torsdag 3. desember 2015

Five hundred miles away from home

-->
Men, åååå, vi skulle heim att også – med båt!
Eg må vedgå at eg begynte å få nok av båtlivets ”gleder” og då kjendest vegen heim lang.
Søndagen, dagen etter bryllupet kom vi oss ikkje så langt, sola skein, men det var så pass vindfullt at vi var vel fornøgde med å kome oss til Fredrikstad.





Det fine med plassar  ein ikkje har besøkt før er sjølvsagt at der er det mykje nytt å sjå på.
Dei fyrste timane måtte vi stadig søkje ly for kraftige regnbyger, men ut på kvelden vart det fint, så då gjekk vi til gamlebyen og såg oss om. Det hadde vore kjekt å komt der på dagtid, så det får bli neste gong vi er på dei traktene.




Rart å fortøye langs brygga i ei elv, forresten, og neste dag å finne vestløpet og kome oss vidare derifrå. Godt sjøver og heimlengt tok oss langt denne dagen, forbi flotte fyrlykter og fine idyllar, 












heilt til Mandal, faktisk. Der følte vi oss litt heime sidan vi hadde tilbrakt nokre dagar der på veg austover.




Surt regnver den dagen NRK-sommerbåten gjekk frå Farsund til Mandal, derfor såg vi ingenting av den då vi gjekk motsett veg, frå Mandal til Farsund. Spangereidkanalen er passe stor  for oss, medan større båtar må gå rundt Lindesnes.


Det hølja og bøtta ned i Farsund også, så då var det fint å ha hybelkomfyren så eg kunne slå i hel tida med middagslaging, medan Ånund spelte sjakk med mobilen sin.



Ny dag og blanke ark på onsdag, då for vi langt avgarde igjen. 

For at svigermora mi på 92 år skal sleppe å ”attelete” på oss, når vi er ute og fartar,  har vi oppretta ei familieside på Fb  der vi kan legge inn oppdateringar når vi har noko å melde. Fylgjande melding fekk svigermora mi til å le godt: 
”I dag passerer vi Lista i full dryling, det har vi aldri kunna før. Vel rausar lausøyra i dørken, men propellen har ikkje vore ute or sjøen enno.” 

 

Ingenting å le av, etter mi meining, det var ei presis situasjonsskildring.

Men vi ”drylte” oss avgarde vidare, heilt fram til Nautøyo ved Stord. Der fann vi att roa og bestemte oss for å slå oss til for ein dag. Denne vart nytta effektivt med nye besøk hos slekt og venner.


Siste natta la vi til ved bryggja inst i Sagvågen, eit lite steinkast frå huset der Ånund vart fødd.


Tidleg fredag morgon starta vi på siste etappe, i regn og skodde gjekk turen nordover til vi hadde passert Bergen. 



Då letta skodda, og regnet vart bytta ut med solskin.



Slik fekk vi ei utruleg fin heimreise gjennom fantastisk natur i Sogn og Fjordane.  Vi gjekk i ein strekk heilt til Hardbakke i Solund. Der fann vi oss ein kafe som serverte gresk mat, og det måtte vi sjølvsagt prøve.







Så barst det vidare, Ånund hadde tenkt at Florø var eit passande mål for dagen, men eg hadde andre planar, difor vart det berre ein kort stopp i Florø for å bunkre diesel før vi fortsette turen heim.









I løpet av den lange turen, der skipperen styrte skuta heilt utan innblanding frå meg, fekk eg god tid til å strikke. 



Det fyrste eg måtte ha meg var eit par båtlestar i maritim stil. 


Eg la ut eit bilete av dei ferdige lestane på facebook og fekk straks ei utfordring frå fb-venner om sykkellestar, eg som syklar til jobben heile året.


Når desse lestane vel var ferdige, fekk eg nye utfordringar, så heile sommaren vart via lestestrikking.






Det var difor naturleg å gjere opp strikkestatus når vi nærma oss heimehamna. Eit oversiktsbilete med Stadthavet som kulisse ville gjere seg, tenkte eg, så i litt skvalpete bølgjer dreiv eg på og danderte lestane i ei snor som var festa i kajakken, uvitande om at min kjære ektemann hadde stor moro av å bivåne heile seansen. Men bileta vart eg i alle fall fornøgd med, der alle dei ti lestepara svingar seg i vinden, med ufesta trådendar dinglande som eit nytt bevis på at no har Strikkebesta gjort som ho alltid brukar: Starta på eit nytt par utan å feste trådane på det forrige.






Klokka 23  den 7.august seig båten inn i båsen heime i småbåthamna. Då hadde vi vore på båtferie i 28 dagar. 



Kvar einaste natt sov vi om bord, då kan vel alle og ein kvar tenkje seg kor herleg det var å kome heim til  litt større forhold i sitt eige hus, for ikkje å snakke om å få sove i si eiga gode seng.

2 kommentarer:

  1. Det har vært artig å følge dere på turen. Mange fine steder har dere passert eller besøkt, og jeg er imponert over sokke-produksjonen din. Nummer seks fra venstre er min favoritt.

    Ønsker deg ei fin førjulstid!

    SvarSlett
  2. Ein imponerande heimtur... Du verden for ein seilas ;) og for nokre kjeke lestar, og historia bak dei :) Takk for turen! Klem

    SvarSlett