Eg vedgår med ein gong at eg har eit noko spesielt forhold til bøker. Det er nesten slik at eg ikkje kan lese ei bok dersom eg ikkje eig ho, medan eg gjerne kan eige bøker som eg enno ikkje har lese:)
Gjennom åra har det vorte nokre bokkjøp, både etter besøk i bokhandlar, ved medlemsskap i ulike bokklubbar og på nettet. Eg samlar på bøker, det vere seg fagbøker, reisehandbøker, biografiar, hobbybøker, barnebøker eller romanar. Det einaste eg ikkje bryr meg noko særleg om er krim. Bøkene mine samlar eg i bokhyller over det meste av huset; i stova, i gangen, i trappeoppgongen og på arbeidsromet.
Dei eg bur saman med forstår ikkje denne trongen eg har til å omgi meg med bøker og trugar med jamne mellomrom med å kaste dei ut, eg går straks i forsvarsposisjon og proklamerer at forsvinn bøkene så forsvinn eg saman med dei!
Eg var ivrig høgtlesar for borna mine då dei var små, men etter at dei vart lesekyndige sjølve, har dei ikkje slukt mange bøkene, i alle fall ikkje dei to yngste. Det var difor litt av ei overrasking ein kveld i forrige veke,eg henta veslejenta mi som hadde vore på kjærestbesøk. "Gjett kva eg har lånt med mor til kjærasten min", sa ho, "ei bok!".
Og ikkje kva som helst slags bok heller! Ho hadde nemleg lånt den siste boka eg har kjøpt
- og lese sjølv: Señor Peregrino av den cubansk/amerikanske forfattaren Cecilia Samartin.
I boka følgjer vi parallelt historia til ei ung meksikansk jente, med eit stygt fødselsmerke som gjer livet vanskeleg for henne, og ein spansk mann som saman med ein venn legg ut på ei pilgrimsvandring gjennom heimlandet sitt. Desse to, den unge jenta og den etter kvart gamle mannen, møtest i USA og blir gjensidig avhengige av kvarandre..... Boka har fått mykje god omtale, og for meg som aldri får El Camino de Santiago ut av systemet etter å ha gått mesteparten av pilgrimsvegen saman med mannen min for to år sidan, er ho eit funn. OG DENNE BOKA HAR VESLEJENTA MI PÅ 16 ÅR SNART LESE UT PÅ EI LITA VEKE! DET GLER EIT MORSHJERTE:)