onsdag 14. september 2011

Imponert og spent!

No for tida tek eg turen innom denne sida så og seie dagleg.
Eg er SÅ imponert! Tenk å følgje draumen sin heilt ut - og lukkast!
På bloggen ko:konorway.blogspot.com kan vi lese om korleis Stine no er i ferd med å erobre landet med eit nytt varemerke.

Slik ser headeren på bloggsida ut:


Flott, ikkje sant?

Ho har teikna og designa og utforma alt frå stoff og skinn til kjolar og sko, til merkelappar, innpakningspapir og hengarar... Og alt er like lekkert!
Varene kjem i butikkane i midten av oktober - og eg skal vere snar avgarde for å sjå, ta på og prøve produkta:)

3 kommentarer:

  1. Dette likte jeg! Har allerede sendt ko:ko tips om forhandlere her i distriktet :-)

    SvarSlett
  2. Dette så spennende ut ! Det er utrolig hva enkelte får til ! Klem fra meg!

    SvarSlett