søndag 31. oktober 2010

Viktoriaplommene

Det er eit litt høgtideleg ord for meg, Viktoriaplommer.
Besta mi hadde eit viktoriaplommetre ute i hagen – og ho laga dei beste hermetiske plommer eg nokon gong har smakt!
Treet stod her då vi flytta inn, men måtte vike for framsteget (ny veg) tidleg på 80-talet.

Etter kvart skaffa vi oss eit nytt Viktoriaplommetre som ber mykje frukt kvart år, men dette er plommer som blir seint modne – dei er derfor avhengige av ein god ettersommar og haust.

Eg er redd for at dei ikkje har fått det i år.
Vi har gått og sett på alle plommene og håpt på eit under. Det kom ikkje.

Sist laurdag skreid vi til verket og hausta plommene, dei mest modne var blaute etter frosten, dei halvmodne var bra – og så var der mange umodne.

Halloween 006

Kvaliteten var for dårleg til hermetisering, Eg fann ikkje ei einaste plomme som hadde den rette, gode, saftige smaken som eg huskar så godt, men der var nokre som kunne duge til plommesylte i alle fall.

Halloween 008

Så mykje sukker som skal til er ikkje dette akkurat mat for meg, men her er andre plommesylte-elskarar i huset:)

Plommesylte 004

 

Det vart nokre glas – og god vart ho også, faktisk!

Plommesylte 007

Eg lurte meg til ein smak til frukost i dag.

4 kommentarer:

  1. dette såg skikkeleg godt ut.
    Vart ikkje mykje plommer på meg i år for vinden bles ned dei fleste av dei.

    SvarSlett
  2. ikke den store syltetøyspiseren jeg heller, men jeg synes det er farlig godt, og dette så godt ut:)

    SvarSlett
  3. Mmm, just plommonsylt är mormor för mig, hon hermetiserade päron, men plommon, frukost hos mormor..Tänk vad vi håller i och om våran barndoms söta minnen :)

    SvarSlett
  4. Plommesyltetøy er noe av det beste jeg vet !
    Jeg har ikke plommetrær selv , men pleier å få et glass med syltetøy av min søster av og til.
    Det så skikkelig godt ut ! Kos deg.

    Klem fra Ingunn :)

    SvarSlett