fredag 28. oktober 2016

Senilveka

Det fylgjer med eit stort privilegie når ein fyller 60 år, ein får retten til ei ekstra ferieveke.
Denne retten gjorde eg meg nytte av direkte etter namnefesten i Oslo.

Mannen min har reist til varmare strøk kvar haust etter at han pensjonerte seg. Han meiner september er den ideelle månaden når det gjeld å ta  seg ein sydentur, då har sjølvsagt ikkje eg hatt høve til å vere med - men det hadde eg i år.

Han har hatt Madeira som sitt paradis gjennom fleire år, men eg nektar å reise dit når eg skal slappe av, dei snakkar jo portugisisk der, ikkje forstår eg kva dei seier og ikkje får eg friska opp att spansken min, så då forstår vel alle at det ikkje er noko reisemål for meg.

Etter ein del forhandlingar vart kompromisset Tenerife. Det ligg i Atlanterhavet, vestsida ligg slik til at ein kan  rekne med store bølgjer, og dei snakkar spansk.

Rett frå namnefesten sette vi oss i bilen og køyrde til Gardermoen. Flyet letta kl. 23:30, vi mellomlanda i Madrid ein gong midt på natta og var framme på flyplassen nord på Tenerife kl.12:00 dagen etter. Ikkje akkurat topp for godt vaksne menneske å reise nattestider med trange fly der dei har innskrenka plassen mellom seta til eit minimum, faktisk var der ikkje plass til oppbevaringsnett i seteryggen på setet framfor ein gong. Vi var ganske urvne der vi stod og venta på bussen som skulle ta oss frå flyplassen til reisemålet vårt, så etter ein halvtimes busstur til Puerto de la Cruce var det godt å finne ei stor, god seng på hotellromet. Vi stupte til køys og sov som nokre steinar til langt ut på ettermiddagen.

Puerto de la Cruce skuffa ikkje,




store bølgjer fekk vi både sjå og kjenne,
sol og varme vart det nok av og  vi fekk symje i beskytta sjøbasseng.




Vi fekk nokre glimt av el Teide når skodda som låg oppe i høgda letta i korte glimt.


Kveldane brukte vi til å traske rundt i sentrum av byen,







vi åt godt - og eg fekk snakke spansk.



Frå hotellromet hadde vi fin utsikt mot havet og badeanlegget,




og vi såg rett ned på hotellbassenget, men vi brukte det aldri, sjøvatn fristar meir enn klor.


Vi høyrde ingen andre som snakka norsk for heile veka vi var der, og det var i grunnen heilt greitt.

No har gubben til og med funne ut at Tenerife er eit enda betre alternativ enn Madeira, og vi veit at der er mykje meir å sjå og oppleve enn det vi brydde oss med å utforske denne gongen, så om det lagar seg slik blir det sikkert fleire turar til den vakre øya i El archipielage de las Canarias.



På flyturen heim fekk vi knipsa nokre bilete av Gibraltarstretet, der vi ser både Afrika og Europa samstundes:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar