lørdag 31. januar 2009

Eit forsiktig steg ut i bloggverda

Er usikker på kva dette vil føre til, har eg noko viktig å meddele omverda?

Er det nokon som har interesse av det eg måtte finne på å skrive om?

Eg har ingen bestemt tanke om kvifor eg skal bli bloggar eller kva eg skal ha som tema i bloggen min.

Det siste halvåret har eg vore ein "kikkar" i andre sine bloggar, og i løpet av desse månadene har eg fleire gongar undra meg over kor openhjartige mange er om seg og sitt.

Tru om eg er like villeg til å dele smått og stort i livet mitt med "kreti og pleti" som surfar rundt på nettet?

Ikkje er heimen min så mykje å vise fram, han er temmeleg ordinær, med litt meir rot i krokane enn i dei fleste andre heimar, og med få spor av det som er nyaste trenden på interiørsida. Ikkje er eg nokon god fotograf heller, og eg er knappast i stand til å oppdage kva som er fin layout og gode grafiske finessar.

Men no sit eg her og skal prøve å skildre noko av det som opptek meg i kvardagen:

Familien, så klart, ein passe stor flokk der dei fleste har forlete "reiret", herlege borneborn som er glade i Besta si, ein utfordrande jobb med nye overraskingar kvar dag, mange bøker eg har lyst til å lese, men som blir ståande urørte i bokhylla altfor lenge, spaserturar åleine under ein stjernestrødd vinterhimmel. Og så strikking, då.. Eg må berre ha eit strikk for handa!

Når laurdagen kjem MÅ eg sikre meg nok strikketråd til berge meg gjennom helga, det er slett ikkje store, kompliserte kreasjonar eg produserer, det går mest i småtteri som huer, tjukkelestar og vottar. Å strikke ting som kan tovast i vaskemaskin er alltid spanande, det samlar seg opp ein del ubrukelege ting etterkvart, men optimismen er like stor når eg set i gong med neste prosjekt, og det hender rett som det er at eg blir fornøgd med sluttproduktet også. Kanskje eg etterkvart kan grave fram fotoapparatet og ta bilete av det eg har strikka....
Men no er første prosjekt å få publisert desse orda. Lurer på kvar dei endar - kjem dei seg ut i verdsnettet? Eg prøver -- svusj, av garde med dykk!