søndag 30. mai 2010

Kveldstur

Trass i at temperaturen ikkje er noko å skryte av,

30.mai 044

trass i at skodda ligg og lurer ute i havet,

30.mai 012

så hadde eg ein fin kveldstur i solskinet:)

lørdag 29. mai 2010

Galicia

Abc-leiken er komen til 7. bokstaven, G.

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Eg har spanske substantiv som gjennomgangstema denne runda, men særnamn er også substantiv, derfor kan eg tillate meg å skrive om det herlegaste området eg har besøkt:

mapadegalicia

Galicia ligg nord-vest i Spania. Det er eit område med mykje nedbør etter spanske forhold, derfor er det grønt og frodig i heile regionen. Kulturen er påverka av keltisk, t.d. er sekkepipe eit vanleg instrument i området.

Spaniaferie -09 098

Vest ved Atlanterhavet er der fullt opp av flotte sandstrender der både store og små kan boltre seg i bølgjene:)

Spaniaferie -09 027

Spaniaferie -09 030

Du finn og rias der, grunne fjordar som eignar seg godt for dyrking av mariscos.

mariscos

I aust er der fjellområde og vakre, grønkledde dalar,

Camino 09 016

og store skogar med eviggrøne eiketre; encinas.

Camino 09 122

Den best kjende byen i Galicia er Santiago de Compostela, målet for pilgrimar som går el camino de Santiago.

Camino 09 203 Dette kle-merket har sitt opphav i Galicia:
zara-crop-120

Ein person frå Galicia er gallego/ gallega, språket dei snakkar heiter også gallego.

Kart, mariscos-bilete og logo er “googla”.

mandag 24. mai 2010

Gutar

 

Badande gutar i Besta sitt badekar

Pinse og gryteklutar 004

Tv-spel-hekta gutar som “reirar seg” i kjellarstova

Pinse og gryteklutar 005

Datainteressert gut ved gamle-pc-en

2.pinsedag 006

Svoltne gutarsom gjer innhogg  i bollefatet2.pinsedag 004

Fornøgde gutar som viser Besta den hemmelege hola si

2.pinsedag2 014

Fartsglad gut som syklar på ny-arva sykkel

2.pinsedag2 007

Trøytte gutar i onkel “Oslostudenten” si seng

godnattpage

Fire flotte gutar på besøk i fem dagar
fordi det er femten år sidan dette paret 26.mai 1995001

sa ja til kvarandre på rådhuset i Vernier, Geneve.

No er dei på forseinka bryllupsreise til Barcelona:)

søndag 23. mai 2010

Gryteklut-utfordring

Tenkje seg til, når eg for fyrste gong i livet mitt lagar gryteklutar så må dei blokkast for å få den rette forma!

Pinse og gryteklutar 045

Kvifor eg no lagar gryteklutar når eg aldri har gjort det før?

Fordi eg har fått ei utfordring frå ANE med bloggen  Hagebø:

Strikk gryteklutane etter oppskrifta her og lag eit innlegg om gryteklutar, lag gjerne eit nytt par. Målet er å sjå kor mange ulike gryteklutar som kjem “på trykk”.

Gryteklutar – eg har aldri hatt behov for å lage det, sjølv om det er noko eg brukar kvar dag. Gryteklutar  er typiske tombolagjenstander, noko vi stadig vinn på basar.
Men kor ofte går eg på basar?
Og kor mange loddar ut handarbeid no om dagen?
Når vann eg gryteklutar sist?

Ved nærare undersøkjing i skap og skuffer kjem eg fram til at eg har tre par, i tillegg til nokre vatterte grillvottar.

To par er nok vunne på tombola, for lenge sidan, det tredje paret, som eg utan tvil bruker mest, har eg fått med mor. Ho lagar stadig ting til utlodning, men dette paret vart så lite pent at det enda heime hos meg i staden for på basar:)

gryteklutanepage

No har eg strikka eit par etter oppskrifta til ANE,

Pinse og gryteklutar 012

og eit par som eg fann i Drops nr. 120.

Og plutseleg har eg fem par i staden for tre - og sjansen for at eg skal finne eit par når eg treng det er sjølvsagt tilsvarande større:)

Pinse og gryteklutar 027

Enkel oppskrift:
Legg opp 176 m, la det vere igjen ca 25 cm av oppleggingstråden. 
Strikk to m rett i same m, *5 m rett, ta 1 m laust av p, strikk 1 m rett, løft den lause m over, 2 m rett saman, 5 m rett, auk ved å str 2 m i same m, auk på same måte i neste m* gjenta frå * til *, avslutt omg. med å strikke to m rett i same m.
Neste omg. rett.
Gjenta desse to omg. til du har strikka 10 cm, fell av.
Drag oppleggingstråden gjennom alle spissane på oppleggskanten, snurp saman slik at brettane legg seg opp på kvarandre. Fest tråden og hekle hempe i ytterkant. (Blokk for å få rette forma på grytekluten)
Eg er ikkje særleg glad i multifarga tråd, og når eg ser korleis det artar seg her, så blir eg enda meir skeptisk til å bruke det i framtida, men gryteklutane blir nok tekne i bruk sjølv om dei ikkje er så fine å sjå på.

blokka gryteklutpage

Eg sender utfordringa vidare til tre flittige damer som sikkert hostar opp ei ny gryteklut-oppskrift på minuttet:

Stubbetufsa, Tovepia og Gamleheksa.

Ane vil gjerne ha ei lita melding dersom de tek imot utfordringa, og ønskjer at de utfordrar tre nye bloggarar:)

lørdag 22. mai 2010

Vårettermiddag

Heldige born som får gå til nabogarden med potetskrell og brødskalkar for å mate sauer:)mate sauerpage Oliver har godsaker å by på.

Tøffingen Håkon synest lamma er fine, medan Sienna er litt skeptisk og vil helst opp frå bakken så lamma ikkje får tak i henne.

Håkontøffingenpage

torsdag 20. mai 2010

Flores de España

No prøver eg å vere raskt ute med bokstaven denne veka, greitt med alt som er gjort:)

Eg har valt meg substantivet flor – blomst, og her er eit lite utval av blomster som finns i grøftekanten langs galisiske landevegar.

blomsterpåvegenpage

Oppdatert ordliste ser slik ut:

Adivinanza(f) – gåte
Barco(m) – båt
Camino (m) – veg
Dedo(m) – finger
Enchufe(m) – stikkontakt
Flor(m) - blomst

Andre ABC-innlegg på F finn du på lenkja her.

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

onsdag 19. mai 2010

ABC…….E

Merkeleg så korte vekene er i mai! Snart er det tid for ny bokstav i ABC-leiken, og eg har ikkje fått lagt inn E-en enno,

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

men her kjem han:

Enchufe – det er vel eit nyttig ord å kunne på spansk?

Abcepage

Ordliste i veke 20:

adivinanza (f) – gåte

barco (m) – båt

camino (m) – veg

dedo (m) – finger

enchufe (m) – stikkontakt

Her er 68 andre e-løysingar:)

mandag 17. mai 2010

Oslotur

Det har slett ikkje vore så verst å tilbringe 17.mai i bil på veg heim frå Oslo:) Køyrevêret var upåklageleg - grått, med nokre få regnbyger. Vi har sett mange festkledde menneske etter vegane, og massevis av norske flagg.

Slettafossen i Romsdalen var imponerande i dag:

Oslotur 16. og 17.mai 031

Osloturen var også fin, vi fekk treffe både born og borneborn, ja, kosing og “snusing” vart det også:)

Minstefrøkena her i huset fekk kose seg mange timar  i handlegatene, noko eg kjende godt i beina etterpå….

“Oslostudenten” var heilt forstyrra over kor mykje pengar som gjekk med på eitt restaurantbesøk, medan vi foreldra var fornøgde over få å fore han opp litt:)

Vesle gullungen er like nydeleg som vi har fått beskrive,

nyføddpage

og Marylin og storesysta er like gode og tillitsfulle kvar gong vi møtest.

Oslotur 16. og 17.mai 022

Mammaen var ikkje heilt i form, ho fekk brystbetennelse og hadde det ganske vondt, men rapporterer heldigvis i kveld at forma er stigande:)

Ho rapporterer også at Marylin no i kveld song heile godnattsongen som ho og Besta har spesialisert oss på, nemleg altstemma til So ro godt barn:) Flink jente! Spørst berre kva som skjer når ho ein gong finn ut at hovudstemma ikkje er den som vi syng……

Marylinpage

mandag 10. mai 2010

Første rokken min er utsliten

No er overskrifta ei sterk overdriving, det hadde vore for gale om ein rokk ikkje skulle halde meir enn eit halvt år, særleg når eg ikkje har spunne meir enn knappe  to kilo tråd på denne tida, men eg har faktisk skifta ut rokken.

ferdigtrådpage

Eg oppdaga nemleg at det låg eit tynt lag med metallstøv på trøene og golvet under rokken, ved nærare ettersyn oppdaga vi at foringane på fløytene var heilt skeivslitne.

utslitenpage

Det skulle ikkje meir til enn eit par bilete i ein
e-post, så var ein ny rokk på veg. Gamlerokken pakka eg i emballasjen som den nye kom i og returnerte til forhandlar – utan kostnader for meg:) God service, spør du meg!

Den første rokken peip og ula når eg spann, medan nyerokken er heilt stillegåande, sikkert eit teikn på at den siste er i orden:)

No har eg fått vaska dei siste hespene eg har spunne, og eg har funne ei oppskrift som eg vil bruke silke-merino-tråden på – ein bolero som eg fann på Drops, det skal bli bil-strikke-prosjekt til og frå Oslo:)

til tørkpage

lørdag 8. mai 2010

Dedo

Kort og greitt i Abc-leiken denne veka:
Dedo = finger.

Det er ikkje meininga å rette nokon åtvarande peikefinger mot nokon, berre så det er klart!

 

Dedo 055

Dedo de pie = tå.

Storejenta mi ertar mannen sin med at han hadde budd her i landet i fem år før han forstod at han ikkje kunne kalle tærne for fingrar:)

Ordlista inneheld no fire ord:

Adivinanza (f) – gåte
barco(m) – båt
camino(m) – veg
dedo(m)- finger

Om du går inn her kan du lese mange fleire d-innlegg.

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

onsdag 5. mai 2010

Eit lite bilete

- kanskje ikkje av beste kvalitet, men likevel, Besta må få vise fram veslegullet!

Her er han, tre dagar gammal:)GetAttachment

Enno må eg smøre meg med tolmod nokre dagar før eg får halde han i armane og “snuse” på han. Vi tek langhelga 13. – 17. i Oslo, inntil då må eg nøye meg med bilete.

mandag 3. mai 2010

Kontrastar

Laurdag vart vi besteforeldre igjen, det sjuande barnebarnet vårt, ein gut, vel 4 kg tung og 52 cm lang. Alt er vel med foreldre og barn, i fylgje den lykkelege mora er guten heilt perfekt! Vi har fått mobilbilete og gler oss veldig til vi kjem oss til Oslo og får helse på:)

Konfirmasjonsdagen til Oda 001

Søndag var vi i konfirmasjon til den minste av tante-/onkel-borna våre, Oda, ei flott jente med mange gode eigenskapar.

Konfirmasjonsdagen til Oda 021 Konfirmasjonsgudstenesta var høgtideleg og fin,

Konfirmasjonsdagen til Oda 037maten innbydande og god,

det var veldig kjekt å få vere samla, slekt og venner,

Konfirmasjonsdagen til Oda 113

for å feire dagen saman med Oda.

Konfirmasjonsdagen til Oda 148

 

Konfirmasjonsdagen til Oda 003

Søndag fekk vi melding om at ein kjær onkel er død.

   Konfirmasjonsdagen til Oda 012

Store kontrastar på nokre få timar.

lørdag 1. mai 2010

ABC-C

I ABC-leiken som Petunia administrerer, der vi får ein ny bokstav kvar veke, skriv vi fritt om det som fell oss inn. Eg held fram med substantiv på spansk, og for dei som har fylgt bloggen min ei stund er det nok ikkje noko overrasking at eg vel ordet CAMINO når vi no er komne til bokstaven C.

Camino tyder veg, og eg har mange veg-bilete frå Spania. Mimretur camino 09 072

abccpage

Los caminos er små, bygdevegar, vegar der ein tek seg fram til fots, på sykkel eller i bil i eit roleg tempo, medan dei store motorvegane, bygde for fart er las carreteras.

Ordlista mi ser no slik ut:

adivinanza – gåte
barco – båt
camino - veg