Sist vinter strikka eg meg eit Ishbel-sjal etter eit mønster kjøpt på Ravelry. Tråden, merino-silkeblanding, har eg spunne sjølv. Dette sjalet er utruleg mjukt og deilig, varmar gjer det også, så eg er heilt avhengig av det på kalde vinter-dagar.
Svigermora mi likar det godt og har gitt uttrykk for at ho kan tenkje seg eit liknande sjal ho også. Julegåveidé, tenkte eg, og idéar må vi ta vare på. det er ikkje alltid like enkelt å finne på noko til dei som meiner dei har nok av det meste.
Eg hadde all verdas god tid til dette prosjektet, trudde eg, men oktober forvann unna utan sjalstrikking, november gjekk med til vottestrikking, og desember? Kvar vart førjulsdagane av? Ungdomsskulelærarar har stort arbeidspress i desember, særleg om ein har meir enn eitt tentamensfag, det har eg verkeleg erfart dei to siste åra! Dermed kom jula utan at eg hadde fått strikka sjal til svigermor……
Men ei nyttårsgåve er då vel ikkje å forakte, særleg for den som sit heime med broten overarm?
Så endeleg, 2. juledag fann eg fram tråden som har vore ferdig spunnen i månadsvis og sette i gong med eit nytt mønster frå Ravelry: XX yards of heaven. Kjekt mønster, og det gjekk fort å strikke, men det vart frykteleg lite! Skuffande! Er dette noko til gåve då?
Etter blokking er det framleis så lite at eg er sterkt i tvil, men har funne ut at eg overlet til svigermor å bestemme om ho har bruk for det eller ikkje:)
No er eg i gong med eit nytt, i lilla fargemelering, kanskje eg har nok tråd til å utvide dette sjalet med ein mønsterrapport så det blir passe stort.
Må bare kommentere dette! Først og fremst fordi det er så fint det du lager, men også for dette med tida... Året er fullt av dager, til å lage julegaver i også, men dagene er fullt besatt, og tida bare kommer med alle sine andre gjøremål. Og så utsetter en. Selv er jeg gikke fullt så dyktig med strikkepinnene, men jeg hadde planer om å lage et par selbuvotter og to grytekluter. Begynte alt for sent, men kom i mål heldigvis. Litt press er også bra. Og så var det moro å få det ferdig, vet du. Riktig godt nytt år! Nå er det nye året like om hjørnet. Og jeg har en deilig hals, vet du, som gjør nytte nå....
SvarSlettFørjulstida er ram når man arbeider i u-skolen, så dette skjønner jeg godt;)
SvarSlettSjalet ble jo lekkert, og du har tydeligvis satt igang med et nytt også:) Jeg har som mål å slanke garnlager litt i det nye året, kan bli vanskelig:O)
Kos deg videre i jula og klem fra meg som rydder bort den;)
Du er Strikkebesta, ingen tvil om det!
SvarSlettVakkert sjal!
Ønsker deg et fredelig Nytt År med mange gleder!
Klem fra bestemor!
Flotte sjal =) Heaven-sjalet er veldig lite ja, men heldigvis lett å strikke større.
SvarSlettVar no riktig flott det sjalet, uansett størrelse.....
SvarSlettKjenner til det med jolegåvene som ikkje vert ferdige "i tide"....har opptil fleire, eg...som eg har gjort ferdige no i romjola.
Nydelege sjal med sjølvspunne garn :) Stoffet til pyntehandklede har eg kjøpt på den lokale stoffbutikken her. Ha ei fin romjul du og :)
SvarSlettNydelege sjal, ja. Strikkebesta er gulle god for namnet sitt. Takk for helsing. Vi er i Bergen for å feire det nye året. Ha ein flott nyttårsfeiring de og.
SvarSlettSå heldig svigermor`di er....sjalet var skikkelig lekkert. Pyntesjal:) Skal si du er flink. Det eneste jeg har gjort av håndatbeide er et skjerf...etter påtrykk fra storesøster Tovepia. Noen som har det:))
SvarSlettLykke til med nye prosjekter i 2011. Riktig godt nytt år:)
Klem fra meg:)