Sist fredag skulle vi på biltur – vi skulle langt av stad. Mannen min er glad i å køyre bil, så eg sit ikkje bak rattet utan at han blir trøytt. Derfor bruker eg tida til strikking. No er eg i gong med lestar med eit kronglete mønster som ikkje eignar seg under fart, så i siste liten sprang eg inn på ein trådbutikk og fekk med meg nokre buntar Drops Merino extra fine og ein rundpinne.
Michael treng sikkert ein genser til han skal begynne i barnehage, tenkte eg. Etter å ha strikka ribbekanten begynte eg å fundere på korleis seg skulle komponere eit enkelt og greitt flettemønster.
Eg fann ein penn i veska og drodla i veg, talde og rekna, gonga og delte og hadde reine matematikktimen for meg sjølv. Både Ørskogfjellet og Tresfjorden var passert før eg visste ordet av det.
Mønsteret gjekk fint opp i masketalet eg hadde på pinnen og eg strikka fornøgd i veg.
Først då vi kom til Oslo og eg fekk sjå forrige flettastrikkprodukt til Michael, forstod eg at eg rett og slett gjentek meg sjølv! Kanskje eg bør utvide repertoaret ein smule?
Sannelig la du ned godt arbeid, og produktet ble flott!
SvarSlettGodt med slikt bilarbeid;)
Nyt helga, her har vinden kommet til gagns, så morgendagen blir nok ikke stille;)
Klem fra meg;)
Så flott flettejakke du har lagd. Litt av en bragd å strikke fletter i en bil da.
SvarSlettBugga garnet er helt fantastisk mykt og godt men det er dyrt og det blir nok toll hvis du skal ha garn til en genser. Jeg har linket til siden deres så du kan jo gå inn der og titte. De har noen helt fantastiske farger. Du kan jo kjøpe ei hespe bare for å prøve det og da blir det under tollgrense kr 200,-.
Ha en strålende helg.
Hehe, sånn kan det går. Mønsteret er kjempeflott, synes det er moro å strikke flettemønster selv jeg :D Et fint mønster kan ikke gjentas for ofte. Nydelig genser:)
SvarSlettHa en strålende helg :D
Synes både tiltaket og mønsteret er flott.
SvarSlettNeste gong tek du med mønster og, og får kikka litt på naturen..
Akkurat ørskogfjellet har du nok sett nokre gonger, og det er ikkje av det mest spennande..
God helg.
Flott bilarbeid! Og koselig med kommentar hos meg og innblikk i nye blogger :)
SvarSlettDu strikker jo intrekate aronmønster, og uten mønster.
SvarSlettEg er imponert!