onsdag 31. desember 2014

Zanzibar

No er året snart slutt, eg har framleis mange bilete eg vil ha med i 2014-utgåva av bloggeboka, så her må eg berre "peise på" og få laga eit nytt innlegg.
Vi leigde speedbåt som tok oss til den nordlege delen av Zanzibar, ein flott morgontur der vi såg både flygefisk, delfin og massevis av fuglar.


Det var eit vakkert syn som møtte oss då vi nærma oss land, ei kvit strand med palmer og palmebladtak så langt auget kunne sjå.





Der fekk vi oss ein god frukost før vi sette oss i taxien som skulle køyre oss til hotellet i Stone Town.




















Vi var litt meir luksusturistar på Zanzibar, med basseng og bytur med restaurantbesøk.



















I hotellhagen gjekk der esel og beita:)


søndag 28. desember 2014

Tanga og TICC


Så kom vi til TICC, ein organisasjon oppretta og drive av Ruth Nesje og mannen hennar.
Her er nettadressa deira: meetingpointtanga.net
Filosofien deira er hjelp til sjølvhjelp gjennom positiv psykologi, at ein kan klare det ein vil dersom ein ikkje set grenser for seg sjølv, og dei tilset lokale arbeidarar i ledige stillingar.  





Dei har i tillegg knytt til seg fleire norske høgskular som brukar TICC sine fasilitetar for studentane sine til delar av studiet. Der var både sjukepleiestudentar og ernæringsstudentar medan vi var der.


Området til TICC er ein velhalden oase rett utanfor byen Tanga, murbygningane er enkle, men funksjonelle og i god stand, der er nok varmt vatn til ein god dusj og roma blir stelte på beste vis kvar dag.



Restauranten serverer god og sunn mat, tre faste måltid kvar dag, og heile personalet er svært smilande og hyggelige. Rett og slett ein flott plass å kome til. Eg lurer berre på korleis eg kan ordne meg ein periode med frivilleg arbeid hos dei....




TICC samarbeider også med lokale aktørar, så alt neste føremiddag var vi på arrangert tur med båt ut til ein sandbanke for å nyte glasklar sjø, 30 grader varm, med hav og små øyar i synsfeltet i alle himmelretningar.





 







































Det var litt show då vi skulle gå i land ved ei badestrand, og unge gutar samla seg rundt båten og verkeleg studerte oss når vi plaska oss ned i sjøen og vassa i land, men vi kom oss i land.



Siste del av turen tilbake til TICC foregjekk i ein dalladalla som køyrde oss gjennom byen, og vi fekk eit første inntrykk av Tanga.





























Måndagen køyrde vi tilbake til Tanga, i innleigd dalladalla, vi måtte i minibanken, og vi trengte forskjellig, både apotekvarer og daglegvarer. Og Marylin kjøpte seg hår til extension.


















På tilbakevegen, eit par kilometer før vi var framme på TICC stoppa vi for å handle med Best Camp-gutane Mr Perfect og Bravo, dei har oppretta sin eigen butikk der dei sel kjolar, kangas og smykke, fortrinnsvis til gjester hos TICC.

































Tysdagen fekk eg vere med Live, Mari, Marte og studentane deira på skulebesøk. Vi samla 5. og 6. klassingane på eitt klasserom, målet med besøket var å stadfeste samarbeidet mellom denne skulen og TICC, og at ernæringsstudentane skulle drive "folkeopplysning" om sunn mat gjennom å lære elevane ein song som handla om gode val når dei skal kjøpe seg skulemat.

Det var rart for ein lærar å kome inn i eit tanzaniansk klasserom, det kan vel ikkje kallast snautt når det er fylt opp av unge, smilande born, men der var ikkje rare utstyret: Elevane sat saman på nokre benkar, desse hadde ei plate til å legge skrivesaker på. Ei tavle måla rett på murveggen og ei øskje med kvite tavlekritar. Det var det. Ikkje eit bilete, ikkje eit kart, ikkje ein plansje, slike ting som eg hugsar frå eiga skuletid, og langt mindre pc, prosjektor eller anna elektronisk utstyr som vi omgjev oss med i dag. Eg såg ikkje ei einaste bok. Men no hadde borna med seg nokre små sekkar, og kva som var inni dei, det veit eg ikkje. Eg trur ikkje der var elektrisk lys i klasseromet heller, i alle fall så var det berre lyset frå dei opne vindauga vi brukte medan vi var der.



Men den kvinnelege rektoren tok godt i mot oss, guiden vår, som også er lærar, presenterte henne på ein respektfull måte.  Så tok dei oss med bort til førskulebygninga, som er finansiert av TICC, og viste oss Mr Jino-songen, den einaste illustrasjonen på heile skulen som eg kunne sjå; songen som handlar om god tannhelse, som guiden vår har laga, og som alle borna på skulen set i samband med akkurat han.



Inne i klasseromet song elevane tann-songen til oss før vi bytte roller, og det var vi gjestene som skulle synge - og lære frå oss songen om frukt og grønsaker som er så mykje betre enn frosen saft og slikkepinne som skulemat.
Tavla var til god hjelp, der vart songen både skriven og teikna, og borna song villeg saman med oss.
For meg er dette besøket eitt av inntrykka som vil site lenge i.



Onsdagen var sett av til hair extension, the African way, spanande på alle vis for oss to, og ganske spanande for mora som sende oss av garde ut i det ukjende også.
Resepsjonsdama, Anna, på TICC ordna ut for oss som best ho kunne, ho ordna med ein taxisjåfør som snakka engelsk, han fekk instruksjon om kva som skulle seiast til frisøren, og han gjorde som han fekk beskjed om, han ville ikkje ha betaling før vi var ferdige i byen, han berre ga meg mobilnr sitt før han for vidare.

Eigaren av frisørsalongen tok ein kikk på håret vi hadde med og slo fast at det ikkje var nok, men han hadde hår å selje, så han kunne gjere jobben. Så tok han oss med ut på trappa framfor salongen og ga oss kvar sin stol. Han sette hjelpeguten til å kjemme ut afrokrøllane til Marylin, ein jobb som ikkje var berre enkel, men når det var gjort, viste han at han kan sitt fag. Han fletta tynne tustar inn i luggen og langs tinningen ned mot ørene, det gjorde vondt, og det tok ein god time, men ein snill hjelpegut og eit par pauser gjorde det uthaldeleg for hovudpersonen.



Så sette herren seg ned i skuggen og slappa av medan han beordra ei av medarbeidarane i gong med neste delprosess, nemleg å flette afrokrøllane tett inn til hovudet i langsliggande fletter. etter kvart kom ei jente med meir erfaring og overtok arbeidet, ho kunne også jobben sin godt.
 Siste del i prosessen var å sy fast kjøpehåret i flettene, hjelpeguten tredde tråd i lange nåler og friserdama sydde lag på lag med hår til alt var oppbrukt. Så greidde ho gjennom nyesveisen - og jenta var ferdig hos frisøren:)




Fire timar hadde gått, og eg var absolutt klar for å kome meg derifrå. Men herr Salongeigar viste meg korleis ein oppfører seg i ein slik situasjon, det var ikkje berre å plumpe ut med prisen sånn utan vidare: Han reiste seg opp frå den skuggefulle plassen sin, tok ei runde rundt jenta og kikka nøye på resultatet, så måtte han puffe litt her og dra litt der, så nokre fornøgde lydar, kika på meg og nikka, fekk smil og nikk tilbake, så kunne han kome med prisen. Eg bladde opp dei 50 tusen shillingane som eg oppfatta at han hadde sagt, men "nonono", eg hadde høyrt feil, han hadde sagt fifteen  thousand - 60 kroner for fire timars arbeid!
Eg prøvde å protestere,men han har eit rykte å ta vare på så han tok berre imot normaltakst og ingenting meir.

Taxien var på plass berre nokre minutt etter eg hadde ringt, og endeleg kunne vi ta fatt på heimvegen, då hadde mamma Marte sendt oss eit ukjent antal bekymringsmeldingar - kven kunne vite at det skulle ta så lang tid??



Om kvelden var det afrikansk aften på TICC, med god afrikansk mat, danseinnslag av Best Camp- ungdommar, og det mest eksotiske: song og dans av masaiane som er vaktmenn på TICC.



















Det vart ei fin avslutting av opphaldet vårt der, tidleg neste morgon pakka vi saken våre og reiste attende til Pangani for å kome oss vidare til Zanzibar. Men fyrst må eg vise fram firfisla som Marylin klarde å fange etter ei intens jakt. Både ho og Michael var så fasinerte av desse kvikke skapningane:)




fredag 19. desember 2014

Safari - Saadani national park


For å sleppe inn i nasjonalparken måtte vi betale 30 dollar, då hadde vi 24 timar på oss, bortsett frå at det var ulovleg å opphalde seg i nasjonalparken når det var mørkt. Dermed vart det fyrst ettermiddags- safari fredag og så morgonsafari laurdag.
Eyal hadde leigt inn ein ekstra landrover, så vi drog av stad i to bilar. Det tok oss omtrent ein time å kome til grensa til nasjonalparken.























Innanfor porten der var det forbode å forlate bilane, taka vart heva slik at vi kunne reise oss opp og fotografere når vi såg noko spanande.

Dei fyrste dyra vi fekk auge på var waterbucks, dei går vanlegvis i flokkar, dei er ikkje særleg gode til å springe, så når dei er i fare søkjer dei tilflukt i vatnet, om der er eit vatn i nærleiken.

På ei opa grasslette fekk vi plutseleg sjå ein flokk elefantar, store og små på rekkje og rad. Det var tydeleg at dei små blir passa godt, dei gjekk midt i flokken slik at dei store kunne verne dei. Det var ganske stor avstand mellom oss, derfor er ikkje biletkvaliteten den beste.


Vi kom ikkje så veldig nær flokken, dermed er heller ikkje bileta av dei beste.


Då vi køyrde vidare såg vi mange antilope-liknade dyr. I fylgje guiden vår var det read dear og hardbeast. Dei var utruleg elegante når dei strekte seg ut og hoppa av garde.





Rett før sola gjekk med kom vi til eit vasshol, der kunne vi møte mange ilke slags dyr, men det som var der denne dagen var ein girafflokk, elegante dyr, store, med rolege rørsler, mine favorittar:)
Her har Maggan og Douglas fin utsikt rett mot giraffane.




Denne karen var ikkje særleg redd oss, han spaserte roleg rett framfor landroveren.





Neste morgon måtte vi opp før klokka var fem for å kome fram til nasjonalparken før sola kom for høgt på himmelen. Håpet var å sjå løver før dei la seg til rette i skuggen under trea. Det vart ingen løver på oss, men denne gamle stakaren var også spanande.


I fylgje guiden var det eit gammalt dyr som var utstøytt av flokken og at det berre var snakk om dagar før han kom til å verte mat for andre dyr.


Desse vakre fuglane som eg har gløymt namnet på spaserte framfor bilen vår eit godt stykke.

Så kom vi fram på ein ny flokk med giraffar, her i morgonsol:)

Fleire flotte waterbucks såg vi også. 
Ein black mamba bukta seg over vegen framfor bilen, men den var så rask at eg fekk ikkje opp kameraet.

Så var det elvesafari. Vi hadde så vidt lagt frå land då vi såg ein lang kropp i vasskorpa - ei krokodille. Den var ikkje særleg samarbeidsvilleg, ho senka seg under vatnet og vi såg henne ikkje igjen.



Flodhestane var også ganske sky, men det vart i alle fall nokre bilete av dei:)







Denne figuren låg heilt stille inne på elvebreidda, eit ganske lite eksemplar, dei kan visst verte opp til to meter lange.


Det var eit yrande fugleliv langs med elva.
Vi såg også flamingo, dei hadde funne seg hekkeplass i eit saltanlegg vi passerte på vegen.





Så vart det avskjedslunsj på Tembo Kijani. Taxien som skulle hente oss braut saman, så vi fekk nokre timar ekstra før ei ny taxi kunne kome.


Så forlet vi vakre Pangani og sette kursen for Tanga