fredag 31. juli 2009

PILGRIMSBESTA 2009 - GALICIA.

Før eller seinare må eg berre blogge om den siste etappen på pilgrimsferda vår, så no tek eg sats og set i gong:
For to år sidan hadde vi 30 dagar på oss til å gå den ca 800 km lange strekninga frå den franske sida av Pyreneane og fram til Santiago de Compostela, vi kom ikkje heilt i mål, den 30. dagen var det framleis 80 km igjen.(Bileta til venstre er for 2 år sidan, dei til høgre er knipsa ved same kilometersteinane i år.)
Mannen min var vel fornøgd, camino-eventyret var over for hans del, medan eg bestemte meg for at eg ville tilbake og gå det siste stykket ein eller annan gong.
Ettersom tida har gått, har mannen min fått meir og meir lyst til å vere med meg, noko eg er glad for, han er nok den beste turkameraten eg kan få, så når skuleferien var eit faktum i slutten på juni sette vi oss i bilen og dura avgarde til O`Cebreiro, der vi ville starte i år.
O`Cebreiro er ein myteomspunnen landsby i fjella heilt aust i Galicia. Han ligg 1300 m.o.h., der er ofte skodde og regn, heile landsbyen ber preg av den keltiske påverknaden, som er tydeleg i heile regionen. Nokre av husa er runde med tjukke stråtak, pallozas blir dei kalla. I den vesle steinkyrkja er der ein Mariastatue som på mystisk vis fekk attende hovudet sitt ein gong på 1600-talet. Denne vesle kyrkja er også sentral i slutten på romanen Pilgrimsreisen av Coelho, noko som sikkert har gjort sitt til at landsbyen er eit svært populært tusistmål.
Landkapet er frodig, grønt og uendeleg vakkert!
Det er hardt å traske bakke opp og bakke ned med tung sekk på ryggen, men alt det vakre ein ser er god lønn for strevet.Vi starta vandringa ut på ettermiddagen og gjekk berre 11 km til Fonfria den fyrste dagen.
Neste dag gjekk det for det meste nedover, særleg storetærne fekk hard medfart, men det var ikkje fritt for at vi kjende det andre stader på kroppen også.
Etter kvart endra landskapet seg, vi gjekk gjennom frodige skogar av eviggrøne eiketre, tjukke stammer med vide kruner høgt over hovuda på oss, slanke ospetre og seinare også eukalyptus.
Etter Triacastela er der to ruter å velje mellom, sidan vi gjekk til Samos og overnatta i eit stort, flott benediktinerkloster sist,valde vi den andre ruta direkte til Sarria i år. Like overdådig grønt er det på begge rutene. I Sarria leigde vi oss rom over ein cafeteria, greitt å få vere for seg sjølv og ikkje irritere nokon med snorkelydar:)
Dag tre vart ein hard dag: sekken min, som eg bar kvar dag utan problem for to år sidan, var utruleg plagsom, det pressa på rundt hoftebeina så eg måtte slakke på beltet, dermed hang han for tungt på skuldrane så det gjorde vondt - berre elende! Dessutan fekk eg blemmer under tredeputene på begge føtene, ikkje akkurat godt å gå på, men vi kom oss til Portomarin, som vi hadde planlagt:) Det var spanande å gå på stiar og vegar vi hadde vandra før og sjå kva vi huska igjen, og langs vegkanten vaks det vakre blomar i fleng.
I Portomarin såg eg eit skilt om høve til å sende sekkane neste etappe med drosje, og det gjorde vi oss nytte av, så neste dag gjekk vi lett avgarde med berre små vesker å bere på.
Sidan eldstedattera vår var i Santiago hos svigerforeldra, fekk vi henne til å kome til Palas de Rei og hente sekken min, (mannen min fekk sortert ut noko av det han bar på i same farten) eg kjøpte meg ein liten sekk som hadde plass til det eg trengde på resten av turen - stor lette!!

Den femte dagen passerte vi 80 km-merket, som var det siste vi hadde gått forbi forrige gong, så herfrå og fram til pilgrimsmålet skulle vi gå i nytt og ukjent landskap. Vi gjekk til Melide, ein triveleg by med ei fin mellomalderkyrkje. Denne dagen var det mannen min som hadde det verst, men etter nokre timars kvile var han i fin form igjen.
Både femte og sjette dagen gjekk vi korte etappar. På vegen til Arzua den sjette dagen vart vi kontakta av eit filmteam som trengde eit par som statistar i ein film dei laga. Artig for oss å få vere med på:)
Vi hadde forventa at etterkvart som vi nærma oss Santiago ville det bli meir og meir urbant med industriområde og bygningar, men til vår glede og overrasking gjekk caminoen stort sett gjennom skogsområde, like frodige og vakre som før. Dag sju gjekk vi ganske langt slik at vi skulle ha berre ei kort strekning att til siste dagen som var søndag.Då kom Tove saman med Luca og Anthony og gjekk den siste mila saman med oss, gutane hadde vore i hagen til bestefaren og skore seg bambuskjeppar til vandrestavar, dei hadde også fått låne hagehattane hans, så dei var utrusta som ekte pilgrimmar:)
Vi kom fram til katedralen i Santiago akkurat i tide til å få med oss pilgrimsmessa kl. 12.00.Det er ein stor, overdådig utsmykka katedral, ein av attraksjonane er røykelseskaret( La Botafumeira) som ein eller annan riking med fin nase har skjenka til katedralen i si tid: Han er så stor at det trengs seks eller åtte mann for å svinge han fram og tilbake i tverrskipet, og røykelsesdufta fyller heile katerdralen.Etter messa måtte vi stå i lang kø for å hente compostela-ane våra: Beviset på at vi har fullført pilgrimsferda:) På biletet under står vi utanfor pilgrimskontoret i Santiago.

torsdag 30. juli 2009

Jo jag har varit i grannans haga .....

.....og plukka bringebær som vart deilig dessert med vaniljesaus på - og masse rørt sylte i fryseboksa:)Seinare åt vi sterk og god tikka masala (mellomste jenta og sambuar var kokkar) heime hos eldstejenta vår, saman med familien, bortsett frå minstejenta som er på Madonnakonsert i kveld. Dagens trim var boksekamp mot mannen i livet mitt, no ønskjer vi oss boksehanskar i julegåve:/

Ein avslappande dag der alle fann seg noko å sysle med: Ligretto, Ps, musikk, og runddansdans på terrassen - ein god sommardag.Og på rusleturen heim møtte Marylin og eg ein katt som gjerne ville klappast:)

Men dei som for på båttur gløymde å bruke fotoapparatet, så vi har ingen bilete derifrå.

mandag 27. juli 2009

Opplevingsdag på opplevingsgard

I dag har eg fått gjennomført noko av det eg hadde planlagt for sommaren, eg har hatt med storejentene mine og dei borneborna som ville vere med til Sandvikgarden på Hakallestranda i Vanylven kommune.Der er open gard kvar søndag i sommarhalvåret, og der kan du få sjå og klappe mange ulike fuglar og dyr: Hest, esel, gris, sau, hund, katt, alpakka, kanin, høne, and, påfugl, gås, og ikkje veit eg om eg har ramsa opp alle sortane enno.



Der er leikeapparat av forskjellig slag, borna kan hoppe i høyet, dei kan få seg ein køyretur i hengaren til Gråtassen eller ein liten ridetur på vestlandshesten.

Og midt opp i alt dette er der så mykje augnefryd for både små og store at inntrykka vil sitje i i mange dagar. Det er nemleg slik at både kona på garden og mora hennar er biletkunstnarar, og elles må vel heile familien karakteriserast som tusenkunstnarar alt kreativt og koseleg dei har funne på for å gjere det triveleg å gå rundt på garden deira.

I fjøset heng det bilete på veggane og vakre glashjerte heng ned frå taket. På låven er der butikk med spanande innhald og kafé med forholdsvis enkel servering.

Vi hadde med oss niste som vi åt inne i lavvoen som er oppsett på tunet.

Og medan vi hadde ein koseleg dag på gardsbesøk hadde Bestefar med seg denne glade gjengen på bade- / fisketur.

Fangsten som blei innmeldt er absolutt godkjend: 56 flotte makrellar, i morgon blir det grilla makrell til heile storfamilien:)

søndag 26. juli 2009

Kva ein kan halde på med i ustabilt sommarver

For ein treåring er det visst ikkje grenser for kva ein kan finne på, enten sola skin, eller regnet styrtar ned. Marylin, treåringen vår, som er på besøk akkurat no har ingen fritidsproblem.Ho er i fullt firsprang frå ho slår augene opp om morgonen til ho kryp til sengs ut på kvelden ein gong. Ikkje alle syslar er så nøye kontrollert av oss vaksne, så som å ta med Besta sin servietthaldar ut i regnveret og ikkje henta han inn att før neste dag, eller lure seg ut berrføtt i striregnet, for ein aktiv kropp er det ganske naturleg.
Men ho gjer også andre ting: Det jo kjempekos å ha ei lesestund i fanget til tante Åsta,

eller finne seg ein herleg kvileplass på ryggen til Bestefar når han les avis (det er nemleg slik vi les avisa her i huset - liggande på magen på stovegolvet:))

Og når Besta er i gong med å røre jordbærsylte på kjøkkenet vil sjølvsagt både Marylin og storesøster vere med, og Besta er glad for all hjelp ho kan få,


sjå berre kva vi skal kose oss med utover hausten og vinteren: På bordet står fjorten glas med sylte klar for fryseboksen, ti store og fire små:)


tirsdag 21. juli 2009

Ferieinnkjøpet

Det beste med Spania, etter mannen min si meining, er sumo de naranja natural - nypressa appelsinjuice:) Det bestilte han så ofte sjansen baud seg medan vi var der. Sidan vi begge hadde fødselsdag i løpet av ferien, fann vi ut at vi skulle gi kvarandre ei juicemaskin i gåve, så kan vi få nypressa juice når vi vil heime også.

Vel heimkomne har vi sjølvsagt prøvt ut maskina, vi har laga eplejuice, appelsinjuice og litt blandings-juicar, alt har smakt godt, men det vil bli litt dyrt dersom vi skal kjøpe inn all frukt / grønt som råstoff til juicen.

Eg har hatt meg nokre runder rundt på bloggane eg følgjer, og vart då inspirert til å gå laus på ripsbæra som no er akkurat passe moden til gelè. No er eg ikkje av dei mest arbeidssame her i verda, kvifor gå i gong med utpressing av bærsaft gjennom klede når den supre maskina stod her klar til innsats?
Dermed gjorde eg som mor mi brukte å gjere når ho hadde saftkokar: eg reinska ikkje bæra, berre plukka bort lauv og skylde godt under rennande vatn før eg kokte henne.
Så køyrde eg det heile gjennom maskina, det gjekk i rekordfart, men det som kom ut var eit slags forunderleg rosa skum, det likna mest på smuthie i konsistens.
Jaja, fram med klede og presse "smuthien" igjennom, men det var like skummande og rosa.
Så tenkte eg at om det får stå natta over før eg kokar det på nytt, så klarnar det nok.
Det gjorde ikkje det. Neivel, eg får koke det og skumma av, då. Litt betre, ganske fin raudfarge, men slett ikkje klart. Ny tur kjennom klede, så i gryta og sette til sukker, men vart det gelé? Nei, men det smakar like godt som gelé i det minste.Eg veit kva eg skal bruke det til: Ei venninne av meg har nemleg oppskrift på ripsbæris, der kan nok "grauten" min kome til nytte.No skal eg ut og plukke rips - til gelé - som skal lagast på gamlemåten, godt at det er meir bær på den einaste ripsbuska vi har:)

mandag 20. juli 2009

Blomster langs vegen


No skulle eg ha vore meir datakyndig og gjort slik som mange av bloggvennene mine som lagar fine fotomontasjar av det dei har teke bilete av. Men eg kan det altså ikkje, og eg er for lat til å sitje og leite etter ei oppskrift, sjølv om det heilt sikkert finns gode rettleiingar berre ein veit kvar ein skal finne dei.




Derfor legg eg rett og slett ut bileta enkeltvis, så kan eg håpe på at nokon forbarmar seg over meg og kjem med gode tips i kommentarfeltet etterpå.




Bileta er frå siste delen av Camino de Santiago som mannen min og eg gjennomførte i månadsskiftet juni / juli, og det eg vil vise fram er litt av blomsterprakta vi passerte på vegen vi vandra.




Kameraet mitt kan ikkje yte blomstrane rettferd, men her er bileta likevel:)PS. Takk til Nikoline for godt råd:)

søndag 19. juli 2009

Heime igjen

Ferieturen, men ikkje ferien, er over. Vi kom heim til tradisjonell laurdagskveld, med rollebyte:
I kveld var det eldstejenta som var pizzakokk og vi kunne sette oss til dekka bord:)
No har vi fått tømt bilen for alt som hadde samla seg opp der, vaskemaskina er i gong, roa har senka seg og eg er på nett så mykje eg vil:)
Mange inntrykk og kjekke opplevingar skal sorterast saman med bileta vi har knipsa. Vi har farta vidt omkring, kilometerteljaren viser at vi har køy
rt meir enn 10000 km, i tillegg til dei 160 som vi gjekk. Etter Carcassonne var vi eit par dagar i Geneve før vi køyrde til Regensburg, ein sjarmerande tysk by som unngjekk bomberegnet frå dei allierte under 2. verdskrig.Så vart det ei lang etappe heil til sørlege Danmark, der berre sov vi, men nokre timar i København tok vi oss tid til føe vi fortsette nordover. Siste stopp på turen var Eda i Sverige, der svigerinna mi bur.
For sju år sidan kjøpte ho seg eit herleg hus med tilhøyrande stabbur.I huset som ho har fyllt opp med gamle, fine tradisjonsmøblar og husgeråd av mange slag,






er der ikkje mindre enn to store kakkelovnar.


Der har svigerinna mi det som plommen i egget, naboane er verdens mest omtenksame og ho kjenner seg skikkeleg etablert i bygda.

For oss er det fint å kunne kome dit på besøk, ho tek imot oss med opne armar og dekker koseleg bord med god mat.

Vi har vore der nesten kvar sommar sidan ho flytta inn, og to gongar har storfamilien reist bort og feira jul i det fine huset hennar. Det har vore kjekke opplevingar for store og små, med mykje liv og røre, så det har nok vore ein stor lette for svigerinna mi når vi har reist heim:)