lørdag 29. mars 2014

Utlysing

I dag når vi kom fram til den faste badeplassen vår, framfor nokre naust, stod der ein flott stol som ikkje har vore der før. Den må vel kunne brukast til noko fornuftig, tenkte vi, så hermed søkjer vi badevakt til kvar laurdag kl. 09:30 - 9:31, muligvis litt lenger sommarstida.
Arbeidsvilkår og lønn får vi kome tilbake til, men stolen er i alle fall god:)