torsdag 22. desember 2011

No er det Astrid sin tur

Astrid er venninna til Åsta, ho er ei av mange som ventar på den mest etterspurte julesnadderet hos oss: “Fiskepudding spesial”

Ei oppskrift som kom oss i hende for mange  år sidan, og som er eit absolutt “must” kvar jul. Eg ventar vanlegvis lengst muleg før eg lagar fiskepuddingen så eg skal vere sikker på at han varer til julehelga, men i fjor måtte  eg gjere eit unntak, då var nemleg Astrid i Sør-Afrika som utvekslingsstudent, og ho måtte få fiskepudding til jul!

I år vil ho prøve å lage han sjølv, derfor kjem oppskrifta her.
Dette er ingrediensane:

Fiskepudding spesial 004

– skjønar du kvifor det heng på “spesial” etter fiskepudding?

Marsipan - del marsipanen i bitar, kjevle ut kvar bit til eit rektangel
og legg dei på  “gladpak”, ca. dobbelt så stort som marsipan-rektanglet

250 g delfiafeitt – smelt det
3 store fruktnøttsjokoladar
200 g mørk sjokolade (70%) - smelt sjokoladen i mikrobølgeovnen

2 egg
2 ss sukker

Visp saman egg og sukker, tilset smelta sjokolade og delfiafeitt, bland godt.

Nonstop, seigmenn, juleskum, fiken, neter etc. tilset du etter smak. Del opp alt utanom nonstop før du har det i blandinga.

Fiskepudding spesial 005

Fordel sjokoladefyllet utover på marsipan-rektangla og rull dei saman til pølser – eller fiskepudding ved hjelp av gladpak-en. Set dei i kjøleskapet til fyllet har stivna.
Oppbevar i kjøleskap.

 Fiskepudding spesial 007

Ved servering, skjer  fiskepuddingen i skiver. Bon apetite:)

4 kommentarer:

  1. Ser godt ut =) Hvordan smelter du sjokoladen i mikroen, vannbad?

    SvarSlett
  2. La roen og jula komme med glede og latter. God jul til deg og din familie. Klem fra Sonja

    SvarSlett
  3. Det var noe til julegodter. Må prøves, absolutt!
    Jeg ønsker deg og dine ei minnerik og god jul!
    Klem fra nord!

    SvarSlett
  4. Herlighet, det såg godt ut....
    ha ei flott Jul...

    Klem frå storhavet..

    SvarSlett