mandag 11. april 2011

I eventyrskogen med barneborna

Vår i lufta, godt over ti grader og opphaldsver. Slik hadde vi det i går, og både to døtre, tre barneborn og kompisen til Mateo ville vere med på tur i eventyrskogen. Vi utrusta oss med kakao og niste og la av garde.

Marte april 2011 012

Marte april 2011 014

Oliver har vore der før saman med barnehagen sin, så han var kjentmann og losa oss trygt i veg:)

Marte april 2011 021

Han visste kvar det var lurt å ta ei drikkepause og han visste at på den plassen som heiter Kvila er det fint å ete nistematen.

Tur  i eventyrskogen 006

Tur  i eventyrskogen 005

Vi kikka på alle dei rare formasjonane av buskfuru – og klatra i mange av dei. Mateo måtte prøve  å henge opp-ned i greinene.

Tur  i eventyrskogen 001

Inne i gapahuken henta Oliver fram hytteboka så vi fekk skrive at vi hadde vore på besøk.

Tur  i eventyrskogen 017

Der fekk vi også sjå “veslekista” med ein ekte skatt i.

Tur  i eventyrskogen 013

Oliver snakka også om nøkkedammen – og jammen fann han nøkken sjølv i ein liten dam i skogen!

Tur  i eventyrskogen 019

Det var ingen liten tur vi hadde lagt ut på, det tok nærare tre timar frå vi starta til alle var heime igjen,

Tur  i eventyrskogen 004

men det gjorde ingenting, vi hadde jo heile søndagen å ta av- og der var så mange spanande figurar

Tur  i eventyrskogen 027

og byggverk å beundre:)

Tur  i eventyrskogen 031

Tur  i eventyrskogen 026

4 kommentarer:

  1. For ein fantastisk stad det såg ut til då! Ut på Dimnøya ein stad?

    Oppdaga plutsleg at eg hadde fått nye følgarar på bloggen, deriblant deg, og fann då bloggen din :) Måtte etterforske litt kven du var, men når eg såg Åsta forstod eg det raskt :) Kosleg!

    SvarSlett
  2. Du verden for en fint tur! Mange spennende opplevelser både for små og store, ser jeg.
    Så Knerten bor på dine kanter også ;) Jeg husker hvor fasinert jeg ble av Barnetimens Knerten den gang ungene våre var små.
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  3. Jeg elsker slike trollskoger, der kan en finne mange fine motiver!
    Koselig med barnebarn på slike turer!!
    Ha en fin Påske !
    Klem fra meg!

    SvarSlett
  4. For ein flott tur. Her ser det ut som små og store virkelig kosar seg...

    SvarSlett