I dag hadde badeklubben med eigen fotograf når vi møttest til den faste laurdagssymjeturen.
Marylin ville vere med og sjå at Besta hoppa i havet – og så fekk ho like godt eit kamera i handa med beskjed om å knipse i veg:)
Med tanke på at fotografen ennå ikkje har fylt fem år, må vi seie oss fornøgde med denne foto-dokumentasjonen:
Først målet for symjeturen,
så alle fire på veg utover –
og til slutt alle symjande inn att mot land.
Det er ikkje fritt for at vi er fornøgde med oss sjølve når vi er ferdige med symjeturen og kan gå på land, og jammen fekk ho med det også:)
Namnet på klubben er forresten valt etter ein russisk-ortodoks kyrkjelyd i Oslo som døyper medlemmene sine i eit vatn i Oslomarka sommar som vinter, sjølv når dei må lage hol i isen for å kome til.
å fysja meg det ser kaldt ut men sikkert ganske så forfriskande.
SvarSlettMen slett ikkje for pyser som meg.
Ser herlig forfriskende ut!!! Kunne godt tenkt meg å prøve, men er nok litt for glad i varmen :-)
SvarSlettTakk for titten i din herlige blogg, kommer nok tilbake (har lagt meg som følger)
Tøffinger :D
SvarSlettHa ei flotte påske :D
Ønsker alle tøffinger en god påske! God påske til alle pyser også, meg selv innbefattet.
SvarSlettMen dette så kaldt ut! En gang i verden badet jeg i Romsdalsfjorden 1.mai, men det er lenge siden det....
Å-fyttikatta....
SvarSletteg ville helst vært fotograf.
Sporty gjort dette !