For nokre veker sidan var eg innom ein blogg frå nabokommunen, Herøy. Der såg eg til mi store forundring bilete frå loftet til mormor og morfar!
Mette som eig bloggen http://fjellromantikk.blogspot.com/
hadde vore på besøk hos butikken
Bella Blå: www.bellablaa.no som held til i underetasjen i huset som besteforeldra mine eigde i Fosnavåg. No har butikken teke i bruk loftet også, der stiller dei ut varer, og i samarbeid med andre lokale bedrifter serverer dei både kaffi og god bakst der oppe.
Ei så merkeleg oppdaging kvalifiserte til nærare utforsking; så fredag trassa systra mi og eg uveret “Berit” og reiste utover for å finne ut om dette kunne vekke til live gode minne frå barndommen.
Rart å gå trappa OPP til inngangsdøra i staden for NED, slik det var før…
Rart kor liten gangen innanfor inngangsdøra er!
Rart å ta trappa opp til loftet og gå seg rett på gjesteromet der vi brukte å sove når vi var på besøk:)
Annleis, men likt!
Kle-roma, der dyner, klerulle og sesong-kleda vart oppbevarte..... – ein gong, når huset var fullt av tilreisande sov vi på flatseng i eit av desse roma:)
Det budde alltid leigebuarar på loftet i vår tid, men vi var no innom hos dei, så vi kunne godt kjenne oss igjen på kjøkkenet, sjølv om der vanlegvis ikkje var gode bakverk når vi var på besøk.
Ei aldri så lita overrasking venta på meg: Eit lite rom ved sida av trappa som har vore ukjent for meg heilt fram til no.
Koseleg tillaga med takvindauge,
og hylle på veggen. Det var som å opne ein forundringspakke!
Når eg konfererte med mor laurdag, fekk eg svaret på kva dette var for eit rom: Jenteromet - altså det romet tenestejenta sov på når mor og syskjena hennar var små. I min barndom var det sikkert brukt som lagerrom for leigebuarane.
Jauda, barndommen kom litt nærare, det var forunderleg og nostalgisk, kjekt at Bella Blå skaper miljø på denne måten!
Etterpå stakk vi over gata til Blomster og Gaver Hilde og Stine så eg fekk kjøpt meg ko:ko-kjolen “Berit” medan "Berit" herja utandørs:)
Dette var eit kjekt innlegg, og så kjekt at huset er teke vare på og blir brukt til noko slikt som dette! Minna meg litt om garden på Skei i Jølster der eg tidlegare i min ungdom mata griser og kyr kan me no sitja i båsane og eta middag....
SvarSlettOg er det ikkje rart korleis store ting frå barndommen blir smått i vaksen alder? Tenkjer på det du skreiv om gangen i huset...
Du har hatt ei nostalgisk reise bak i tid forstår eg, noko som kan vera både kjekt og litt trist og nostalgisk på samme tid...
Ha ein fin kveld vidare:0)
So kjekt at du tok turen til dine besteforelre sitt hus:)Herlege bilder du har tatt og so artig å lese om korlsis roma var før!
SvarSlettOg for ein fin kjole du har kjøpt deg da!!! Ein av mine favorittar;)
Ønsker deg ein fortsatt fin tirsdagskveld♥
Klem frå Mette.
Det er en spesiell hstorie du forteller! Møte med barndommen er som å gå inn i en annen verden, og plutselig er du sammen med minnene. Jeg har opplevd det selv. En gang på teknisk museum, der jeg plutselig sto i et rom utstyrt med ting fra 5o - årene, da var det flere enn meg som følte seg hjemme. Men enda sterkere var det å gå inn i det siste huset i Moldegata på Romsdalsmuseet. For det huset står på kjellermurene til "mitt" barndomshjem. Og huset oppå er identisk med vårt. Jeg gikk inn sammen med en ung guide, og det ble litt morsomt, for jeg kunne fortelle mer enn guiden.Huset hadde møbler fra 60 - tallet og det var ikke fritt for at en kjente seg hjemme. Rommene var de samme, atmosfæren også - og jeg gikk nok rundt og smilte...
SvarSlettSå koselig!!
SvarSlettSå arti du skriver om besøket i bestemorhuset :D Bella Blå må besøkes neste gang jeg er oppover :D
SvarSlettHa en hyggelig adventstid :D
Snakker om å gå i "barndommen"
SvarSlettHerlig innlegg Strikkebesta!!