Vi vart etter kvart godt kjende i Mandal.
Sommarveret let vente på seg, så vi vart liggande i ro i tre dagar, dvs. vi
måtte no røre litt på oss, kunne ikkje berre sløve om bord i båten, sjølv om eg
for min del hadde laga meg til med både bokhylle og mykje strikketråd nede i lugaren.
Det vart både spaserturar, sykkeltur og
kajakktur. Ovanfor havna ligg ein paviljong
plassert på eit fint utsiktspunkt. Vi fann ut at det var fleire vegar som førte dit, så ein tur opp til paviljongen hadde vi dagleg. Der kunne vi sjå havna
og langt utover leia. Vi rusla også tur til Sjøsanden, men bading vart det
ikkje.
Ein dag tok vi med niste og padla oppover
Mandalselva, det var sterk motvind i tillegg til at vi padla motstraums, så ein
periode føltes det som vi ikkje kom oss av flekken. Etter at vi hadde lagt bak
oss sentrum av byen, padla vi gjennom eit fint landskap med vannliljer og andre
vekster.
Det var ikkje akkurat nokon dagstur vi la
ut på, meir ein kosetur med innlagt rast ved elvebredda før vi padla tilbake
til båten.
Laurdag tok vi syklane på land og tenkte å
sjå oss om litt lenger avgarde, men vi hadde ikkje før fått føtene på pedalane
før styrtregnet kom. Vi søkte ly ved ein byggvarebutikk til byga var over og
prøvde oss vidare når det roa seg litt. Vi har ulike interesser, Ånund ville
sjå om han fekk inspisert eit marinefartøy som var under bygging, eg hadde meir
lyst til å få trimme litt, så etter bomtur bortom verftet, der det
sjølvsagt var adgang forbudt og med meir regn i hovudet, valde han å finne seg
ein kafe medan eg fortsette inn på ein flott sykkelsti som eg kunne fylgje eit
bra stykke mot Trægde. Eg sykla så langt
sykkelstien gjekk, og kjende at det gjorde godt å få bruke kroppen litt igjen.
Til fødselsdagen min i juni ønskte eg meg
hybelkomfyr som vi kunne ha med i båten. Det fekk eg, veit du, og sjølv om den
måtte stuast ned i lasteromet når den ikkje var i bruk, så hadde vi god nytte
av den, blant anna vart det laurdagspizza, akkurat som heime, eller nesten, eg
hadde ikkje med kjevle, og steikebrettet var lite, så det vart ein mektig tjukk
botn på pizzaen.
Neste dag var vind og ver såpass at vi
kunne fortsette turen, då tøffa vi oss austover til vi enda opp i Arendal, då hadde vi passert
fotoboksa ved Trægde, som vi hugsa frå turen i 2010,
vi hadde vore innom Søgne og bunkra den
dyraste dieselen på heile turen
og vi hadde leita etter ledig plass i både
Lillesand og Grimstad, så det var kjekt at ein seglbåt skulle til å reise i det vi
kom inn havna i Arendal.
Koselig å sjå at det e liv i bloggen din igjen, tante! :)
SvarSlettNå har jeg lest både del 2 og 3. Artig å lese og fint å se bildene dine!
SvarSlettTipper det kommer mer, for nå er dere langt heimefra.
Klem fra Ingunn
Så koseleg med bokhylle og heimelaga pizza :) Imponert! Fin tur med kajakkane, såg det ut som... Herleg liv <3 Klem
SvarSlett