onsdag 18. november 2015

Kosterliv

-->Det regna jamt og trutt heile vegen til Koster, men eit par dugelige handkle ut i båtsidene, på mi kjære ”bokhylle”, heldt køya fri for væte, og med motoren i gong fekk vi nok varme i lugaren til å tørke opp det som hadde vorte vått., smått om senn vart til og med bøkene tørre igjen. Resten av båtturen måtte vi passe på å vri opp handklea med jamne mellomrom når det regna. Det er i slike tilfelle eg siterer mora mi: ”Det er betre å vere raualause enn rådalause”.

Marte og Daniel med Marylin og Michael, og Åsta og Markus var alt komne til Koster. Dei hadde installert seg i eit romsleg hus som dei hadde leigt for ei veke.




Sykjenbarnet deira, Siv med mann og barn, budde i Lillstugan like ved. Neste dag kom Tove og Jose med alle sine fire gutar direkte frå ferie i Spania.

Vi to sov i båten,


men elles var vi mykje saman oppe i huset , med felles måltid og dugnad for å lage maten og for å rydde opp etterpå.



Vi strikka og vi las.


Daniel og Marte engasjerte oss i sine førebuingar til helga, og vi fjasa og kosa oss.






Det var mykje  liv og røre heile veka, det ungane likte aller best var når kvelden kom og alle samla seg rundet bordet for å spele varulv. Då kom det fram ukjende sider hos både store og små, kjempespanande var det! Faktisk så spanande at ingen kom på å forevige det….

Elles sykla vi rundt på heile Syd-Koster , vi spaserte og vi padla rundt omkring,. 


 

Eg klarde å velte kajakken og enda i sjøen når eg skulle gå frå båten til kajakken, det var berre ein liten glipp, eg forstod med ein gong kvifor det skjedde, så dei andre gongane hadde eg full kontroll. Ånund gløymde å fotografere den hendinga!

Vi bada og sola oss og ungane fiska krabbe. Vi tok turar til nærbutikken for å kjøpe is og andre viktige varer.










Vi hadde også nokre ærend opp til Strømstad, då tok vi av og til Kosterbåten, andre gongar gjekk vi med eigen båt, men då misste vi fortøyningsplassen, det var ikkje kvar dag det var like lett å finne ein ledig båtplass.

Fredagen dukka det opp stadig fleire kjentfolk, både slektningar og venner, og vi hadde felles middag på hotellet om kvelden. 

 









Og kvelden var fin og lova godt for morgondagen




1 kommentar: