torsdag 17. desember 2015

Historia om ein gensar, eller to ....... eller tre


I fjor haust vart eitt av fadderbarna mine, Elise, mamma, det var då naturleg at eg ville strikke noko til den vesle guten hennar. Tida gjekk, og guten vart seks månader før eg endelge gjorde alvor av planen og kjøpte tråd til ein setesdalsgensar. Det var fort gjort å få den ferdig, og eg sende ein sms til Elise om at eg hadde ei lita gåve til vesleguten. 


Vi vart samde om å finne ein dag det passa for oss begge å møtast, og så gjekk tida igjen.  Det vart sommar og ferie, og eg drog på båttur.

Då eg endeleg var heime igjen, tok Elise kontakt, at ho hadde ikkje gløymt gåva, og ho ville gjerne kome og hente den. Eg hadde alt funne ut at gensaren i str. 9 mnd nok var for liten, så eg hadde akkurat kjøpt tråd til ein ny, eg lovde å vere brennsnar å gi beskjed når den vart ferdig.

Det var fort gjort å strikke den også, men kva oppdaga eg då eg skulle til å felle av halskanten på den rundfelte gensaren?

Eine ermet var ein ”luserapport” kortare enn det andre!
Aldri i livet om eg kom til å rekkje opp att heile arbeidet! Eg måtte finne ei anna løysing.
Ikkje var eg villig til å levere frå meg eit slikt produkt heller.

Eg fann til slutt ut at eg kunne ta av det kortaste ermet rett før "luserapportane ”starta og strikke på den eine rapporten som mangla. Som tenkt så gjort, men så skulle eg maske saman delane igjen. Samanmasking kan eg, trudde eg, men uansett kva eg gjorde så vart saumen vrang på retta. Eg prøvde fleire gongar, med same resultat. Til slutt måtte eg fylgje rådet til Bodil og sjå på ein tutorial på Youtube, og då gjekk det greitt å maske saman ermet slik at ein berre så vidt kan sjå at eg har skøytt på det.




Gensaren vart henta, og heldigvis passa den.



Den fyrste gensaren eg strikka fekk Oskar, og den passar perfekt til han.


Kva så med den tredje? Vel, eg ”blingsa” på storleiken då eg skulle begynne på gensar nr. 2, så eg sette i gong å strikke i str. 6 mnd i staden for str.18 mnd.


 Eg likar ikkje å rekkje opp, så eg la den til sides, inntil vidare, så får vi sjå kven som skal få den, når den blir ferdig, ein eller annan gong..

1 kommentar: