fredag 8. oktober 2010

Austover

Også denne haustferien måtte eg ein tur austover, dit hausten blir gyllengul, same kor mykje det bles. Her på våre kantar bles blada av trea før dei får tid til å skifte farge!

gylden haustpage

Ikkje for det, eg likar veldig godt blada når dei ligg på bakken også, eg. Ikkje mykje kan måle seg med ein haug av tørt lauv som ein kan vasse seg gjennom:)Oktober, haustferie 004

Og i austerled har eg fleire som eg gjerne besøkjer, det vart Sverigetur, som i fjor, og like godt blir eg motteken kvar gong eg kjem:)

Haustferie -10 018

Og like mange herlege detaljar er der å oppdage kvar gong:)

Fleire detaljarpage

I Oslo fekk Besta nokre kjekke dagar saman med borneborn som utviklar seg både i storleik og vit mellom kvar gong vi møtest.

Kosestund for storsøster og veslebror!

Haustferie -10 024

Vesle frøken fireåring viste seg å ha blitt rett fornuftig i løpet av hausten, men heldigvis har ho ikkje gløymt gleda ved å svinge seg i ei sky av rosa tyll!

danseprinsessepage

Minstemann har fått sansen for fast føde og veks så fort at dei ikkje trudde dei målte rett på fem-månaders-kontrollen på helsestasjonen:)

stor gutpage

Marylin er hans største idol, og han ler høgt og inderleg til alt ho finn på. Elles er sjølvsagt badekaret ein favoritt:)

Nokre varme strikkaplagg var med i baggasjen til Besta austover, kjekt at dei passa, og at mottakarane var fornøgde med dei:)

varme klepage

Ny jakkepage

8 kommentarer:

  1. Du er ei ordentlig strikkebesta, du! :) Sånn blir nok aldri jeg. Men jeg er god på mange andre ting! :)
    Må du reise så langt for å se alle barnebarna dine? Jeg har mine ganske nært, - enn så lenge.

    Ha ei god helog!

    SvarSlett
  2. Å herlege bestemorungar i herlege bestemors strikkeplagg..

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  3. Så nydelege strikkasett du har laga, og så fint dei passa på to sjarmerande barnebarn :) Ynskjer deg ei fin helg :)

    SvarSlett
  4. Nææææ, så fine strikkeplagg. Jammen er det lurt å ha sånn strikkebesta altså.
    God helg.

    SvarSlett
  5. Så arti, vi gjorde motsatt og kjørte vestover ;) Herlige barnebarn i flotte strikkeplagg :D

    Ha ei flott helg :D

    SvarSlett
  6. Hallo. Vi har vore i sør denne ferien, som du veit. Fann att sommaren, og fekk ei aldeles herleg veke der sør. No oppheld vi oss i Bergen denne helga, og her er jammen ikkje så verst her heller. Har vore på ein lang tur i sola idag, og no sitt vi på altanen og koser oss med kaffi og vaflar. Men i morgon blir det heim att til arbeid og kvardagslege rutiner, litt godt det også. Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  7. Hei ! Du verden kor mykje du har å vere stolt over ! Nydelige barnebarn !

    og flotte strikkaplagg :))

    Ønsker deg ei fin helg og fortsatt ein fin haust:)

    SvarSlett
  8. Herlige barnebarn og flotte strikkeplagg!
    Kos deg! Klem!

    SvarSlett