Hausten går frykteleg fort! Mykje å gjere på jobb, og så er eg student igjen... Hadde bestemt meg når diabetes-diagnosen var eit faktum at det måtte verte slutt på stillesitjing og studiar, men no når eg får inn trimmen med å sykle til og frå jobb, så er det litt tid til overs likevel. Meininga er at eg skal halde på med dette deltidsstudiet i tre og eit halvt år....tida vil vise om eg kjem i mål:)
Av ein eller annan grunn fekk eg ein ubendige trong til å kome meg ut av huset i haustferien, og då var det fort gjort for mannen min å lokke meg med til paradiset hans - Madeira. I fjor haust var han der i to veker og det ga skikkeleg meirsmak, og det som lokkar aller mest er store bølgjer!
Ikkje akkurat så flatterande bilete av gubben, men sjå kor høgt bølgja slår oppetter bergveggen i bakgrunnen!
Herleg temperatur i sjøen og varm sol mot kroppen er heller ikkje å forakte
For ikkkje å snakke om alle ulike fruktslag og grønsaker ein kan få kjøpt!
Fargesprakande spansk pepar, ferdig tørka, klar for bacalaogryta:)
I tillegg er der farlege myggar, vi fekk nokre saftige myggstikk begge to, men har heldigvis ikkje merka noko sjukdomssymptom så langt.
Eg vart nok ikkje like forelska i øya som det mannen min er, sjølv om turen absolutt var vellukka. Det som irriterte meg var at eg ikkje forstår portugisisk, i alle fall ikkje når det blir snakka, og så fekk eg ikkje høve til å betre spansken min!

Deilig med en sydentur før vinteren setter inn for alvor. Jeg har ikke vært på Madeira, men det høres fint ut der. Flotte bilder!
SvarSlettHa en fin kveld!
Klem fra Ingunn