mandag 19. desember 2011

Til Susanne

Endeleg kom eg i gong med julebaksten, og smakt har vi også fått gjort:)

No har eg lovt Susanne, som eg er tante til, oppskrift på eit par sortar – og skal eg først skrive ned oppskriftene, så kan det kanskje kome fleire til gode – derfor bruker eg bloggen:)

Susanne sine favorittar gjennom mange år heiter Russiske kyss, oppskrifta har eg funne i bladet Alt om julen frå 1990:

4 eggekvitar
250 g sukker
100 – 150 g valneter

Set bakebollen i lunka vassbad og visp sukker og eggekvitar i ti min.
Bland i dei grovhakka netene.
Set kakene med teskei på bakepapir, steik dei ved 150 grader i 10 – 15 min, til kakene kjennest tørre. Avkjøl på rist.



Til syltetøykakene bruker eg eigentleg deigen til fylte kjeks, eg lagar kjeks av halvparten av deigen og syltetøykaker av resten. Det blir mellom 30 og 40 kaker av kvar sort.

Eg bruker to utstikk-hjerter, eit lite og eit litt større til syltetøykakene.



Deig: henta frå kakefesten.com

Kjeks

  • Kjeks
  • 3 egg
  • 250gr sukker
  • 500gr mel
  • 3 tsk bakepulver
  • 300gr meierismør(mykt) el. margarin
  • Fyll
  • 200gr delfiafett
  • 350 gr melis
  • sitrondråper




Fremgangsmåte
  1. visp egg og sukker til eggedosis
  2. sikt halve melet i røra + bakepulveret og vaniljesukkeret
  3. elt inn smøret
  4. elt inn resten av melet
  5. La stå i kjøleskapet over natta
  6. Ta ut små posjoner av deigen i gangen, og kjevle ut på benken med rikelig mel. Blir klissete når den blir varm og setter seg fort fast i benken.Stans ut med de formene du vil.
  7. Stek på en plate med bakepapir midt i ovnen på 180 grader ca.6-10 min
  8. Fyllet lages når kjeksene er ferdige og avkjølt.
  9. 1- smelt delfiafettet og bland sammen melis og sitrondråper.
  10. Smør i vei :)




Men sidan halvparten skal smørast med Gode greier sin jordbærgele, kan du halvere kjeksfyllet.

Lukke til!

3 kommentarer:

  1. Så dyktig du er..
    Berre baka lefse med systå mi eg..

    God Jul til deg og dine!!

    SvarSlett
  2. Du er da flittig!
    Mange sorter kaker allerede!
    Ha ei riktig god førjulstid, den varer i under ei uke nå...

    SvarSlett
  3. Her var det masse godt !! Takker for oppskriftene:)

    Akkurat no er det eit lite brunt nøste som leikar seg med ei garding, men eg let han berre vere :))

    Blir lite gjort til Jul her i hus i år. Baker litt, vasker litt og julegåvene gjorde eg ferdig i november. Petrinemannen flaksar rundt på Rema med handleliste og ber til gards!

    Ønsker deg og diner ei riktig GOD JUL !!

    stor juleklem

    SvarSlett