onsdag 30. september 2009

Når suget etter noko godt blir for sterkt

- og det kan like godt skje på ein onsdags ettermiddag, då er det greitt å ha vaffeljernet i nærleiken. Eg skal no helst halde meg unna all karbomat, men ein gong i blant er det greitt:)
Og dessutan så har eg både grov sammalt spelt, havrekli og store havregryn i røra.

Ho ser ikkje akkurat lekker ut, men vaflane som kjem ferdig ut av jernet smakar like godt som andre sine vaflar, forsikrar minstejenta på 16 år meg om! Ho er forresten svært oppteken av ein sunn livsførsel, og skal bli ernæringsfysiolog som ei av storesøstrene:!

Etter å ha sykla heim frå jobb i eit ofseleg regnver, unte eg meg sjølv og dei andre i huset ei kosestund med "sunne" vaflar og godt tilbehør: Kaffi, rørt sylte av blåbær og jordbær, vaniljekesam, og ein liten dæsj med piska krem... mmmm...

søndag 27. september 2009

So ro godt barn.....

....mor spinner blått garn....


Nei, dette handlar ikkje om å få eit barn til å sove, derimot handlar det om den nye interessa mi; spinning:)

I går var det tre veker sidan eg fekk handtein og fiber i hus, og i dag er eg ferdig med å spinne mi andre 100 grams-hespe.

Den første tråden spann eg av grå shetlandsull. Eg laga hespe ved å surre tråden rundt beina på ein kjøkkenstol. Omkrinsen rundt beina er litt over 170 cm, det vart 49 runder på den grå hespa, altså litt over 90 meter med totvinna tråd.

Så begynte eg på ei blanding av saueull og alpakka. I følgje ekspertar skal det vere vanskelegare å spinne av dette fiberet, som kom i hus som eit stort flak.

Då er det klart at eg er svært godt fornøgd med meg sjølv når eg fekk 101 runder rundt stolbeina av tolagt tråd, m.a.o. 170 meter, nesten dobbelt så langt som første hespa!

No spinn eg rein saueull igjen.... blå ....:)

I løpet av desse tre vekene har eg skaffa meg ein større handtein til å tvinne saman trådane på, eg har bestilt meir fiber- og enda ein handtein - og eg har begynt å kikke på rokk - hekta???

fredag 25. september 2009

ABC - eg heng meg med!











Etter å ha vore innom mange bloggar som har hatt flotte innlegg på kvar bokstav i alfabetet, har eg forstått at å delta kan vere både utfordrande og kjekt. No startar ny runde - og eg vil vere med:)
A er Aquaparc for meg i år. Eg hadde ein strålande dag saman med Alle dei fire gute-borneborna mine der sist juli.
Aquaparc ligg ved Genfersjøen utanfor Montreux i Sveits, tett ved grensa til Frankrike.
Eit Aquarike der du kan boltre deg i AquaAktivitetar dagen lang.
Fleire A-løysingar finn du om du går inn på denne lenkja

søndag 20. september 2009

Godverslaurdag:)

Vi har fått låne Mateo og Oliver heile denne helga. Då passa det ekstra godt at laurdagen starta med solskin:) Gutane er nokre skikkelege morgonfuglar, i motsetnad til Besta, men etterkvart fekk dei no liv i henne også.
Føremiddagen gjekk med til å plukke blåbær oppe hos naboane, dei dyrkar hageblåbær, og no har eg fått sjansen til sjølvplukk i buskene deira:)

Fangsten i går vart tre kilo med store, flotte bær, gjett om vi var fornøgde!
Etter handletur, som er obligatorisk for Besta, og risgraut til middag, som er obligatorisk for gutane, for vi på tur med båten.Dei måtte sjølvsagt ta seg kvar si rorvakt:)
Planen var å ta turen ut til Runde og sjå på eit bølgjekraftverk som er plassert der, men det var meir vind enn vi hadde rekna med så planane måtte endrast undervegs.


Det var stor stas for både Mateo og Oliver når vi gjekk mot bølgjene så sjøsprøyten stod over huset på båten og skvette oss skikkeleg ut når vi stakk nasa utfor døra:) Godt at ingen av dei vart redde eller sjøsjuke.
Denne laurdagskvelden lurte vi oss unna pizzaen: Hamburger var super erstatning for gutane, og vi besteforeldra laga oss biff med godt følgje:)
I dag var det gudsteneste, med utdeling av kyrkjebok til fireåringen Oliver, ei fin bok som han vart veldig glad for å få.

Til kvelden skal Besta fylgje dei heim til seg sjølve og putte dei til sengs der, foreldra og storebrødrene kjem heim seint i kveld, frå Norgescup i taekwondo i Moss.

mandag 14. september 2009

Juhuuu!!! Mi første hespe med tråd:)


På sjølvaste valdagen, når folk flest sit framfor tv-skjermen og følgjer med på kven som skal styre landet vårt dei neste fire åra, er eg berre oppteken av dei nære ting, snakk om å vere "navlebeskuar"!

Og dei nære ting, det er sjølvsagt tråden eg spinn. På ei god veke har eg spunne opp 100 g med shetlandsull, det vart fleire små nøster,


desse nøsta har eg så tvinna saman to og to til ein tolagt tråd. Det var ikkje noko enkel sak å tvinne den tjukke tråden på handtein, men tolmodet mitt strakk akkurat til:)
Den tvinna tråden nøsta eg opp til eit ganske stort nøste,

før eg surra han rundt stolbeina på ein kjøkkenstol.(må nok skaffe meg hespetre - eller garnvinne etterkvart)
Etter det eg har forstått når eg har kikka inn på bloggane til dei som kan å spinne, skal tråden vaskast før ein kan strikke noko av han. Det har eg no gjort.
Så skal han henge i strekk medan han tørkar, og så langt er eg komen i prosessen.


Som sagt så vart tråden temmeleg tjukk, og også noko ujamn, men det gjer ingenting - EG HAR FAKTISK LAGA EI HESPE TRÅD:)


fredag 11. september 2009

Knappeproblem


Den gode, varme ulljakka eg har strikka til Marylin har vore ferdig ei stund, bortsett frå at ho har mangla knappar. Eg hadde først tenkt at eg skulle finne nokre festlege hekter, men dei hekta som var i handelen her i bygda var ikkje akkurat slik eg hadde tenkt meg. Ikkje noko stort problem, knappeutvalet er i alla fall bra, og eg fann nokre knallsøte katteknappar i tre som eg glad og fornøgd tok med heim:)

Før eg kunne sy dei i jakka, måtte eg rekke opp eine knappestolpen og lage knapphol. Når det var gjort, sydde eg fast den første knappen med ulltråden eg hadde strikka jakka med.
Men kva skjedde med kattepusen då?

Han vart blinda!
Noko så trasig! Eg kunne då ikkje sende avgarde ei jakke med fire kattar som hadde fått bind for augene, vel?!
For å sitere mora mi: "Det er betre å vere raualaus enn rådalaus", så noko måtte eg finne på.
Eg leitte gjennom sytråden min i håp om å finne ein farge som passa med trefargen på knappane, det næraste eg kom var å blande lys beige og mørk brun.

No har eg sydd fast knappane, kattane ser ut som dei har fått briller, og eg tenkjer som så at det er i alla fall betre å gi dei briller enn å blinde dei, så no er eg bort i mot fornøgd:)

Det håper eg Marylin, som skal bruke jakka, også blir.

onsdag 9. september 2009

Målestasjon og dokumentasjon:)


Som foreldre / besteforeldre flest synes vi det er kjekt å følgje med i utviklinga og veksten til born og borneborn. Mannen min har hatt for vane å stille borna opp etter veggen og merka av høgda med blyant, han har vore nøye med å skrive dato og høgd, på den måten har det vore lett å følgje med kor mykje dei har vakse på eit år. Det han ikkje tok hødge for var at på veggen hang det vinyltapet som sakte, men sikkert begynte å løsne i skøytane. For mange år sidan fann ein liten tass av ein onkelunge som var på besøk eit punkt der tapeten hang laust, han tok eit godt tak i tapetbiten, og med ei rask handrøyrsle flerra han halve tapeten av veggen!
Dermed forsvann fleire års dokumentasjon på veksten til dei eldste borna våre, og vi fann ut at det nok var på tide å gi kjøkkenet ei aldri så lita opppussing.
"Målestasjonen" vart flytta frå veggen og bort til dørkarmen mellom kjøkken og vaskerom.
Her ein dag fann eg ut at dette er i grunnen godt bloggestoff, så eg tok med fotoapparatet bort til vaskeromsdøra for å forevige merka.Det eldste merket eg fann på dørkarmen er snart ti år gammalt, der er altså datere merke med høgda til born og borneborn over ei tiårsperiode.

Alle borneborna er målte minst ein gong, helst fleire.

Medan eg stod slik med fotoapparatet og knipsa, oppdaga eg det nyaste merket høgt oppe - merkeleg i grunnen, ingen av borna eller borneborna er så høge.

Dårleg lys og svekka syn gjorde at eg måtte ganske nær for å lese det som stod der:
Det viste seg at ein kamerat av tjueåringen vår også ville dokumenterast på dørkarmen, så der står høgde og namn oppskrive, datert til ein julidag i 2009:)


Ganske koseleg, spør du meg!

søndag 6. september 2009

Eg spinn!

Det finns mange spanande hobbyar, strikking er for meg avslapping og eg har mange strikkeplanar, men av og til får eg lyst til å prøve meg på andre ting også. Toving, td, både med utgangspunkt i strikka ting og med karda ull, har eg leika meg litt med, med blanda resultat:)
Her i bloggverda er det lett å bli inspirert av alt det flotte som blir laga, og noko av det som har fascinert og inspirert meg er Matildes rokk. Eigaren av denne bloggen spinn sin eigen tråd.Etter å ha rådført meg der, og fått adressa til nettbutikken Spinnvilt, låg det meste til rette for meg til å prøve å lage tråd.
I går kom pakken, der låg handteinen eg må ha, ein begynnar-handtein, den billegaste eg fann, ei bok som skal gi bra instruksjon til nybegynnarar, og ull!
Er du klar over kor mykje herleg som er å få kjøpt av den sorten? Rein ull i mange kvalitetar - og ullblandingar av forskjellig slag - mange fine fargar - så mykje fine trådar ein kan lage når ein berre kan spinnekunsten!
Eg starta fornuftig då eg skulle bestille ull og valde først shetlandsull, grå, så tenkte eg at eg må no prøve alpakka også, dermed vart det ei blanding av ull og alpakka, kvit, og så var der ei blanding som eg berre ikkje kunne motstå: Merinoull og tussahsilke! Kvit den også.

Kva tid eg blir god nok til å ta fatt på den, det anar eg ikkje, men eg har i alle fall gleda av å sjå og ta på ulla medan eg øver meg med shetlandsull:)

Korleis det går med spinninga? Vel, eg lagar tråd, ikkje er han så fin å sjå på, for tjukk og veldig ujamn, sannsynlegvis overtvinna så han kjem til å snurre seg når eg nøstar han av teinen, men det skal litt meir til for å ta motet frå meg:)
I dag tidleg stod eg, erklærte b-mennesket, opp minst to timar før vanleg søndagsfrukost-tid og sette i gong handteinen, eg hadde produsert mange meter tråd før nokon annan i huset vakna. Dersom iveren held seg oppe, eg bli flinkare etterkvart, og finn eg ut at dette er ein hobby eg vil halde på med, er neste steg å ta spinnekurs på rokk hos Spinnvilt i Lillehammer. Tida vil vise korleis dette utviklar seg.....

Elles har eg delteke i det årvisse "rypesleppet" her i bygda: eit mosjonsløp berre for kvinner. Tida vart ikkje noko å skryte av, men eg fekk meg ein trimtur rundt øya i følgje med folk eg ikkje snakkar med kvar dag - rett triveleg var det - i regnveret! Ser du rypa på tur?

onsdag 2. september 2009

Utfordring - saman med ein flott award!

På kommentarplass låg det ei lita melding om at Bestemor Drillo hadde noko til meg på bloggen sin. Nysgjerrig som eg er tok eg sporenstreks turen bortom for å sjå, og der fann eg denne stilige awarden:)
Sidan eg ikkje kan motstå utfordringar, passar det bra at eg skal skrive ti ting om meg sjølv før eg sender awarden vidare. Eg set stor pris på alle nye venner eg har fått i bloggverda, derfor kjem det ikkje til å vere vanskeleg å finne nokon å sende han til:)
Sidan eg kallar meg Strikkebesta er det vel ikkje så vanskeleg å gjette seg til at eg er ei retteleg kry Besta til 6 flotte borneborn og gjerne har eit strikk for hand når eg skal kose meg.
At det tok meg 19 år å få dei 5 borna mine
er det kanskje ikkje så mange som visste frå før.
I ein alder av 50 år begynte eg å lære meg spansk, og det har eg lyst til å bli betre på!!
Eg er glad i litteratur, men for tida har eg altfor mange uleste bøker i hyllene mine,(kan det vere blogginga som stel av tida mi?)
Eg er ei seriøs dame som er avhengig av humor i kvardagen! Elles hevdar mannen min at eg er frykteleg naiv, og det ser eg på som min BESTE egenskap:)
No håper eg at
Jorid i Jorids BestemorBlogg,
Stubbetufsa
Trollkåno i Troll og Ting
Villmarkstausa og
Nikoline på landet vil ta imot awarden og utfordringa, så blir vi enda litt betre kjent!