Eit nytt år har begynt. Vi har feira
inngangen på tradisjonelt vis med familiemiddag og -kos og litt smelling av
fyrverkeri.
Like tradisjonsrikt er snart nyttårsbadet,
der nokre ihuga eldsjeler møter opp på Vollesanden på føremiddagen, bygger bål
og set opp lavvo, når så vi andre kjem sigande i totida, er det klart for sauna
i lavvoen, med varme steinar frå bålet som vi skvetter vatn på slik at det blir
fullt av varm damp inne . Når vi så har fått nok, spring vi uti sjøen for ein
foriskande dukkert før ei ny runde med damp. Etter tre runder er varmen frå
steinane oppbrukt, og vi er fornøgde med nyttårsbadet.
I år fekk eg med Tove på moroa, så lenge
ho får varme seg opp før turen ut i sjøen, er det gode greier, seier ho.
Så har dei fleste av dei som ferierte
saman på Koster i sommar fått tid til eit treff med utveksling av bilete, og
sjølvsagt måtte dei spele Varulv. Denne gongen passa dei på å få det
dokumentert også.
Litt av gjeng. Veldig kjekt å samles og feire i lag :)
SvarSlettEr bare så imponert over den helårsbadingen. Har kjente som driver med det samme. De kalles Badenymfene her. Jeg prøvde meg, men var bare forkjølet jevnt og trutt.
Riktig godt nytt år! :)
Såååå herleg :) Imponert over badinga ;) Klem
SvarSlett