søndag 13. desember 2015

September - tid for avskjed


Vi har fått hatt mora vår lenge, i februar fylte ho 92 år. Ho har vore viktig for oss, både i oppveksten og seinare. Ho lærte oss forskjell på rett og gale, rettferdssansen hennar har alltid vore sterk, det same kan ein seie om omtanken hennar for alle som ikkje hadde det så bra.

For borneborna har ho også vore ein sentral person, på litt ulikt vis, alt etter når i livet hennar dei kom til.

Dei seinare åra har ho vore sjuk, Alzheimer og demens gjorde det umulig for henne å bu heime, så  i vel fire år har ho budd på institusjon.

Humor, språkleg interesse og ein utruleg evne til å finne det rette sitatet eller uttrykket til ei kvar tid har vore  kjenneteiknet til mor i alle år, også etter at ho vart sjuk. Vi veit litt om denne sjukdommen, om personlegdomsendring og depresjon som fylgjer med, derfor har det vore veldig godt for oss pårørande at ho ikkje har vore bitter eller aggressiv, og at kjenneteikna som eg har nemt var med henne heile tida. Ho som i alle år hadde ein hugs som ingen andre, rista berre resignert på hovudet og sa at no hadde hugsen hennar reist på ferie når vi spurde etter kvardagslege ting og ho ikkje kunne svare på det.

I januar i år døydde eldstesonen hennar brått. I starten verka det som om dette faktumet ikkje gjekk inn, ho såg heilt upåverka ut, men dagen før han skulle gravleggast viste det seg at ho ho hadde forstått det, då spurde ho brått om han hadde vore sjuk lenge og om han hadde hatt det vondt. Frå då av kunne vi sjå at ho endra personlegdom. Ho vart stillare, trøyttare, og matlysta forsvann litt etter litt. Ho viste stadiig mindre interesse for det som skjedde rundt henne, det var ikkje alltid at ho kjende att borneborna når dei kom på besøk, og ho kunne rote med at vi borna var syskjena hennar,

I starten på august, medan vi var på veg heim frå Koster, kom meldinga om at mor var dårleg, blodsukkeret hennar var skyhøgt og ho hadde høgt blodtrykk. Vi var innstilte på at dette kunne vere slutten , men alt dagen etter sat ho i stolen sin då Oskar og foreldra var på besøk, ho tøysa med Oskar og var tilsynelatande i god form.

Men noko alvorleg hadde skjedd, merka vi, ho sa merkelege ting, og ho var skeiv i ansiktet, blodsukkeret nok hadde vore høgt over lang tid slik at det hadde gjort skade hjernen hennar.

Ofte når vi kom på besøk på ettermiddagen i løpet av august og september, låg ho til sengs eller ho sat og sov i stolen sin. Vi fekk også vite at ho låg lenge utover formiddagen, og  at ho gjerne fekk servert frukosten på senga.

Så, i slutten av september fekk vi beskjed om at dei hadde bestilt lege til mor, dei ville ha nokon av hennar næraste der når legen kom. Dagen før, og også denne dagen hadde ho hatt pustestopp som varte opp til tretti sekund. Ho ville ikkje ha mat eller medisinar, og ho ville knapt nok drikke vatn. Legen var klar på at dette var begynnelsen til slutten.

Då mobilserte vi som storfamilie, målet var at mor ikkje skulle kjenne seg åleine i denne perioden, vi av borna hennar som kunne, gjorde avtale om å vere hos henne på skift, dei fyrste nettene vart vi rådde til å fare heim og sove, og vi valde å stole på ekspertisen og fylgje rådet. Borneborna som bur nær nok troppa opp, både ein og fleire gongar, oldeborna kom, og svigerborna. Vi fekk ikkje så mykje kontakt med mor, berre i korte økter var ho vaken og prata litt.,. Kvar gong ho fekk litt drikke, elller puta vart rista opp, takka ho.
 Sjølv om vi ikkje snakka så mykje med mor, sat vi no der og praten gjekk om kvardagslege og kjende tema. Av og til song vi salmar og songar som vi visste at mor var glad i, der var alltid nokon som ho kunne halde i handa, mange var bortom senga og strauk henne på kinnet eller ga henne ein klem. Både han som var på sjukehus og han som var i USA rakk i mor medan det enno var mulig å få kontakt med henne.

Vi har sett at personalet på ein sjukeheim har mange oppgåver, og dei rekk ikkje alltid over alt dei skulle ha gjort, men vi må berømme dei for korleis dei tek seg av pasientar i siste fasen av livet. Mor vart vaska og stelt,  og ho vart snudd, dei passa godt på at ho ikkje skulle få liggesår. Ho fekk tilbod om mat og medisinar, og dei ga henne drikke så lenge ho klarde å svelgje den, dei siste døgna kunne vi berre væte lepper og tunge med ein vattpinne med jamne mellomrom.

Det var rørande når nokre av personalet som no jobba på andre avdelingar kom for å ta farvel.  Nattsjukepleiarane var ofte innom, ei av dei prioriterte å sitje hos mor og prate ei natt ho var så vaken, då snakka dei om familien og om døden. Ho hadde sagt at ho var ikkje redd for å døy men ho var ikkje heilt klar enno.

Nesten ei veke gjekk utan at mor inntok mat eller medisinar, då fekk vi beskjed om at no var det på tide at nokon av oss var der på natta også. Systra mi og eg melde oss frivillig, så fekk brødrene, og ikkje minst svigerinna vår, Wenche, dele på ”dagvaktene”.

Det er sjølvsagt tungt å vere til stades og vere vitne til at det går stadig nedover med den ein er glad i, men på same tid var det fint å sjå at mor var heilt roleg, pust og puls hadde auka i fart og intensitet, men dei mange symptoma som vi las om i brosjyren om siste fase i livet såg vi lite til, og det vart ikkje nødvendig med opptrapping av smertebehandling eller roande medisinar.

Den fyrste natta sat tanteguten vår, Magnus der saman med oss til langt ut på morgonkvisten, 
så vart det ei natt med berre oss to, men den tredje natta vart  Susanne og Bodil verande saman med oss lenger enn dei hadde planlagt. 
Fleire teikn peika mot at slutten var nær, mor hadde vore så varm og god heilt ut hendene og føtene heile tida, men no breidde kulden seg gradvis, frå hender og føter inn mot hjartet. Vi pakka dyna godt rundt mora vår, endå vi visste at ho ikkje merka noko av kulden. Pusten hennar roa seg ned, hjarteslaga vart svakare og sjeldnare, til livet ebba ut. 
Stilt og fredfullt, nesten umerkeleg drog mor  sitt siste andedrag natt til laurdag 26.september 2015.





fredag 4. desember 2015

August gjekk fort

No er eg på "høgget" det nærmar seg slutten av året og eg tenkjer på bloggeboka eg skal bestille, og då må eg få med litt frå alle månadane i året.



August er tid for nytt skuleår, det er alltid kjekt å møte att blide elevar og kjekke kollegaer, sjølv om ein alltid har lyst til å strekkje ferien så langt som råd.

August er full av " jibbersdagar": Antony, Iver og Tordis er dei som står meg nærast, men i tillegg er det fleire tanteborn og deira born igjen som fyller år  denne månaden.

Denne kaka var det Marylin og Sienna som pynta


Oskar var ofte innom på besøk. 


Han er visst like glad i fargar som Besta si.



Vi hadde nokre fine augustdagar, som den søndagen vi fekk med svigermora mi på tur til Stryn for å kikke innom hytta til Olga og Bård.

På den flotte Kvivsvegen er der ein naturleg stoppeplass, nemleg der dei har plassert ei kjempepadde for å markere at ein har ivareteke desse amfibiane då vegen vart bygd.



Det er tydeleg at både mann og svigermor kjenner meg og mine barnslege sider godt når dei ikkje så mykje som heva augebryna då eg ville klatre opp på paddeskulpturen for å bli fotografert.



I det fine veret hadde vi koseleg søndagskaffi i hytteveggen ute på terrassen før vi køyrde heim.



Ein annan søndagskveld køyrde vi til Flø, der fekk eg knipsa desse bileta i eit merkeleg halvdisig lys.



Jordbærtur

Vi er så heldige at vi bur så nær  den beste jordbærbygda i landet, Valldal, at vi kan køyre inn og kjøpe oss ferske bær kvart år. I år var vi i tillegg så heldige at bærsesongen var sein slik at der framleis var bær å ta av når vi kom heim frå ferie. Og ikkje nok med det, vi var også så heldige at vi fekk lag på turen, for Marylin var på ei ekstra sunnmørsferie, og ho og Sienna kom og vart med oss på jordbærhandel. Tjue kilo med flotte jordbær og seks kilo like fine bringebær hadde vi med i bilen heim, men trur du eg tok bilete av herligheita?  Å nei da, alt vart rørt og putta i frysaren same dagen, utan at nokon av oss hadde tanke for å dokumentere godsakene.

Men turen vart kjekk, med fleire stopp undervegs. Fyrst i Sylte, som er namnet på sentrum av Valldal, der kjøpte vi softis.


 Så var vi opp til klatreparken lenger oppe i dalen og trudde at jentene skulle få leike Tarzan ei stund, men så var parken stengt på måndagar.

Då snudde vi nedover igjen og fekk oss lunsj i Jordbærhuset før vi henta bæra hos vår faste leverandør, Hegelin. Jentene måtte ha seg ein tur bort til næraste jodbæråker og plukke bær rett i munnen medan vi fylte opp bilen.

Neste post på programmet var Gudbrannsjuvet, ein prakfull foss med sprutande vatn og jettegyter.




Vidare måtte vi stoppe på toppen av Trollstigen 


og vasse i vatn frå isbreen




og kike ned på bilane som snegla seg opp- og nedover den svingete vegen før vi sette oss i bilen og svinga oss nedover sjølve.



Marylin hadde med baggasjen sin, for ho skulle reise med fly tilbake til Oslo den ettermiddagen. Vi rakk ein rask tur innom MacDonalds før vi måtte sette kursen mot flyplassen. Så snart vi hadde fått sendt henne avgarde var det å kome seg i bilen for å rekke neste ferge heim og begynne å lage sylte.

Ikkje all bæra vart sylte, forresten, vi måtte sjølvsagt ha jordbær med fløyte på når vi hadde så gode bær å ta av.

torsdag 3. desember 2015

Five hundred miles away from home

-->
Men, åååå, vi skulle heim att også – med båt!
Eg må vedgå at eg begynte å få nok av båtlivets ”gleder” og då kjendest vegen heim lang.
Søndagen, dagen etter bryllupet kom vi oss ikkje så langt, sola skein, men det var så pass vindfullt at vi var vel fornøgde med å kome oss til Fredrikstad.





Det fine med plassar  ein ikkje har besøkt før er sjølvsagt at der er det mykje nytt å sjå på.
Dei fyrste timane måtte vi stadig søkje ly for kraftige regnbyger, men ut på kvelden vart det fint, så då gjekk vi til gamlebyen og såg oss om. Det hadde vore kjekt å komt der på dagtid, så det får bli neste gong vi er på dei traktene.




Rart å fortøye langs brygga i ei elv, forresten, og neste dag å finne vestløpet og kome oss vidare derifrå. Godt sjøver og heimlengt tok oss langt denne dagen, forbi flotte fyrlykter og fine idyllar, 












heilt til Mandal, faktisk. Der følte vi oss litt heime sidan vi hadde tilbrakt nokre dagar der på veg austover.




Surt regnver den dagen NRK-sommerbåten gjekk frå Farsund til Mandal, derfor såg vi ingenting av den då vi gjekk motsett veg, frå Mandal til Farsund. Spangereidkanalen er passe stor  for oss, medan større båtar må gå rundt Lindesnes.


Det hølja og bøtta ned i Farsund også, så då var det fint å ha hybelkomfyren så eg kunne slå i hel tida med middagslaging, medan Ånund spelte sjakk med mobilen sin.



Ny dag og blanke ark på onsdag, då for vi langt avgarde igjen. 

For at svigermora mi på 92 år skal sleppe å ”attelete” på oss, når vi er ute og fartar,  har vi oppretta ei familieside på Fb  der vi kan legge inn oppdateringar når vi har noko å melde. Fylgjande melding fekk svigermora mi til å le godt: 
”I dag passerer vi Lista i full dryling, det har vi aldri kunna før. Vel rausar lausøyra i dørken, men propellen har ikkje vore ute or sjøen enno.” 

 

Ingenting å le av, etter mi meining, det var ei presis situasjonsskildring.

Men vi ”drylte” oss avgarde vidare, heilt fram til Nautøyo ved Stord. Der fann vi att roa og bestemte oss for å slå oss til for ein dag. Denne vart nytta effektivt med nye besøk hos slekt og venner.


Siste natta la vi til ved bryggja inst i Sagvågen, eit lite steinkast frå huset der Ånund vart fødd.


Tidleg fredag morgon starta vi på siste etappe, i regn og skodde gjekk turen nordover til vi hadde passert Bergen. 



Då letta skodda, og regnet vart bytta ut med solskin.



Slik fekk vi ei utruleg fin heimreise gjennom fantastisk natur i Sogn og Fjordane.  Vi gjekk i ein strekk heilt til Hardbakke i Solund. Der fann vi oss ein kafe som serverte gresk mat, og det måtte vi sjølvsagt prøve.







Så barst det vidare, Ånund hadde tenkt at Florø var eit passande mål for dagen, men eg hadde andre planar, difor vart det berre ein kort stopp i Florø for å bunkre diesel før vi fortsette turen heim.









I løpet av den lange turen, der skipperen styrte skuta heilt utan innblanding frå meg, fekk eg god tid til å strikke. 



Det fyrste eg måtte ha meg var eit par båtlestar i maritim stil. 


Eg la ut eit bilete av dei ferdige lestane på facebook og fekk straks ei utfordring frå fb-venner om sykkellestar, eg som syklar til jobben heile året.


Når desse lestane vel var ferdige, fekk eg nye utfordringar, så heile sommaren vart via lestestrikking.






Det var difor naturleg å gjere opp strikkestatus når vi nærma oss heimehamna. Eit oversiktsbilete med Stadthavet som kulisse ville gjere seg, tenkte eg, så i litt skvalpete bølgjer dreiv eg på og danderte lestane i ei snor som var festa i kajakken, uvitande om at min kjære ektemann hadde stor moro av å bivåne heile seansen. Men bileta vart eg i alle fall fornøgd med, der alle dei ti lestepara svingar seg i vinden, med ufesta trådendar dinglande som eit nytt bevis på at no har Strikkebesta gjort som ho alltid brukar: Starta på eit nytt par utan å feste trådane på det forrige.






Klokka 23  den 7.august seig båten inn i båsen heime i småbåthamna. Då hadde vi vore på båtferie i 28 dagar. 



Kvar einaste natt sov vi om bord, då kan vel alle og ein kvar tenkje seg kor herleg det var å kome heim til  litt større forhold i sitt eige hus, for ikkje å snakke om å få sove i si eiga gode seng.