lørdag 20. oktober 2012

Viktoriaplommene

Då vi flytta inn i huset vart, for mange  år sidan, stod det gamle viktoriaplommetreet til Besta mi i hagen. Når vi hadde hatt varme sommarar, og hausten hadde vore bra, kunne vi kose oss med dei beste plommene i verda. Men det var også haustar då plommene ikkje vart modne.

Det var ein sorgens dag då plommetreet måtte vike plassen for veg til huset til bror min, eg likte det dårleg då eg såg gravemaskina røske opp treet med rot og slenge det frå seg på bakken.

Men vi kjøpte oss eit nytt Viktoriaplommetre som vi planta framfor kjøkenvindauget, og enten så har åra gått fort, eller så var det eit hurtigveksande tre, for det har i alle fall vakse plommer på det i mange år alt. Kvar haust er vi like spente på om plommene rekk å modnast før vinteren kjem.

Siste sommar var ikkje mykje å skryte av med tanke på sol og varme, men plommene vaks likevel, så vi kjende spenninga stige på veg heim frå den vesle haustferien vår til varmare strøk.
Og jammen så var der nokre som hadde fått rette fargane, gule på eine sida og raude på den andre:) Vi plukka dei som såg best ut på måndag, eg må vedgå at det var skuffande å setje tennene i den første plomma; smaklaus og vassen! Men til plommesylte fekk dei duge. Det vart nokre glas då, og litt fleire i dag, og til trass for den dårlege kvaliteten, så går tankane til dei fantastiske hermetiske plommene som Besta brukte å spare til jul, når eg tek meg ei skive med plommesylte:)

Eg gløymde å fotografere før syltinga, her er dei som ikkje vart godkjende som sylteplommer ein gong:

Viktoria 001

Og her er dagens produksjon:

Viktoria 004

3 kommentarer:

  1. Plommesylte er bare så godt, og nå løper tennene i vann! Victoriaplommetre er vel et must på Nordvestlandet. Mor og far hadde også det, og de siste årene før huset ble solgt, var det jeg som fikk avlinga. Men ingenting varer evig....

    God søndag!

    Klem fra Uvdal

    SvarSlett
  2. jeg må innrømme: Det ser herlig ut,bare synd vi ikke får til plommer her...

    SvarSlett
  3. Å, eg kjenner smaken, og lukta... I min barndomsheim var det og plommetrær. Dei aller finaste plommene hermitiserte mor, og det blei dessert på spesielle dagar, jul og fint besøk...

    SvarSlett