torsdag 31. desember 2009

O for OPPFINNAR

Halvvegs i bokstavleiken begynner eg å kjenne at eg må leite etter idéar, men jammen kom eg på ein denne veka også! Bokstaven er O. Andre sine O-ar ser du om du går inn på ABCtema på høgresida mi.


Det er mange måtar å vere kreativ på, mannen min, t.d. er håplaust lite oppfinnsam når det gjeld matlaging og huslege syslar, men er det noko som treng å reparerast, kan han få orden på det meste ved hjelp av det han har av ting og tang som han har samla på (han kastar ingen ting så lenge han har oppbevaringsplass).

I slekta hans finn ein båtbyggjarar i fleire generasjonar tilbake i tid, båtar er også eit av interessefelta til mannen min, men dei skal helst sjå litt annleis ut enn vanlege båtskrog....
Det spørs om han set i gong med "prosjekt båtbygging" når han blir pensjonist om nokre år....
Noko anna som interesserer og fascinerer han er bølgjer, kjem det ein storm frå nord, må han til Flø, det mest verharde området i kommunen, og sjå på bølgjene.
Denne fascinasjonen gjeld ikkje berre synet av bølgjene, men like mykje krafta - energien - som er i dei. I årevis har han sysla med tanken på korleis utnytte denne energien i form av eit bølgjekraftverk. I 2005 bygde han ein modell som han trudde han skulle få prøve ut i havbassenget ved NTNU, noko som ikkje gjekk i orden, og same året fekk han patent på bølgjekraftverket.



Etter som åra har gått har han vidareutvikla idéen sin, slik at modellen han laga ikkje lenger er aktuell, så no står han der i hagen vår til ingen nytte.



Familia har laga mange vitsar om bruksområdet til modellen, han er ikkje vakker der han står, det kunne lett ha blitt eit irritasjonsmoment, men eg prøver heile tida å sjå på OWWE, som han heiter, som eit symbol på stå-på-vilje og handlekraft, eit forsøk på å få gjort noko med det han trur på og brenn for:)


Mannen min har si eiga heimeside der du kan sjå og lese om idéen hans om du vil:
www.owwe.net

onsdag 30. desember 2009

Eit produkt frå eigenspunnen tråd

Eg er litt gjerrig når det gjeld tråden eg spinn, rett nok trur eg det lett kan bli for lite om eg set i gong å strikke noko av han, for det er jo ikkje så mange metrane i ei hundregramshespe. Men det er også det at det er kjekt å samle på tråden og samanlikne etterkvart som nye hesper blir ferdige. Likevel er eg klar over at det har liten hensikt å drive og spinne om eg ikkje skal bruke tråden, så no har eg "ofra" den blå hespa. Eg har strikka ein stjernehals, oppskrifta fann eg hos Ingrids ull og tull i oktober.

Det var forbausande greitt å strikke av tråden, eg frykta at han kom til å dele seg, men det var ikkje noko problem. Temmeleg ujamn tjukkleik må eg vedgå at det var, utan at eg synest det gjer så mykje for det endelege produktet.


No spørs det om eg finn nokon som toler å ha kløande ull rett mot huda, kanskje blir det eg sjølv som må bruke stjernehalsen:) Det gjekk ikkje med så mykje som eg hadde rekna med, så kanskje får eg nok til pulsvantar i tillegg.

tirsdag 29. desember 2009

Smi mens jernet er varmt

- Eller ski mens snøen enno ligg. Slik er det med oss øybuarane, vil vi prøve skia må vi vere snare når snøen har lagt seg på bakken.
Så medan Oslo-folket vårt sit i bilen på veg heim frå Sunnmørsjul, leitar brødreflokken fram det dei finn av skiutstyr og deler på det som best dei kan, slik at alle får prøve seg i skibakken.
Luca låner mamma sine ski,


Anthony må bruke Besta sine skisko, hans eigne er for små,


Oliver låner Mateo sine ski,


så Mateo må stolpre seg avgarde på Luca sine alt for lange plankar av nokre ski.


Men alle ser fornøgde ut når dei startar, så får vi sjå korleis humøret er når dei er ferdige med skituren:)

Å drikke jul....

...heitte det før i tida, den gongen det var vanleg å halde juleselskap for slekt og venner. Det var i slike høve vi møtte alle syskjenborna våre, helste på alle gamle tanter og onklar som fans i slekta, åt god mat og hadde julemoro og julefellesskap.
Det er lenge sidan den tradisjonen tok slutt.
Men behovet for treffpunkt er tilstades i våre dagar også. Eldstebroren min med familie gjorde nokre tapre forsøk på julefamilieselskap for nokre år sidan, men etter kvart var det berre å innsjå at vi var for mange til å kunne samlast i eit privathus.
I år tok vi konsekvensen av det og leigde oss eit selskapslokale. Der tromma vi saman store og små, frå mor på 86 år, via eit par kjekke tanter, til den yngste frøkena på ni månader, 60 personar vart vi til saman:)

Alle tok med litt mat og drikke, på den måten vart det eit overkomeleg arrangement for alle.



Dagen derpå sit eg her med ei kjensle av at dette var noko som bør bli ein tradisjon. Det var nesten litt gammaldags atmosfære over selskapet. Der var mykje god mat - like mykje god prat, leikande born og glade fjes.





Mateo kjem nok til å huske dette juleselskapet lenge, for han felte si fyrste tann, med god hjelp av onkel som har vore bort i slike ting før:)



Og når alle tek i eit tak med opprydding i etterkant, blir det ikkje så stor belasning på enkeltpersonar.

lørdag 26. desember 2009

NOEL - NAVIDAD



Eg klamrar meg fast og prøver å få til noko til bokstaven denne veka også.

Vi er ei internasjonal familie, eg føler difor at eg har god grunn til å låne
litt frå andre språk.

Ein svigerson er fransktalande, trass i at han har spanske foreldre. For han er det naturleg å seie "Noel" om høgtida vi er inne i, medan foreldra hans bruker ordet "Navidad".

Den andre svigersonen er engelsktalande, sjølv om han kjem frå eit afrikansk land.
Han har vakse opp med engelske juletradisjonar, i dag har han t.d. servert nydeleg kalkun med "sage and onion stuffing" til heile familien, vi var femten til bords:)
Og han syng gjerne dei tradisjonelle engelske julesongane, som
"Noel, noel, noel , noel, born is the King of Israel..."



Bidraget mitt denne veka er naturleg nok jul, uttrykt ved hjelp av engelsk, fransk og spansk.
Og så må eg sjølvsagt ha med nissen, ikkje heilt norsk han heller, ser det ut for, men dei tre minste i familia sette stor pris på at han tok seg tid til å stikke innom på julekvelden:)



Eg ønskjer alle som kikkar innom bloggen min fortsatt god jul - bon Noel - feliz Navidad.
Andre, meir kreative innlegg, finn du om du går via ABCtema til høgre på sida mi.

fredag 18. desember 2009

Bokstaven M i Abc-leiken



Det er mykje og mangt som kan vere tema denne veka, men sidan eg er så godt i gong med mat og tradisjonar, vil eg ikkje gi meg med det enno.
Til eldre eg blir, til meir interessert blir eg i mat som er vanleg i det området eg høyrer til, både til kvardags og til fest.
Ein rett som eg trudde var både gammal og svært lokal, viser seg å vere berre rundt eitt hundre år, og oppskrifta som den lokale slaktaren bruker kjem frå Mellom-Europa.
Retten eg tenkjer på er noko som vi alltid har på bordet julafta, i tillegg til pinnekjøtet, nemleg môr.
Môr er ei slags pølse som er laga av grovmalt kjøt, tilsett ein god slump spekk, krydra med ingefær, nellik og allehånde. I barndommen min var her tre slaktarar i bygda, og kvar familie hadde sin favoritt, særleg når ein skulle handle inn môr til jul. No er det berre ein slaktar att, tredje - eller fjerde generasjon, som trufast følgjer oppskrifta til beste- eller oldefaren sin.
Oppskrifta fekk den første slaktar Brudevoll fatt i ein gong keisar Wilhelm II var på tur langs Vestlandet.
Han hadde med ein heil stab av ulike yrkesgrupper ombord i skipet sitt, mellom anna eigne slaktarar. Når dei trengte kjøt, kjøpte dei heile dyr som dei slakta, og utnytta alle delar av. Den unge slaktaren, som seinare etablerte seg i Ulsteinvik, fekk vere med og hjelpe til når dei kongeleg kokkane skulle stelle kjøtet, og slik fekk han oppskrifta på den populære Brudevollmôren som mange berre MÅ ha til jul.

Dei siste åra har eg laga môren sjølv, det heiter å môre. Men litt juksing blir det, eg kjøper kjøtet ferdig malt, klar for krydring. Blandingsforholdet mellom dei ulike kyddersortane er litt tilfeldig, og eg må alltid slenge i litt pepar, sjølv om det ikkje høyrer med i oppskrifta. Så køyrer eg det gjennom kjøtkverna som blir påmontert pølsehorn for høvet. Vanlegvis er dette noko eldstejenta mi hjelper til med, men i år var ho sjuk og då måtte gubben sjølv trå til, så no har han stor tru på at denne årgangen av môr blir ekstra god:)



Til venstre på biletet er det svinekjøt / -môr, på høgre sida fårekjøt / -môr.

Andre M-ar eg kan presentere er mellomste jenta mi, Marte,


og jenta hennar, Marylin, som var glad og fornøgd Lucia sist søndag.


Vil du sjå og lese andre sine M-bidrag, finn du dei om du går via ABC-tema på høgresida mi. Eg får ikkje lage lenkje på bloggen min i dag, utan at eg forstår grunnen til det......

søndag 13. desember 2009

Alltid nokon som stiller opp:)

Så greitt er det å vere bloggar:) Treng ein hjelp, råd eller vink, så er det berre å spørje. Denne gongen var det Wigdis som kunne gi meg det rådet eg trengte, andre gongar er det andre som kjem med gode tips. Det var verkeleg på tide å gjere litt endringar på bloggen min. No er eg vel fornøgd:) Tusen takk til Wigdis!

I dag har eg baka dei finaste julekakene eg får til: Jordbærhjerter.
Oppskrifta er enkel, eg lagar deig til fylte kjeks:
200 g margarin
100 g sukker

Rør kvitt
2 egg
1 ts bakepulver
500 g kveitemjøl

Det er litt vanskeleg å berekne mjølet, så ver forsiktig med siste hundregrammet.
Deiga får kvile i kjøleskap ei stund før eg kjelvlar henne ut.
Eg stikk ut hjerta med to peparkakeformer, eit bitte lite, kanskje barnebakesett, og eit litt større.så må eg lage like mange av dei heile, store hjerta som av dei med hol i midten.

Steiketemp: 180 g, tid: 8 min for heile kjeks, 6 - 7 min for dei med hol i.

Når kjeksa er avkjølte, smør eg gelé på eine sida av dei heile kjeksa og legg eit med hol i over.
Eg lagrar kjeksa lagvis i kakeboksa med bakepapir mellom laga.

Eg bruker jordbærgelé frå Gode greier, bedrifta til nabojenta. Fin farge, ikkje sant? Men ein kan bruke bringebærsylte, ripsgelé, aprikosmarmelade, alt etter smak og behag.

lørdag 12. desember 2009

Eg treng råd!

Eg tenkte eg skulle gjere bloggen min litt meir vinterleg og fann ein fin bakgrunn som eg har lagt inn html-kode på. Så har eg endra fargar på resten av bloggen for at dei skulle passe til bakgrunnen, MEN........ Som du ser så står bakgrunnen og resten av bloggen min ikkje særleg i stil. Er det nokon som kan fortelje meg korleis eg blir kvitt den gamle, grøne bakgrunnen slik at den nye bakgrunnen forblir permanent, og ikkje forvinn etter fire sekund?

fredag 11. desember 2009

L

Eg er lærling på tredje året - i lefsebakarfaget. Det er ei langdryg læretid, spørsmålet er om eg nokon gong kjem så langt at eg kan kalle meg lefsebakarmeister. 
Saka er den at lefser, det er festmat, ein bakar ikkje lefser i tide og utide! Dermed blir det langt mellom kvar gong ein får øve seg i faget. 
Første året baka eg lefser til jul.
Året etter var det både konfirmasjon og åttifemårsdag i familien, i tillegg til jul, då fekk eg mykje bakeøving. I år har eg berre baka til jul igjen,
Det seier seg sjølv at på denne måten er sjansen til å bli utlært svært liten, men eg gir meg ikkje, eg set i gong å bake med like stor iver og optimisme kvar gong, og resultatet blir forunderleg likt - kvar gong: Gode, men litt for små, og litt for tjukke lefser.



Fornufta seier meg at eg bør konsultere ein garva lefsebakar og snappe opp eit råd eller to om korleis bake leiven tynn nok, men optimismen sigrar over fornufta kvart år: Eg skal nok få lefsene betre etter kvart. Difor sit eg her i år igjen med ein haug med gode, litt for tjukke lefser som familien heldigvis et og skryt av. Dei er ikkje betre vane, nemleg:) 



Eg må ta med kva som høyrer med til den sunnmørske lefsetradisjonen: SØST!
Eit langtidskokt mjølkeprodukt, basert på heilmjølk og kefir, tilsett sirup, krydra med kanel og anis, smaksett med rosiner, og jevna med kveitemjøl.
Søst fekk eg til å lage, utan oppskrift. Eg har eit vagt barndomsminne om byggryn i søsten, så eg gjorde eit forsøk med det i eine halvparten, og etter mi meining vart det akkurat rette smaken:)
Slik et vi lefser med søst på Sunnmøre:



I dag var siste barnehagedag før den 13. desember, difor var eg invitert på Luciafeiring i barnehagen til Oliver. Han var ein flott stjernegut og Besta var kjempekry over at han song så fint og huska tekstene på songane! Etter prosesjonen fekk vi kaffi, saft, lussekattar og julebakst. Mateo, skulegut, var med meg som publikum i år.

Lærling, lefser og Lucia er mine L-ar, sjå elles her  kva andre skriv på L.


fredag 4. desember 2009

Krydder

Eg heng framleis med i ABC-leiken til Petunia:



På denne tida av året er krydder viktig,
meir viktig enn elles.

Luktesansen er inngangsporten til mange gode minner knytt til advent og jul,
og då er det sjølvsagt dei særmerkte krydderduftene som har sett seg i naseborane:)
Krydder vi bruker  i kjøtmat, i bakst og i drikke: Ingefær, nellik, pepar og allehånde,
vanilje, kanel og anis.
I tillegg er krydder vakkert å sjå på, både når det gjeld form og farge. Sjå berre på stjerneanisen

Fin?


Eller nellik?

Akkurat no, i verste tentamenstida, med bunkar av svar som skal rettast og vurderast, treng eg litt kos.

Då gjer det seg å kome heim på fredagskvelden, bryggje seg eit krus  gløgg med mykje smak
- og sette seg ned i godstolen og nyte dufta frå kongerøykelsen som fyller heile stova:)


Trippelt K-bidrag frå meg: Krydder, kongerøykelse og kos. God helg!

søndag 29. november 2009

Tenk om

Tenk om vi steller oss slik at vi ikkje får oppleve dette:



Tenk om muligheita til å gå ut den kalde, friske lufta og nyte dei lette snøfnugga som dalar ned vert borte!


Tenk om den globale oppvarminga fører til at årstidene forsvinn!



Tenk om kvar enkelt av oss kan gjere vårt for å ta vare på den fantastiske planeten
vi bur på!

Ha ein fortsatt fin første søndag i advent.


fredag 27. november 2009

Juksar eg???

Ja, når eg vil ha J-lyden som min J i Abc-leiken?
J-lyden kan skrivast med ulike bokstavar, dermed gir det meg fleire alternativ å skrive om.

Hjerte
til dømes


.......... eller gevinst. I min barndom sa vi faktisk gevinst med j-lyd.
Kvifor eg absolutt vil bruke det ordet?

Jau, fordi eg er så heldig å ha motteke ein GEVINST denne veka:)
Eg gjetta nemleg rett i ein gjettekonkurranse hos Villmarkstausa, og her ein dag i veka låg gevinsten i ein brun konvolutt i postkassa vår.


Det er alltid gildt å få pakke, og denne her var skikkeleg gjev:
Tova veske til vinflaske (eg skal nok sørge for å putte i ei flaske med portugisisk vin til jul),
såpe som luktar av jasmin, badesalt med god lukt, og tre trebokstavar som skal få bli ein del av adventspynten her i huset og minne oss om kva høgtid som er rett rundt hjørnet.

Sånn, no har eg skrive j-lyden med ge, gi, gj og hj, så då er bidraget mitt levert. Vil du sjå andre j-ar klikkar du deg inn her.


søndag 22. november 2009

ULLTULL


Men - kva er dette? Spaghetti? Nei! Ulltull!

Eg har på kort tid vorte stjernekunde hos Spinnvilt, siste investering er spolestativ og jumbosett, dvs. stor spole med tilhøyrande venge for samantvinning av tråd.


No skulle det verte sving på tvinninga etter at eg hadde spunne tre spolar, ein heil kilometer, med vanleg norsk ull! Spolane vart plasserte på stativet, jumbosettet montert på rokken og Strikkebesta gjekk i gong med tvinninga.
Nytt problem: Rokkebandet av plast har utvida segslik at så snart eg får litt fart på hjulet så hoppar bandet av. Men eg er ikkje akkurat kjend for å gi opp med ein gong....
etter litt fundering fann eg ut at å lage eit åttetals-snar på bandet ville gjere susen. Og det gjorde det:) Tråden vart tvinna, jumbospolen vart fylt opp på rekordtid og tråden vart hespa opp på niddy-noddyen i same farta.


Men så: ULLTULL i det same eg tok hespa av niddy-noddyen! Noko liknande har eg aldri laga før!
Her var det berre å vaske hespa og få hengt henne i strekk snarast råd, tenkte eg.


Først når hespa hang der, dryppande våt, gjekk det opp for meg kva galskapen kom av:
Eg har lese meg fram til at trådane må tvinnast saman motsett veg av det dei har vorte spunne, noko eg samvitsfullt har passa på, også denne gongen...... men når det er snar på bandet, trer ei eller anna fysisk lov inn slik at vengen går motsett veg av hjulet, altså har eg tvinna ei tohundregramshespe feil veg! Kva gjer eg no? Strikkar med "bouclé-tråden" min? Tvinnar alt på nytt? Er det siste muleg, tru? Kaste heile hespa? Nei, er du gal?!



Etter ei slik oppleving gjorde det godt å kome seg ut i ver og vind - utsikta var god nok, trass i regnet, og clementinen smakte godt der eg sat i ly av varden:)


fredag 20. november 2009

INTERESSER, IDÉAR, INSPIRASJON OG IVER

Er du i tvil?
Bokstaven denne veka i Petunia sin

er I.

INTERESSA mi for strikking gjorde at eg leitte på INTERNETT etter IDÈAR og oppskrifter eg kunne bruke. På den måten vart eg INTRODUSERT for den forunderlege reisa inn i Bloggverda.

Her INNE gjer eg stadig nye oppdagingar og IDÈANE til medbloggarane mine gir INSPIRASJON til å prøve ut stadig nye INTERESSER:)

INTERESSER som fotoredigering - toving og filting - og IKKJE minst spinning som eg no prøver å lære meg med entusiasme og IVER.IVER heiter forresten vesleguten min, tjueåringen som eg kjenner eg saknar av og til etter at han flytta ut i haust for å skaffe seg vidare utdanning.