onsdag 29. april 2009

Pilgrimbesta 1

VI er alt i full sving med å legge planar for sommaren, mannen min og eg. Vi har eit prosjekt vi må fullføre, nemleg. Eit prosjekt som vi nok aldri blir heilt ferdige med, eit prosjekt som inneheld uendeleg mange inntrykk og opplevingar, eit prosjekt som vi ikkje er komne heilt i mål med......

Sommaren for to år sidan var vi pilgrimmar i Spania, vi hadde 30 dagar på oss til å gå den nesten 800 km lange pilgrimsruta frå Pyreneane i aust til Santiago de Compostela i vest: El Camino de Santiago de Compostela.

Før vi la i veg hadde vi trena heime, siste vekene også med fulle sekkar, for å vere best muleg førebudde på strabasane vi rekna med å møte på vegen. Det viste seg fort at det ikkje er så lett å tenkje seg kva slags problem som kan oppstå, sjølv om det er visse ting som kan førebyggast. Å gå inn skorne på førehand bør ein i alle fall klare.

Å pakke sekken er også ein kunst, det er ikkje lett å legge att heime alle tinga ein trur ein MÅ ha med, vi møtte mange som sende avgarde halve oppakninga, enten heim eller til postkontoret i Santiago, fordi det vart for tungt å bere. Ferdig pakka vog sekken min10 kg , men sidan der var mange reimar på utsida, var det muleg å henge på litt meir undervegs.
Sjølve fotturen begynte vi på den 24. juni. Då hadde vi i løpet av fire dagar køyrt omlag 3500 km heimanfrå til den vesle byen Saint Jean Pied de Port på den franske sida av Pyreneane. Der fekk vi plassert bilen på langtidsparkering, skaffa oss pilgrimspass, og mange gode råd for vandringa.


Det vart ein tøff start, strekninga vi skulle gå var ikkje stort lenger enn 20 km, men vegen, som blir kalla Napoleonsruta, gjekk over fjellet, vi starta knappe 200 m.o.h, høgste punktet låg på omlag 1400 m, og endepunktet for dagen, Roncesvalles, ligg på ca. 800 høgdemeter.

Veret var så som så, med skodde og regn store delar av vegen, men det klarna då vi passerte grensa mellom Frankrike og Spania, så det siste stykket kunne vi varme oss i solskinet.
Eg har lyst til å skrive meir om pilgrimsturen vår etterkvart, men trur det held med dette som ei innleiing.

1 kommentar:

  1. Gleder meg til å høre mer om pilgrimsturen deres. Det er en tur jeg også har hatt lyst til å gå. Tror det er en helt fantastisk tur så nå venter jeg spent på fortsettelsen.
    Ha en fin 1. mai og en flott helg.

    SvarSlett