På kveldsturen min i dag tok eg med fotoapparatet for dokumentere kva temperaturar over ti grader gjer med naturen i april. Det er heilt ufatteleg at i løpet av nokre få mildversdagar så er vårteikna her overalt!
Kvitveis (kvitsymre)
........kusymre
.... og gåsungar i fleng!
Det var litt i seinaste laget, i ferd med å skumre, men eg klarer ikkje å halde meg, må berre få dele våren med alle som enno trakkar i snø.
Ta imot våren, her kjem han!
Hei!
SvarSlettJa, det er utruleg kor fort våren plutseleg er der.....
i dag var eg ein tur på garden der kvitveisen pleier kome fyrst, og jammen fann eg 5 kvitveis, små og puslete var dei, men likevel.....ha det godt og god påske vidare!!!