubben kosa seg med sine "prosjekt":)



- og eldstesonen har begynt å bygge seg hus:)




tirsdag 18. november 2014

- Og i juli vart det ferietur

Det er ikkje særleg kjekt å vere så på etterskot med blogginga, men ein gong må ferieturen omtalast, så no er eg i gong.

Denne sommaren var vi så heldige at vi hadde besøk frå skuleslutt og til midt ut i juli, det var berre så vidt vi fekk tid til å reise sjølve. Mannen min er glad i båten sin, så i år var det sjølivet som skulle fristast igjen. Som alltid gjekk turen sørover. Sogn og Fjordane har ei utruleg vakker kyststripe, med mykje flott natur, men også fine småsamfunn som ein kan få lyst til å sjå nærare på.




Sidan vi hadde eit mål om å nå Tall Ships i Bergen vart det likevel strake vegen sørover, med ei overnatting i Florø.

Vel framkomne til Bergen brukte vi gjestebrygga på Hjellestad og tok buss til sentrum for å få med oss nokre inntrykk frå avsluttingsseremonien under Tall Ships Races. Der var eit yrande folkeliv og mange flotte skuter, nokre store og nokre små.





For mannen min er det berre ein stad som gjeld: Barndomsparadiset hans, Nautøyo, der syskenbarnet hans har både hytte og brygge, og der vi blir tekne imot med opne armar kvar gong vi kjem på besøk.





Vi var uvanleg heldige med veret, temperaturen i sjøen var over 20 grader, så eit herleg morgonbad vart fast del av programmet og endå vart det ofte ein kveldsdukkert også:)





Sjølv om mannen min er av det bedagelege slaget, så skjer det noko med han når han kjem til Nautøyo, kanskje han har behov for å setje spor etter seg. I alle høve var han ivrig med mange aktivitetar som steinbering, trefelling snekring og fiksing av brygge.



Vi tilbrakte mange trivelege timar i kaihuset, med grilling, prat og kos.

Og endå vart det tid til utfarter av ulik lengde. Vi padla rundt både Nautøyo og naboøya.
Vi var ein tur gjennom både  Røyksund- og Kuleseidkanalen, vi hadde ei overnatting i Haugesund, og vi var ein tur ut til Føyna, eller Feøya utanfor Haugesund.











Ein dag hadde vi ein fantastisk tur på besøk til ferieøya til ei anna av slektningane til mannen min. Ho eig ei heil øy, med våningshus og fleire uthus, mosemyrar, skog og bergnabbar, ein idyll av ein badeplass og sitt private "kloster" for meditasjon og salmesong:)











Denne dama er ein energibunt av dei sjeldne, ingen vil tru at ho er midt i syttiåra! Ho serverte nydeleg mat og fortalde om øya på ein levande måte. Vi hadde ein super dag
med mykje latter og glede, men også rom for sakn sidan mannen ho delte denne perla av ein plass med døydde for ti år sidan.

På heimvegeen tøffa vi gjennom Solund, nord for Sognesjøen, ein spesiell plass, med ei kronglete lei, særeigne berg- og steinformasjonar, og småkoselege buplassar




 Det var august før vi kom heim. Godt ver er nok ein viktig faktor for at turen vart vellukka og at vi begge to syntest vi hadde hatt ein fin ferietur. Sjølv om båten er både liten og gammal er det ikkje umuleg et vi legg ut på langtur med han neste sommar:)