fredag 31. desember 2010

Det blir sjal

Eg trur både svigermora mi og eg skal bli fornøgde til slutt. Etter å ha gjort ferdig det lilla sjalet, som forresten er strikka med den tynnaste to-lags tråden eg har spunne hittil, fann eg ut at det var berre eitt å gjere:

lillasjalpage

Eg samla saman alle restar av kvit sjølvspunnen merino-silkeblanding som fanns i huset, noko tjukt, noko tynt og noko til og med utvinna. Så rekte eg opp kanten og strikka ein ekstra mønsterrapport.

påanigjenpage

All to-lagt tråd gjekk med, og dei to nøsta med enkel tråd la eg berre saman og strikka vidare. Eg kom i mål før eg tok kvelden i går:) Her er første utgåva nedst, det ferdige resultatet øvst.

førogetterpage

No er sjalet ferdig blokka og skal pakkast behørig inn før svigermor kjem hit til middag og nyttårsfeiring i kveld.

Sjalet igjen 004

Eg ønskjer eit godt nyttår til alle som kikkar inn på bloggen min:)

5 kommentarer:

  1. Kjære Strikkebesta!
    Takk for ditt bekjentskap! Det er alltid moro å se inn til deg om du er på turm eller om du holder på med noe hobbyrelatert!
    Ha et riktig godt nytt år, hvor gledene er flere enn sorgene!
    Klem fra nord!

    SvarSlett
  2. Du inponerer meg.
    Har du spunne garnet sjøl også.
    Fantastisk.
    Tipper svigermor blei glad.
    Det hadde eg blitt.
    Godt nyttår til deg, og takk for kommentarer og inspirasjon i året som var.
    Klem Kate

    SvarSlett
  3. Godt Nytt År til deg og dine ! Håper du vil bli med meg å leike i dette året også !!

    Nydelige sjal ! Svigermor di blir heilt sikker svært glad ! Det hadde iallefall eg vorte ! Vi er nett komne heim frå Fiksdalen der vi har vore nokre dagar berre Petrinemannen og hunden og eg. Men i morgon blir det fullt hus igjen :))

    klem og kos deg saman med dine :)

    SvarSlett
  4. Takk for helsinga...
    Ja, vi bør absolutt få til eit strikketreff dette året. Om du har ein ide, så berre sleng den ut... så samordna vi etter kvart.. Er heilt sikkert fleire som bur i området som kunne tenkje seg noko..

    SvarSlett
  5. Godt nytt år:) Dette var jammen flotte gåver, tenk at du til og med har spunne garnet sjølv! Imponerende:)

    SvarSlett