fredag 30. desember 2011

Juletradisjonar

Dette er tredje jula eg har blogg, og kvart år skriv eg om juleselskapet vårt. Vi er ein stor sykjenflokk, fire brødre og to systre, som til saman har tjue born, desse tjue borna har tilsaman gitt mora vår tjue oldeborn.

¨Juledagar2 007

Når vi skal samlast til juleselskap seier det seg sjølv at ingen av oss har stort nok hus til heile gjengen, derfor leiger vi lokale i klubbhuset til idrettslaget i bygda og held spleiselag.

¨Juledagar2 015

Der er alltid mykje god mat, mykje lyd og høg stemning, kjekt for borna og mange pussige små-episoder som vi vaksne må smile av:)




¨Juledagar2 006

¨Juledagar2 016

¨Juledagar2 018

¨Juledagar2 010

¨Juledagar2 025

¨Juledagar2 020

¨Juledagar2 001

¨Juledagar2 031

¨Juledagar2 017            ¨Juledagar2 005

Kjekt å ha bilete frå julefesten kvart år, så ser vi litt av det som rører seg i familien frå år til år, og vi ser korleis borna veks til.

tirsdag 27. desember 2011

Stormkjøkken

Rette tydinga av ordet har eg funne denne jula. Når stormen herjar så straumen forsvinn i meir enn halve døgnet dag etter dag ( i alle fall 1. og 2. juledag) og trangen til noko varmt å drikke melder seg, så er det jammen godt å ha ei teltkarriere bak seg. Då er det berre å leite fram Eagle Creek stomkjøkkenet og spiritus på grøn plastflaske, kjøpt i Tyskland for mange år sidan, og fyre opp.
Det vart både ettermiddagskaffi og frukost-te på oss på denne måten:)

Juledagar -11 011

Elles så hadde vi besøk av ein småvaksen, men svært sjarmerande nissefar, med ein smule skjeggproblem, på julafta.

Juledagar -11 007

torsdag 22. desember 2011

No er det Astrid sin tur

Astrid er venninna til Åsta, ho er ei av mange som ventar på den mest etterspurte julesnadderet hos oss: “Fiskepudding spesial”

Ei oppskrift som kom oss i hende for mange  år sidan, og som er eit absolutt “must” kvar jul. Eg ventar vanlegvis lengst muleg før eg lagar fiskepuddingen så eg skal vere sikker på at han varer til julehelga, men i fjor måtte  eg gjere eit unntak, då var nemleg Astrid i Sør-Afrika som utvekslingsstudent, og ho måtte få fiskepudding til jul!

I år vil ho prøve å lage han sjølv, derfor kjem oppskrifta her.
Dette er ingrediensane:

Fiskepudding spesial 004

– skjønar du kvifor det heng på “spesial” etter fiskepudding?

Marsipan - del marsipanen i bitar, kjevle ut kvar bit til eit rektangel
og legg dei på  “gladpak”, ca. dobbelt så stort som marsipan-rektanglet

250 g delfiafeitt – smelt det
3 store fruktnøttsjokoladar
200 g mørk sjokolade (70%) - smelt sjokoladen i mikrobølgeovnen

2 egg
2 ss sukker

Visp saman egg og sukker, tilset smelta sjokolade og delfiafeitt, bland godt.

Nonstop, seigmenn, juleskum, fiken, neter etc. tilset du etter smak. Del opp alt utanom nonstop før du har det i blandinga.

Fiskepudding spesial 005

Fordel sjokoladefyllet utover på marsipan-rektangla og rull dei saman til pølser – eller fiskepudding ved hjelp av gladpak-en. Set dei i kjøleskapet til fyllet har stivna.
Oppbevar i kjøleskap.

 Fiskepudding spesial 007

Ved servering, skjer  fiskepuddingen i skiver. Bon apetite:)

mandag 19. desember 2011

Til Susanne

Endeleg kom eg i gong med julebaksten, og smakt har vi også fått gjort:)

No har eg lovt Susanne, som eg er tante til, oppskrift på eit par sortar – og skal eg først skrive ned oppskriftene, så kan det kanskje kome fleire til gode – derfor bruker eg bloggen:)

Susanne sine favorittar gjennom mange år heiter Russiske kyss, oppskrifta har eg funne i bladet Alt om julen frå 1990:

4 eggekvitar
250 g sukker
100 – 150 g valneter

Set bakebollen i lunka vassbad og visp sukker og eggekvitar i ti min.
Bland i dei grovhakka netene.
Set kakene med teskei på bakepapir, steik dei ved 150 grader i 10 – 15 min, til kakene kjennest tørre. Avkjøl på rist.



Til syltetøykakene bruker eg eigentleg deigen til fylte kjeks, eg lagar kjeks av halvparten av deigen og syltetøykaker av resten. Det blir mellom 30 og 40 kaker av kvar sort.

Eg bruker to utstikk-hjerter, eit lite og eit litt større til syltetøykakene.



Deig: henta frå kakefesten.com

Kjeks

  • Kjeks
  • 3 egg
  • 250gr sukker
  • 500gr mel
  • 3 tsk bakepulver
  • 300gr meierismør(mykt) el. margarin
  • Fyll
  • 200gr delfiafett
  • 350 gr melis
  • sitrondråper




Fremgangsmåte
  1. visp egg og sukker til eggedosis
  2. sikt halve melet i røra + bakepulveret og vaniljesukkeret
  3. elt inn smøret
  4. elt inn resten av melet
  5. La stå i kjøleskapet over natta
  6. Ta ut små posjoner av deigen i gangen, og kjevle ut på benken med rikelig mel. Blir klissete når den blir varm og setter seg fort fast i benken.Stans ut med de formene du vil.
  7. Stek på en plate med bakepapir midt i ovnen på 180 grader ca.6-10 min
  8. Fyllet lages når kjeksene er ferdige og avkjølt.
  9. 1- smelt delfiafettet og bland sammen melis og sitrondråper.
  10. Smør i vei :)




Men sidan halvparten skal smørast med Gode greier sin jordbærgele, kan du halvere kjeksfyllet.

Lukke til!

søndag 11. desember 2011

Smått om senn kjem stemninga smygande

Eg er ikkje av dei fyrste som fyk til med pynting og styring til jul -  eg har alltid nokre tentamensbunkar som har fyrstepriorotet. Men litt om litt kjem jula inn i huset hos oss også.

Adventslysa er i alle fall på plass

Det same er stjerna i vindauget – sjølvsagt den gamle, gode stjerna som vi har hatt i alle dei årSmilefjes

030

Og så kongerøykelsen, då – vi må ha litt godlukt i huset

015

Og jammen heng det hjarter og blenkjer både her og der!

018

IMG_7437

Så då er vi vel i rute i år også, sjølv om julebaksten framleis glimrar med sitt fråver....

tirsdag 29. november 2011

Ei forunderleg reise attende til barndommen

For nokre veker sidan var eg innom ein blogg frå nabokommunen, Herøy. Der såg eg til mi store forundring bilete frå loftet til mormor og morfar!
Mette som eig bloggen http://fjellromantikk.blogspot.com/
hadde vore på besøk hos butikken
Bella Blå: www.bellablaa.no som held til i underetasjen i huset som besteforeldra mine eigde i Fosnavåg. No har butikken teke i bruk loftet også, der stiller dei ut varer, og i samarbeid med andre lokale bedrifter serverer dei både kaffi og god bakst der oppe.

Ei så merkeleg oppdaging kvalifiserte til nærare utforsking; så fredag trassa systra mi og eg uveret “Berit” og reiste utover for å finne ut om dette kunne vekke til live gode minne frå barndommen.

Rart å gå trappa OPP til inngangsdøra i staden for NED, slik det var før…

Rart kor liten gangen innanfor inngangsdøra er!

DSCF1331

Rart å ta trappa opp til loftet og gå seg rett på gjesteromet der vi brukte å sove når vi var på besøk:)

DSCF1312

Annleis, men likt!

DSCF1314

DSCF1315

Kle-roma, der dyner, klerulle og sesong-kleda vart oppbevarte..... – ein gong, når huset var fullt av tilreisande sov vi på flatseng i eit av desse roma:)

DSCF1316

DSCF1328

DSCF1326

Det budde alltid leigebuarar på loftet i vår tid, men vi var no innom hos dei, så vi kunne godt kjenne oss igjen på kjøkkenet, sjølv om der vanlegvis ikkje var gode bakverk når vi var på besøk.

DSCF1318

DSCF1319 Ei aldri så lita overrasking venta på meg: Eit lite rom ved sida av trappa som har vore ukjent for meg heilt fram til no.

DSCF1324

Koseleg tillaga med takvindauge,

DSCF1320  barneseng, 

DSCF1323eit lite skap med blomster på

DSCF1321

og hylle på veggen. Det var som å opne ein forundringspakke!

Når eg konfererte med mor laurdag, fekk eg svaret på kva dette var for eit rom: Jenteromet - altså det romet tenestejenta sov på når mor og syskjena hennar var små. I min barndom var det sikkert brukt som lagerrom for leigebuarane.

Jauda, barndommen kom litt nærare, det var forunderleg og nostalgisk, kjekt at Bella Blå skaper miljø på denne måten!

Etterpå stakk vi over gata til Blomster og Gaver Hilde og Stine så eg fekk kjøpt meg ko:ko-kjolen “Berit” medan "Berit" herja utandørs:)

ko:ko-kjole/-berit

søndag 20. november 2011

-Ei pølse i slaktetida -

No har vi sparka i gong julestria:)

November Michael -11 010

Mor og datter i gong med môring.
Tungt arbeid, men lett samanlikna med den tida kverna var handdriven!

November Michael -11 013

søndag 6. november 2011

Strikkar Strikkebesta?

Jada, stadig vekk, men eg har ikkje vore særleg flink til å oppdatere, lufta har liksom gått heil ut av ballongen når det gjeld å sette seg ned og lage blogg-innlegg.
Kva grunnen til det kan vere er ikkje så lett å svare på, men litt blading i blogge-bøkene mine ga inspirasjon, så no skal du sjå kva eg har pusla med i det siste:

Eit nytt trekantsjal –Aka nightingale, gratis oppskrift på Ravelry. Eg valde svart Tynn alpakka.




Michael har fått to nye barnehage-genserar, ein Kjekkasgensar strikka i dobbel Smart.(Oppskrift på Pickles.) 
Den vart veldig tjukk og hard, men tøff! Passar godt til å herje ute i haustlauvet i:)


Oktober -11 004


Flettegensaren som eg begynte på i mai er også ferdig – kjole, seier mamma hans, kjempefin, sier Besta:)




Så fekk eg lyst til strikke Kerrtu-sokkar igjen, fire par har det vorte hittil, her er bilete av tre av dei:November-11 015


No er det under ein månad til det skal vere julemarknad i Steinerbarnehagen til M og M, så salsobjekt til den er det som står for tur hos meg. I år satsar eg på tjukkelestar med rullekant, greie å strikke og varme og gode å ha på.

November-11 019

Koseleg å strikke i mørketida med lys på bordet og te i koppen:)

November-11 009