- og eg eig dagen, kva er då betre enn ein sykkeltur til Flø?
Sette meg på den varme betongen på moloen og lese i ei bok medan bårene slår mot land
og måsen glir over hovudet på meg og “syng” på sitt vis.
Av og til finn nokon på å gi meg ein avleggar av plantene sine, dei har nok lagt merke til at eg ikkje er nokon gartnar akkurat. Hos meg er det slik at plantene akkurat overlever mellom kvar gong dei blir vatna.
For mange år sidan fekk eg ein avleggar av svigermor, grøne, liljeaktige blad, grei nok i seg sjølv, men planta til svigermor har blomstra kvart år, planta mi har berre stått der med dei grøne blada sine.
Stubbetufsa, kunnskapsrik hobbygartnar frå nord, har tidlegare lagt ut bilete av si blomstrande plante og lært meg at ho heiter klivia.
Og tenk, i dag oppdaga eg at mi klivia står i blomst – sånn heilt utan vidare…
I dag hadde badeklubben med eigen fotograf når vi møttest til den faste laurdagssymjeturen.
Marylin ville vere med og sjå at Besta hoppa i havet – og så fekk ho like godt eit kamera i handa med beskjed om å knipse i veg:)
Med tanke på at fotografen ennå ikkje har fylt fem år, må vi seie oss fornøgde med denne foto-dokumentasjonen:
Først målet for symjeturen,
så alle fire på veg utover –
og til slutt alle symjande inn att mot land.
Det er ikkje fritt for at vi er fornøgde med oss sjølve når vi er ferdige med symjeturen og kan gå på land, og jammen fekk ho med det også:)
Namnet på klubben er forresten valt etter ein russisk-ortodoks kyrkjelyd i Oslo som døyper medlemmene sine i eit vatn i Oslomarka sommar som vinter, sjølv når dei må lage hol i isen for å kome til.
Vår i lufta, godt over ti grader og opphaldsver. Slik hadde vi det i går, og både to døtre, tre barneborn og kompisen til Mateo ville vere med på tur i eventyrskogen. Vi utrusta oss med kakao og niste og la av garde.
Oliver har vore der før saman med barnehagen sin, så han var kjentmann og losa oss trygt i veg:)
Han visste kvar det var lurt å ta ei drikkepause og han visste at på den plassen som heiter Kvila er det fint å ete nistematen.
Vi kikka på alle dei rare formasjonane av buskfuru – og klatra i mange av dei. Mateo måtte prøve å henge opp-ned i greinene.
Inne i gapahuken henta Oliver fram hytteboka så vi fekk skrive at vi hadde vore på besøk.
Der fekk vi også sjå “veslekista” med ein ekte skatt i.
Oliver snakka også om nøkkedammen – og jammen fann han nøkken sjølv i ein liten dam i skogen!
Det var ingen liten tur vi hadde lagt ut på, det tok nærare tre timar frå vi starta til alle var heime igjen,
men det gjorde ingenting, vi hadde jo heile søndagen å ta av- og der var så mange spanande figurar
og byggverk å beundre:)
I dag har eg kosa meg med god bakst:
Dansk rugbrød…
Frukt-nøtt-brød
Baguette
surdeigsbrød
Og endå har eg havrebrød og focaccia i frysaren:)
Alt dette fordi ei av kollegaene mine, som er ivrig lærar i mat og helse, tok kontakt med Morten Schakenda,
mannen bak suksessbedrifta Bakeriet i Lom, og spurde om han kunne ta turen til Ulsteinvik og halde kurs.
Vi 16 heldige som var fyrst å melde oss på fekk grundig opplæring i korleis lage og behandle gjærdeig,
vi fekk smake nydeleg brød, og vi fekk bake, frå kl. 14.30 til nærare 21.30 i går.
Til slutt fekk vi med oss heim herleg, duftande bakverk- som vi hadde vore med på å bake sjølve:)
Det vi laga av den flotte bolledeiga vart ete i går medan det var heilt ferskt, mmm! (ikkje noko att til fotografering)
Ein triveleg måte å vere saman på utanom ordinær arbeidstid!
Eg har beundra mange flotte fuglebilete på bloggar rundt omkring, og eg har gjort mange forsøk på å knipse fuglar på foringsplassen vår, utan å lukkast. I dag fekk eg ein sjanse til å ta eit nærbilete, eg vart nemleg vekt av ein liten stakar som hadde forvilla seg inn gjennom den vesle opninga i soveromsvindauget vårt.
Han var så forskrekka at han enda hjelpelaus på golvet så eg kunne plukke han opp og ta han med ned i stova.
Men før eg hadde fått leita fram kameraet var han så pass at han kom seg på vengene og sette seg på den ru overflata i skorsteinspipa.
Han var snar til å kome seg ut når vi opna dørene:)