tirsdag 21. juli 2009

Ferieinnkjøpet

Det beste med Spania, etter mannen min si meining, er sumo de naranja natural - nypressa appelsinjuice:) Det bestilte han så ofte sjansen baud seg medan vi var der. Sidan vi begge hadde fødselsdag i løpet av ferien, fann vi ut at vi skulle gi kvarandre ei juicemaskin i gåve, så kan vi få nypressa juice når vi vil heime også.

Vel heimkomne har vi sjølvsagt prøvt ut maskina, vi har laga eplejuice, appelsinjuice og litt blandings-juicar, alt har smakt godt, men det vil bli litt dyrt dersom vi skal kjøpe inn all frukt / grønt som råstoff til juicen.

Eg har hatt meg nokre runder rundt på bloggane eg følgjer, og vart då inspirert til å gå laus på ripsbæra som no er akkurat passe moden til gelè. No er eg ikkje av dei mest arbeidssame her i verda, kvifor gå i gong med utpressing av bærsaft gjennom klede når den supre maskina stod her klar til innsats?
Dermed gjorde eg som mor mi brukte å gjere når ho hadde saftkokar: eg reinska ikkje bæra, berre plukka bort lauv og skylde godt under rennande vatn før eg kokte henne.
Så køyrde eg det heile gjennom maskina, det gjekk i rekordfart, men det som kom ut var eit slags forunderleg rosa skum, det likna mest på smuthie i konsistens.
Jaja, fram med klede og presse "smuthien" igjennom, men det var like skummande og rosa.
Så tenkte eg at om det får stå natta over før eg kokar det på nytt, så klarnar det nok.
Det gjorde ikkje det. Neivel, eg får koke det og skumma av, då. Litt betre, ganske fin raudfarge, men slett ikkje klart. Ny tur kjennom klede, så i gryta og sette til sukker, men vart det gelé? Nei, men det smakar like godt som gelé i det minste.Eg veit kva eg skal bruke det til: Ei venninne av meg har nemleg oppskrift på ripsbæris, der kan nok "grauten" min kome til nytte.No skal eg ut og plukke rips - til gelé - som skal lagast på gamlemåten, godt at det er meir bær på den einaste ripsbuska vi har:)

mandag 20. juli 2009

Blomster langs vegen


No skulle eg ha vore meir datakyndig og gjort slik som mange av bloggvennene mine som lagar fine fotomontasjar av det dei har teke bilete av. Men eg kan det altså ikkje, og eg er for lat til å sitje og leite etter ei oppskrift, sjølv om det heilt sikkert finns gode rettleiingar berre ein veit kvar ein skal finne dei.




Derfor legg eg rett og slett ut bileta enkeltvis, så kan eg håpe på at nokon forbarmar seg over meg og kjem med gode tips i kommentarfeltet etterpå.




Bileta er frå siste delen av Camino de Santiago som mannen min og eg gjennomførte i månadsskiftet juni / juli, og det eg vil vise fram er litt av blomsterprakta vi passerte på vegen vi vandra.




Kameraet mitt kan ikkje yte blomstrane rettferd, men her er bileta likevel:)PS. Takk til Nikoline for godt råd:)

søndag 19. juli 2009

Heime igjen

Ferieturen, men ikkje ferien, er over. Vi kom heim til tradisjonell laurdagskveld, med rollebyte:
I kveld var det eldstejenta som var pizzakokk og vi kunne sette oss til dekka bord:)
No har vi fått tømt bilen for alt som hadde samla seg opp der, vaskemaskina er i gong, roa har senka seg og eg er på nett så mykje eg vil:)
Mange inntrykk og kjekke opplevingar skal sorterast saman med bileta vi har knipsa. Vi har farta vidt omkring, kilometerteljaren viser at vi har køy
rt meir enn 10000 km, i tillegg til dei 160 som vi gjekk. Etter Carcassonne var vi eit par dagar i Geneve før vi køyrde til Regensburg, ein sjarmerande tysk by som unngjekk bomberegnet frå dei allierte under 2. verdskrig.Så vart det ei lang etappe heil til sørlege Danmark, der berre sov vi, men nokre timar i København tok vi oss tid til føe vi fortsette nordover. Siste stopp på turen var Eda i Sverige, der svigerinna mi bur.
For sju år sidan kjøpte ho seg eit herleg hus med tilhøyrande stabbur.I huset som ho har fyllt opp med gamle, fine tradisjonsmøblar og husgeråd av mange slag,






er der ikkje mindre enn to store kakkelovnar.


Der har svigerinna mi det som plommen i egget, naboane er verdens mest omtenksame og ho kjenner seg skikkeleg etablert i bygda.

For oss er det fint å kunne kome dit på besøk, ho tek imot oss med opne armar og dekker koseleg bord med god mat.

Vi har vore der nesten kvar sommar sidan ho flytta inn, og to gongar har storfamilien reist bort og feira jul i det fine huset hennar. Det har vore kjekke opplevingar for store og små, med mykje liv og røre, så det har nok vore ein stor lette for svigerinna mi når vi har reist heim:)


søndag 12. juli 2009

Carcassonne

Ein mellomalderby i Sør-Frankrike, eit stykke søraust for Toulouse, her er vi no!
Etter at eg las romanen Labyrinten av Kate Moss (Er usikker på korleis namnet skal skrivast), har eg hatt så lyst til å kome akkurat hit. Romanen er delvis ein historisk roman, delvis notidsroman, den historiske delen fascinerte meg, resten av romanen var fullstendig uinteressant i mine auger
.
Det som har lokka meg hit er det fantastiske citadellet som kneiser over byen, større borg skal du leite lenge etter!
Vi kom hit i nitida i kveld, vi var raske å finne oss eit hotell, og så bar det strake vegen opp til citadellet. Eg visste ikkje så mykje om det på førehand, så eg vart gledeleg overraska over å finne ei borg med eit blomstrande handelsliv, akkurat som i mellomalderen. Der kryr av kafear og restaurantar, crepe- boder og butikkar som tilbyr varer av mange slag. Vi bestilte oss andelår på ein restaurant, og det smakte nydeleg der vi sat tett attmed brønnen og såg på folkelivet.
I morgon blir det ny tur opp og få med oss enda fleire inntrykk i fullt dagslys:)
Når eg kjem heim skal eg finne ut meir om katarane som heldt til her i mellomalderen, det eg veit er at denne folkegruppa hadde sitt eige språk, ei blanding mellom fransk og spansk; oksitansk, og at dei vart forfyldge under inkvisisjonen fordi dei ikkje trudde at Jesus var Guds son, det er frå ordet katar ein finn opphavet til kjettar.


lørdag 11. juli 2009

Rask oppdatering

Vi kom fram til pilgrimsmaalet soendag kl. 12.10 og fekk med oss messa i katedralen, der den mektige botafumeiraen som svinga fraa eine sida til en andre var hoegdepunktet. Er no paa heimveg, vi har vore innom fleire plassar der vi overnatta sist vi gjekk caminoen, reine mimreturen med andre ord. Akkurat no sit eg i Roncesvalles, siste caminostad i Spania, vi passerer grensa til Frankrike naar vi koeyrer herifraa. Har planar om aa ta ei rute austover ganske langt soer, har saa lyst innom Carcassonne. Mandag skal vi vere i Sveits, daa blir det Aquaparc saman med borneborna:)

fredag 3. juli 2009

Om aa plumpe bort i rare opplevingar.

Paa etappen vi gjekk i dag, som ikkje var lenger enn 15 km, vart vi kontakta av eit filmteam som ville ha oss med i ein film, oppdaga, kan ein vel paa ein maate seie:)
Vi skulle ha oss ei lita pause og ein god kopp te paa ein cafeteria langs vegen. Medan eg var inne og bestilte te, kom ein kar bort til mannen min og spurde om vi ville vere statistar i ein film, han kunne ikkje saa mykje engelsk, saa naar eg kom ut forklarte han paa spansk/engelsk at dei lagar ein film for galisisk television om ein ung gut og ein prest i rullestol som er saman paa caminoen, vaar oppgaave skulle vere aa kome gaaande og be den unge guten om aa ta eit bilete av oss. Morsomt, syntest vi, saa eg ga han telefonnummeret mitt, saa skulle han ringe oss kl. 17.30. Vi var daa for lengst installerte paa alberguet og klar for action. Den same karen kom og henta oss og koeyrde oss ein og ein halv dagsetappe paa nokre faa minutt, der installerte filmteamet seg og vi fekk beskjed om aa gaa over ei gammal, lita steinbru. Etter tre turar over brua, der den eine gongen vart avbroten av ein bil som kom, var dei fornoegde, saa vart vi filma bakanfraa til vi runda naeraste gatehjoerne. Til slutt vart det fotografering saman med heile teamet, saa vi har nokre skrytebilete aa vise til, foer vi vart koeyrde tilbake til byen vi skal overnatte i. Vi har faat lovnad paa ein dvd naar filmen er ferdig produsert:) Ellers har vi ete god middag og hoeyrt paa spennande pilgrimmar fraa Soer- Afrika og Frankrike som hadde mykje interessant aa fortelje om fraa vandringa si. Vi er ved godt mot, to dagar med korte etapper har gjort underverk for saare foeter, saa i morgon har vi planar om ei lang etappe igjen, saa blir det ein kort veg fram til maalet soendag:)

torsdag 2. juli 2009

Ein liten tur innom bloggen.

Godt aa ha tilgong paa internet igjen! Det vart hektiske dagar foer vi koeyrde avgarde paa ferie. Etter 4 1/2 dag i bilen, og nesten 450 mil, var vi framme i O´Cebreiro, Galicia sist soendag. Heldig for oss, kom eldstedotter og svigerson koeyrande fraa Santiago for aa hente bilen saa vi fekk ta sekkane paa ryggen og begynne vandringa vaar. Vi er paa ein maate litt meir luksuspilgrimmar denne gongen enn sist, baade fordi vi berre skal gaa ein etappe paa 160 km, og fordi vi held oss for oss sjoelve om natta. Det var saa lite hyggeleg at andre vart forstyrra av snorkemannen min at no har vi berre bestemt oss for aa finne oss overnattingsplassar der vi faar eige rom. Paa den maaten kjem vi ikkje saa naer inn paa dei andre som gaar, men vi er paa nikk med mange, og snakkar med nokre av dei vi ser kvar dag. Ellers er det toeft nok med blemmer under fotsolane, stiv muskulatur i laar og legger og samanpressa storetaer! Vi har vandra i fantastisk natur, eg trur Galicia maa vere min plass i verda! Har mange bilete paa minnebrikka, men vanskeleg aa faa overfoere noko paa automatdatamaskinen, saa det faar vente til vi er heime igjen. Dersom ikkje taaproblema blir verre, trur vi at vi er i maal paa soendag. Eldstejenta vaar og dei to stoerste borneborna, Luca og Anthony, har planar om aa kome og gaa dei siste 10 km saman med oss, det blir kjekt! Og naar pilgrinmsferda er unnagjort skal vi kose oss paa atlanterhavsstrender vest for Santiago eit par dagar foer vi vender nasene heim. Haaper du som les dette forstaar norsken min naar eg manglar vesentlege bokstavar paa tastaturet:)