Den fyrste snøen denne vinteren la seg
laurdag 05.12. og forsvann igjen måndagen.
Sidan har det vore snøfritt her på våre
kantar, og julesnøen ser også ut til å halde seg unna.
Men sidan vi hadde snøen akkurat på ein
laurdag, og vi i tillegg var invitert til nabokomunen for å bade saman med ei
dame som bur heilt nede i fjøresteinane, ytst ute på ein molo der, har vi hatt
i alle fall eitt vinterbad denne sesongen.
Denne badedama er mor til ei av damene i
heilårssymjeklubben vår, og ho inviterte oss i hus og serverte herleg frukost
etter badinga.
Linda, som gjerne tek seg eit bad når ho
er på besøk hos mora, fekk seg ei overrasking då ho skulle gå på land, for der,
rett framfor føtene hennar låg temperaturmålaren som ho har sakna sidan i
sommar, så fekk vi fastslått at temperaturen i sjøen var åtte grader denne
laurdagen.
Litt lenger ut i denne månaden fekk vi
vind og bølgjer på badedagen, det er alltid ekstra moro når vi får gynge oss
litt, og sjøtemperaturen held seg framleis stabilt på åtte grader.
Sprekinger! Dette står det respekt av, og det er sikkert helsebot i det også. Det blir vel gjerne et isbad i jula også?
SvarSlettJuleklem fra Ingunn
Smeisande å de for nokre tøffe damer ;) :)
SvarSlett