søndag 31. oktober 2010

Halloween

Då dei eldste ungane mine var små likte eg svært dårleg at dei ville ut og gå halloween. Å kle seg ut som skrømt og gå rundt og plage folk og tigge snop, nei, det skulle eg ikkje ha noko av. Dei to yngste spurde ikkje om lov ein gong, klart dei skulle gå halloween og seie ”knask eller knep” same kva eg meinte om den saka.

I jobben min, eg underviser mellom anna i engelsk, lærer eg kvart år litt meir om denne for oss ukjende tradisjonen, og kva skjer?

Frå å vere ei skeptisk dame som helst såg at halloween vart forbigått i stillheit, har eg år for år akseptert at denne skikken også er innført her i landet. Når eg veit meir om bakgrunnen til feiringa er det mykje lettare å godta dette også. Det er som med framandfrykt generelt, vi er negative til det vi ikkje veit nok om, når vi blir betre kjende med det framande, forsvinn skepsisen.
Dette har ført til at i år har eg kjøpt oransje lys til utelykta,

Halloween 034

eg har utstyrt meg med nok godteri til alle som måtte finne på å banke på døra mi

Halloween 039

- og eg har til og med kjøpt inn oransje roser til helga:)

Halloween 023

Når så Mateo min var den første som ringde på – og stod der åleine i mørket med “bloddryppande” munn – tok eg meg i å synest at det var rett koseleg å få slikt skummelt besøk:)

Skummelt besøk 002

Seinare kom Oliver og ein kompis,

Skummelt besøk 003

og etter det har her vore omtrent ti andre born som har teke for seg av snopet eg hadde klart til dei.

Viktoriaplommene

Det er eit litt høgtideleg ord for meg, Viktoriaplommer.
Besta mi hadde eit viktoriaplommetre ute i hagen – og ho laga dei beste hermetiske plommer eg nokon gong har smakt!
Treet stod her då vi flytta inn, men måtte vike for framsteget (ny veg) tidleg på 80-talet.

Etter kvart skaffa vi oss eit nytt Viktoriaplommetre som ber mykje frukt kvart år, men dette er plommer som blir seint modne – dei er derfor avhengige av ein god ettersommar og haust.

Eg er redd for at dei ikkje har fått det i år.
Vi har gått og sett på alle plommene og håpt på eit under. Det kom ikkje.

Sist laurdag skreid vi til verket og hausta plommene, dei mest modne var blaute etter frosten, dei halvmodne var bra – og så var der mange umodne.

Halloween 006

Kvaliteten var for dårleg til hermetisering, Eg fann ikkje ei einaste plomme som hadde den rette, gode, saftige smaken som eg huskar så godt, men der var nokre som kunne duge til plommesylte i alle fall.

Halloween 008

Så mykje sukker som skal til er ikkje dette akkurat mat for meg, men her er andre plommesylte-elskarar i huset:)

Plommesylte 004

 

Det vart nokre glas – og god vart ho også, faktisk!

Plommesylte 007

Eg lurte meg til ein smak til frukost i dag.

Laurdagskveld

Det er rart kva som kan opplevast som ei frydefull forandring, når det berre ikkje skjer for ofte:

Adventstid 012

Etter den tradisjonelle pizzaen saman med borneborna og foreldra deira, har eg tilbrakt kvelden heilt åleine.
Eg er med andre ord “grasenke” i kveld, og eg har gjort så lite som muleg - og berre det eg har hatt lyst til å gjere -

- som å beundre blomsten på hoyaen i kjøkkenglaset

Halloween 027

- og  nyte ein god kopp julete

Julete 003

- og strikke

- og lese….

Det er akkurat det same som eg gjer dei fleste andre laurdagskveldar, mannen min er slett ikkje plagsamt snakkesalig - og han forlangar ikkje at eg skal underhalde han der han sit i godstolen sin.

Likevel har eg  ei god kjensle av fridom og luksus fordi eg har fått denne kvelden heilt for meg sjølv.

Det er nok ganske provoserande for alle som kjenner seg einsame å lese desse orda, eg veit også sjølv at kjensla hadde vore vond i staden for god om eg ikkje visste at mannen min snart er heime heime att – og at neste laurdagskveld blir som før:)

Stjernelykt

lørdag 23. oktober 2010

Korleis få helgekjensla til å kome sigande på…

No er eg heime igjen etter ein tur på badestranda saman med nokre blide, fornøgde damer som meiner akkurat det same som meg om dette tema:

Ein rask symjetur på laurdags føremiddagen - ikkje så langt frå land og ikkje så lenge uti sjøen – er det som skal til for å senke skuldrane!

Komen på land, med eit stort handkle rundt kroppen, kjenner vi varmen vende tilbake, muleg det er endorfinar det heiter, vi kallar det livsglede:)

Men utstyret må vere i orden:

Tova badematte, ullundertøy, ein avlagt varmedress etter storeguten min, klaffehue i ull, alpakkasjal, og -vottar, og gode, store støvlar er eit “must”.  - ja, på land - ute i sjøen held det lenge med badedrakt, hue og ullsokkar.

laurdagsbadetpage

No er det gjort for denne gong - med andre ord: Det er HELG!

fredag 22. oktober 2010

ABC-innspurt: X Y Z

Alle bremsene kom på for nokre veker sidan då bokstaven X skulle bloggast i ABC-leiken til Petunia.

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2] 

I spanskordboka mi er det berre tre substantiv som begynner med denne bokstaven og ingen av dei var tilgjengelege som motiv for kameraet mitt. Derfor bestemte eg meg for å lage bokstaven X i nysnøen som har lagt seg på plenen og legge ut bilete av det, men akkurat då kom eg på at eg har una x-rayo i huset mitt. Røntgenbiletet er av veslejenta mi sin venstre hands ringfinger, tatt hos tannlegen for snart 11 år sidan då ho var så uheldig å få ytste leddet ut av stilling etter eit ublidt møte med ei dør.

xrayospage

Y-bidraget mitt blir bilete av den veksevillege eføyen: la yedra som før eller seinare kjem til å innvadere heile huset vårt.

yedra

Siste bokstav ut i det spanske alfabetet er Z:

Til venstre ser du dei skorne eg helst vil gå i når vi framleis skriv oktober, til høgre er dei skorne fornufta seier meg at eg bør velje i snø og sludd.

Sko: Los zapatos.

zapatospage

Håper at både Petunia og alle andre deltakarar tilgir at eg har somla slik at eg no legg ut desse bokstavane under Ø.

Då står det berre att å takke Petunia  for initiativet, og alle andre bidragsytarar for laget – og lukke til med siste bokstav neste veke:)

    ABC-innspurt 002

lørdag 16. oktober 2010

Haustlyng

Det har vore så kaldt om natta i det siste at det er svært lite att av sommarblomstrane, sjølv om klematisen framleis held stand.

Hatløya og haustlyng 008

Men det no kjekt å kunne plante saman vintergrønt og haustlyng i nokre av krukkene og grytene som står ute,

Hatløya og haustlyng 015

Hatløya og haustlyng 018

så kan vi håpe på at ikkje regn og sol stikk av med fargen på lyngen på lenge…

Hatløya og haustlyng 020

søndag 10. oktober 2010

Hummarfatet mitt

Til førtiårsdagen min – for ganske mange år sidan – fekk eg eit hummarfat.

Hummar og kanari 023

Ganske fint, eg har brukt det til kakefat, det passar spesielt godt til rullekaker med krem:)

Det har aldri vore ein hummar på fatet – før i dag, for i dag fekk mannen min oppfylt ein draum:

Hummar og kanari 014

Då vi var ute og drog den nye krabbeteina låg det ein sprell levande hummar saman med krabbane:)

Hummar og kanari 016

Hummar og kanari 021

Hummar og kanari 018

Farge; Vakker, både før og etter koking.

Smak: Ein smule oppskrytt? Krabbe er  minst like godt vart konklusjonen, men her ligg altså hummaren og tronar på hummarfatet mitt:)

Hummar og kanari 027

fredag 8. oktober 2010

Austover

Også denne haustferien måtte eg ein tur austover, dit hausten blir gyllengul, same kor mykje det bles. Her på våre kantar bles blada av trea før dei får tid til å skifte farge!

gylden haustpage

Ikkje for det, eg likar veldig godt blada når dei ligg på bakken også, eg. Ikkje mykje kan måle seg med ein haug av tørt lauv som ein kan vasse seg gjennom:)Oktober, haustferie 004

Og i austerled har eg fleire som eg gjerne besøkjer, det vart Sverigetur, som i fjor, og like godt blir eg motteken kvar gong eg kjem:)

Haustferie -10 018

Og like mange herlege detaljar er der å oppdage kvar gong:)

Fleire detaljarpage

I Oslo fekk Besta nokre kjekke dagar saman med borneborn som utviklar seg både i storleik og vit mellom kvar gong vi møtest.

Kosestund for storsøster og veslebror!

Haustferie -10 024

Vesle frøken fireåring viste seg å ha blitt rett fornuftig i løpet av hausten, men heldigvis har ho ikkje gløymt gleda ved å svinge seg i ei sky av rosa tyll!

danseprinsessepage

Minstemann har fått sansen for fast føde og veks så fort at dei ikkje trudde dei målte rett på fem-månaders-kontrollen på helsestasjonen:)

stor gutpage

Marylin er hans største idol, og han ler høgt og inderleg til alt ho finn på. Elles er sjølvsagt badekaret ein favoritt:)

Nokre varme strikkaplagg var med i baggasjen til Besta austover, kjekt at dei passa, og at mottakarane var fornøgde med dei:)

varme klepage

Ny jakkepage