søndag 22. mai 2011

Lenge sidan sist,

men i dag vart det endeleg tur til Hasundhornet igjen:)

Hasundhornet 002

Frisk vind, men mildt, herleg!

Hasundhornet 010

Godt å få oppleve denne utsikta igjen!


Og molteplanta står i blomst:)

Hasundhornet 008

Hasundhornet 011

fredag 20. mai 2011

Ikkje så veldig nyskapande

Sist fredag skulle vi på biltur – vi skulle langt av stad. Mannen min er glad i å køyre bil, så eg sit ikkje bak rattet utan at han blir trøytt. Derfor bruker eg tida til strikking. No er eg i gong med lestar med eit  kronglete mønster som ikkje eignar seg under fart, så i siste liten sprang eg inn på ein trådbutikk og fekk med meg nokre buntar  Drops Merino extra fine og ein rundpinne.
Michael treng sikkert ein genser til han skal begynne i barnehage, tenkte eg. Etter å ha strikka ribbekanten begynte eg å fundere på korleis seg skulle komponere eit enkelt og greitt flettemønster.

Eg fann ein penn i veska og drodla i veg, talde og rekna, gonga og delte og hadde reine matematikktimen for meg sjølv. Både Ørskogfjellet og Tresfjorden var passert før eg visste ordet av det.

Prikk og strikk 007

Mønsteret gjekk fint opp i masketalet eg hadde på pinnen og eg strikka fornøgd i veg.

Prikk og strikk 009

Først då vi kom til Oslo og eg fekk sjå forrige flettastrikkprodukt til Michael, forstod eg at eg rett og slett gjentek meg sjølv! Kanskje eg bør utvide repertoaret ein smule?

Baneopning, sommarplanar og jakke 027

onsdag 18. mai 2011

17.mai-tradisjon?

Det er mangt som kan verte tradisjon – til dømes å tilbringe nasjonaldagen i bil på veg heim frå Oslo. Tilfeldigvis gjorde vi det, mannen min og eg både i fjor og i år. Ikkje så veldig spanande, kanskje, men på den andre sida, ganske kjekt å få små glimt av tradisjonell 17.mai-feiring  mange stader i landet utan å sitje framfor tv-en.

Og Romsdalen i mai er eit reint eventyr!

Mai-tur 004

Først hadde vi fine dagar i Sverige, med ein liten kikk innom stadskyrkan i Arvika som har 100 års jubileum i år. Ei kyrkje som framstod som svært moderne då ho var nybygd, og utsmykka av fleire lokale kunstnarar.

Mai-tur 013

Mai-tur 011

Å få eit lite innblikk i svensk “russefeiring” var også fint, der “tek dei studenten”, dei pyntar seg, går i prossesjon, blir feira av familien og får fine og praktiske gåver – og festar litt, men på ingen måte som sitt norske motstykke. Bilen er heller ikkje av dyraste slag, men utruleg sjarmerande – og sjå berre kor han står i stil til desigualkjolen min!

Mai-tur 005

Å kome til Oslo for forseinka feiring av verdens herlegaste eittåring var stor stas:)

Mai-tur 023

Mai-tur 014

Men tenk, eg gløymde å ta bilete av den dekorative maten då vi gjekk ut for å ete sushi saman med studenten på måndag! Eg får skulde på at det smakte så godt at eg hadde ingen tanke for anna enn å ete…

Mai-tur 031

Vi rakk både god 17.mai-frukost og å forevige Marte og ungane i finstasen før vi starta på heimveg:)

fredag 6. mai 2011

Når sola skin

- og eg eig dagen, kva er då betre enn ein sykkeltur til Flø?

Besøk og Flø 006

Sette meg på den varme betongen på moloen og lese i ei bok medan bårene slår mot land Besøk og Flø 009

og måsen glir over hovudet på meg og “syng” på sitt vis.

Besøk og Flø 007

søndag 1. mai 2011

Våren!

 

Kvitveis2 012 Ho står, den kvite symra,
den fyrste blom i år,
der like inn på snøen
i sine tronge kår

Ho står i kvite klede
så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga,
då har du skoda Gud.

Kvitveis2 004


To vers av diktet Symra av Anders Hovden