I morgon er siste dagen i året, eg har sjansen til å skrive eitt innlegg til før årets bok skal i printen, mannen min påstår at denne boka kjem til å bestå berre av omslagssidene, og han har nesten rett.
Men etter i morgon kjem eit nytt år – og då kan eg kanskje få igjen inspirasjonen og skrivelysta slik at eg om eit år kan sende ei bok med mange sider til trykking:), eg kan I alle fall leve i trua ei stund.
Kva er det eg ikkje har skrive om dette året då?
Borneborna! Eg treff dei ganske ofte, dei som bur i nærleiken er stort sett innom ein gong i veka, kjekke karar som fortener større plass i bloggen min, dei veks så fort til at eg må bli flinkare å ta vare på dei stundene vi får saman. Dei som bur lenger unna ser eg ikkje så ofte, men eg besøkjer dei frå tid til anna, og dei kjem til oss i feriane. I november var eg saman med dei i to veker medan mammaen var på jobbreise, men det vart ingen bloggeinnlegg frå dei vekene heller, trass i alle dei kjekke stundene vi hadde.
Strikkinga! Eg har alltid minst eitt strikkeprodukt på pinnane, det har vorte produsert ein del plagg i år, sjolv om berre eit fåtal har vorte publiserte på bloggen. Minstejenta har fått tre nye gensarar, ein av dei er omtala her, eg har utvida garderoben med to gensarar og to jakker, ei jakke vart det blogginnlegg om, resten er ikkje nemnt. Tre av dei siste produkta ligg opprasta på stovebordet akkurat no, ein gensar til ei tantejenta som fylte år i romjula, ein “islendar” til Mateo, og ei “henge-på-kontorstolen-jakke” til meg sjølv. Sistnemnde vart det strikka tre av, dei to storejentene mine fekk kvar si også:)
Naturen! Eg bur midt i naturen, har hav og himmel kloss på, fotomotiv kvar eg vender auget, men tek eg med kamera når eg går tur? Nei, det er så stort og ruvande, det får bli att heime.
Livet! Eg lever det no, opplevingar som står i kø, men dei kjem ikkje med her. Ei mor som eldest, som plagast meir og meir med sjukdom, kor lenge får vi ha henne blant oss, tru? Ho fyller 90 år I februar, om ho får leve. Ho har fortalt meg mykje som eg kunne ha skrive om i bloggen min. Kanskje neste år?