lørdag 29. juni 2013

Feriestrikk

Snart er vi klar for tre veker i Galicia, Nord-Spania. Eg trur det vert ei flott ferie, men for at kosen skal vere komplett må eg ha eit strikk. Derfor har eg begynt på ei innsvinga jakke etter ei oppskrift frå Drops, sjølvsagt har eg gjort mine endringar: annan tråd, dobbel Lace frå Drops, og litt tjukkare pinnar, så det vert spanande å sjå det ferdige resultatet:)



onsdag 26. juni 2013

Ferietid

No er det ferie og fritid, og forsømte områder, som t.d. bloggen kan få litt merksemd igjen. Når tida er knapp skal det ikkje store endringane til før ein misser tolmodet og gir opp. Det siste problemet når det gjeld blogging var ikkje sjølve bloggen, men det å laste bilete frå kamera og inn på pc-en som skapte problem. Før kunne eg opprette ei mappe, sette namn på henne og laste alle bileta på minnekortet inn på dataen på ein gong. No, etter ei eller Anna ufrivillig oppdatering, har eg ingen aning om korleis eg skal få lagt inn bileta, ikkje veit eg korleis eg skal få sortert dei, og ikkje får eg lagt inn meir enn eitt bilete om gongen. No blir dei verande på minnekortet til det er fullt, kva som skal skje med dei etterpå veit eg ikkje.

No har eg skaffa meg nettbrett og kan ta bileta direkte og legge dei inn på bloggen, trur eg, det er i alle fall det eg skal prøve på no. I går kjøpte eg endeleg sommarblomster til utekrukkene mine, og då let eg eg meg freiste til å kjøpe eit oppstamma oliventre også:)

Eg ser berre det første bilete når eg går inn på redigering, får difor ikkje sletta dei bileta som eg har lagt ut tre av, men så er i alle fall oliventreet mitt godt dokumentert:)