Tidleg i haust såg eg ei hue på ei eller
anna nettside, og eg tenkte at den hua vil eg strikke. Etter å ha prøvt med
ulike søkeord på Google dukka hua opp. Den var designa av ei britisk dame, Kate Davies, og oppskrifta
var til salgs på Ravelry.
Det er sju ulike fargar i hua, så det vart
ein høg pris om eg berre strikka ei hue. Eg skal ikkje påstå at det var
økonomiske grunnar til at eg begynte på ein ny straks den fyrste var ferdig,
det var toppen på hua som fascinerte meg slik, at eg måtte berre prøve korleis
den tok seg ut med andre fargekombinasjonar.
Litt tilleggstråd har vorte kjøpt inn, eit
nøste no og eit nøste då, men det verkar som om eg aldri får brukt opp nokre av
fargane.
No er eg i gong med den fjortande hua,
det
skal få bli den siste, har eg lovt meg sjølv, eg har nemleg fått strikkenevrose
i sena på høgre tommel grunna all mønsterstrikkinga, så no må eg over på
einsfarga ei stund.
Om eg treng så mange huer? Nei, men eg har
no laga mange huer i andre modellar tidlegare, og med tida forsvinn dei ut av
huset, fem av dei har eg alt fått avsetnad på.
Kjempefine! Gjør da ikke noe om du strikker flere av disse. Tenker de får hoder å varme og pynte. Synes du har vært utrolig tålmodig, for de kan da umulig være raske å strikke. Blir vel noen julegaver og her, tipper jeg.
SvarSlettGod helg fra Ingunn
Imponerande! Imponerande, og imponerande! Så flotte huer :) Klem
SvarSlett