søndag 24. april 2011

Tenk det!

Av og til finn nokon på å gi meg ein avleggar av plantene sine, dei har nok lagt merke til at eg ikkje er nokon gartnar akkurat. Hos meg er det slik at plantene akkurat overlever mellom kvar gong dei blir vatna.

For mange år sidan fekk eg ein avleggar av svigermor, grøne, liljeaktige blad, grei nok i seg sjølv, men planta til svigermor har blomstra kvart år, planta mi har berre stått der med dei grøne blada sine.

Stubbetufsa, kunnskapsrik hobbygartnar frå nord, har tidlegare lagt ut bilete av si blomstrande plante og lært meg at ho heiter klivia.

Borneborn og klivia 026

Og tenk, i dag oppdaga eg at mi klivia står i blomst – sånn heilt utan vidare…

Borneborn og klivia 028

lørdag 16. april 2011

Badeklubben “Hellige Olga”

I dag hadde badeklubben med eigen fotograf når vi møttest til den faste laurdagssymjeturen.
Marylin ville vere med og sjå at Besta hoppa i havet – og så fekk ho like godt eit kamera i handa med beskjed om å knipse i veg:)

Med tanke på at fotografen ennå ikkje har fylt fem år, må vi seie oss fornøgde med denne foto-dokumentasjonen:

Først målet for symjeturen,

Marylin knipsar badedamer 007

så  alle fire på veg utover –

Marylin knipsar badedamer 009og til slutt alle symjande inn att mot land.

Marylin knipsar badedamer 011

Det er ikkje fritt for at vi er fornøgde med oss sjølve når vi er ferdige med symjeturen og kan gå på land, og jammen fekk ho med det også:)

Marylin knipsar badedamer 013

Marylin knipsar badedamer 014

Namnet på klubben er forresten valt etter ein russisk-ortodoks kyrkjelyd i Oslo som døyper medlemmene sine i eit vatn i Oslomarka sommar som vinter, sjølv når dei må lage hol i isen for å kome til.

mandag 11. april 2011

I eventyrskogen med barneborna

Vår i lufta, godt over ti grader og opphaldsver. Slik hadde vi det i går, og både to døtre, tre barneborn og kompisen til Mateo ville vere med på tur i eventyrskogen. Vi utrusta oss med kakao og niste og la av garde.

Marte april 2011 012

Marte april 2011 014

Oliver har vore der før saman med barnehagen sin, så han var kjentmann og losa oss trygt i veg:)

Marte april 2011 021

Han visste kvar det var lurt å ta ei drikkepause og han visste at på den plassen som heiter Kvila er det fint å ete nistematen.

Tur  i eventyrskogen 006

Tur  i eventyrskogen 005

Vi kikka på alle dei rare formasjonane av buskfuru – og klatra i mange av dei. Mateo måtte prøve  å henge opp-ned i greinene.

Tur  i eventyrskogen 001

Inne i gapahuken henta Oliver fram hytteboka så vi fekk skrive at vi hadde vore på besøk.

Tur  i eventyrskogen 017

Der fekk vi også sjå “veslekista” med ein ekte skatt i.

Tur  i eventyrskogen 013

Oliver snakka også om nøkkedammen – og jammen fann han nøkken sjølv i ein liten dam i skogen!

Tur  i eventyrskogen 019

Det var ingen liten tur vi hadde lagt ut på, det tok nærare tre timar frå vi starta til alle var heime igjen,

Tur  i eventyrskogen 004

men det gjorde ingenting, vi hadde jo heile søndagen å ta av- og der var så mange spanande figurar

Tur  i eventyrskogen 027

og byggverk å beundre:)

Tur  i eventyrskogen 031

Tur  i eventyrskogen 026

lørdag 2. april 2011

Bakekurs

I dag har eg kosa meg med god bakst:

Dansk rugbrød…

Bakekurs 011

Frukt-nøtt-brød

Bakekurs 026

Baguette

Bakekurs 018

surdeigsbrød

Bakekurs 035

Og endå har eg havrebrød og focaccia i frysaren:)

 

Bakekurs 032 Bakekurs 037

Bakekurs 038

Alt dette fordi ei av kollegaene mine, som er ivrig lærar i mat og helse, tok kontakt med Morten Schakenda,

Bakekurs 007

mannen bak suksessbedrifta Bakeriet i Lom, og spurde om han kunne ta turen til Ulsteinvik og halde kurs.

Bakekurs 005

Vi 16 heldige som var fyrst å melde oss på fekk grundig opplæring i korleis lage og behandle gjærdeig,

Bakekurs 008

vi fekk smake nydeleg brød, og vi fekk bake, frå kl. 14.30 til nærare 21.30 i går.

Til slutt fekk vi med oss heim herleg, duftande bakverk- som vi  hadde vore med på å bake sjølve:)

Det vi laga av den flotte bolledeiga vart ete i går medan det var heilt ferskt, mmm! (ikkje noko att til fotografering)

Bakekurs 027

Ein triveleg måte å vere saman på utanom ordinær arbeidstid!