søndag 28. oktober 2012

Snippel–Snappel–Skappel -

eller Strikkebesta…….

Som den garva ikkje-tv-sjåaren eg er må eg berre seie at eg ikkje veit kven denne Skappel-dama er. Om eg skulle møte henne på gata, eller om det skulle dukke opp eit bilete av henne, ville eg ikkje ha kjent henne igjen. Men Skappel-gensaren kjenner eg til, og eg er såpass oppdatert på det som skjer i nyheitsbiletet at eg har fått med med oppslaget om at ho hadde kopiert gensar-designet til ein motebutikk i Oslo, nemleg Freudian Kicks.

Det eg ikkje forstår er korleis nokon kan påberope seg å ha designa dette tidlause plagget!
Det var akkurat slik dei såg ut dei fyrste gensarane vi strikka i"handgjerningstimane" på skulen for leeeenge sidan.

Eg høyrde forresten om ei bestemor som hadda strikka Skappelgensar til barnebarnet, gensaren vart så diger og tung at han såg ut som ei brynje, ho lurte på om ho skulle gi han til det lokale vikingspelet "Kongens ring" som går av stabelen kvart år i juni:)
Det seier vel noko om at det kanskje var slik dei fyrste gensarane som vart strikka såg ut også, ein gong i "tidenes morgen"?

Minstejenta mi, som no er Bergensstudent, har tigga etter ein slik gensar ei stund, eg har halde igjen, det er no eit perfekt begynnar-prosjekt! Men forrige laurdag ga eg etter og kjøpte tråd til gensaren.

Skappelgensar 003

Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift som eg fann her:
http://anitasskriverier.blogg.no/1345275284_skappelgenser_og_rill.html, som igjen hadde vore innom her: http://mariaskappel.no/2012/08/15/skappel-genseren-igjen/

Eg har gjort mine justeringar, både med omsyn til lengde, breidde og halsfelling, og ikkje minst val av tråd (Sandnes garn) derfor meiner eg å vere i min fulle rett til å sette på min eigen logo – eller kva?

Skappelgensar 017

Biletet tok eg ute på den nedesnøa altanen vår, og slik har sommarblomstrane mine det der ute akkurat no:


Skappelgensar 004

5 kommentarer:

  1. Jeg har også tenkt de samme tankene, men håper mottakeren av genseren blir fornøyd. Mote er mote, samme hvordan det ser ut, eller er vi blitt gamle og snerpete?
    Det fine med denne genseren er at mange unge velger å begynne med strikking, og det liker vi. Jeg har ikke strikka en eneste Skappel, men hvem vet?

    Ha en fortsatt fin søndag!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Enig med deg; denne typen gensere strikket vi på 80-tallet, men Dorthe skal ha æren for at enkle plagg er kommet på moten og at unge vil ha strikkeplagg;)
    Din ble fin!
    Ha ei god og ny uke, klem fra mæ;)

    SvarSlett
  3. Akkurat det du skriv, har eg meint sidan dette fenomenet oppstod.. Det var nett slik nybegynnar-strikkinga til mange så ut.. og for 30-40 år sidan hadde nok dei fleste noko som ligna, då alt skulle være stort og vidt. At nokon kan meine å ha opphavsrett er rart i mitt hovud. Men at mange unge starta med strikkepinnar er berre moro...
    Og no er det farmen-gensar til gutane som er inn....

    SvarSlett
  4. Jeg kan egentlig bare føye meg i rekken av de andre som har kommentert her. Dette er ikke nytt akkurat. Men genseren ble fin den, med dine tilpasninger :)

    SvarSlett
  5. Du är verkligen inne på rätt spår, jag hade en sån tröja i slutet på 70 talet, en grön, som min mamma stickade åt mig. Den bodde jag i genom tonåren, inte kan någon påberopa sig det designet.
    Din tröja blev fin, märkelappen passar perfekt och jag misstänker studenten kommer slita på den i många år. Det är tröjan med den perfekta passform :)

    SvarSlett